Refsnes krins
Refsnes krins på Stadtlandet i Selje kommune.
Ved krinsreguleringa i 1861 strakte Refsnes krins seg frå Årvika, Ormeteig, Ervika til Morkedalen. Det var då 36 elevar. Skulestove og kost skulle haldast fleire plassar: 8 veker hjå Rasmus Pedersen Aarevik, 8 veker hjå Anders Haldorsen Dalsbø og 8 veker hjå Hans Hansen Ervik. Tilsynsmann var Nils Ferstad.
I 1923 vart det avgjort at det skulle byggast nytt hus i Refsnes krins. Grendene Ervik og Indre Morkedalen søkte då om å få bli skuld ut til eigne krinsar. Dette vart avvist av skulestyret, men elevane i Morkedalen fekk seks veker særskule. I 1924 bygde grenda Ervik sjølv eit skulehus for småskulen i protest mot at den nye skulen i Refsnes krins vart for langt unna. Der heldt dei privatskule i nokre år. Den 15. september 1924 søker oppsittarane i Ervik om fritak frå skuleskatten til Selje kommune. Skulestyret nektar dei dette sidan delinga av Refsnes krins ikkje har skjedd på ein sakleg måte.
Skulehus
Refsnes gamle skule
- Byggeår: 1888
- Fungerte som skule: 1888-1924
- Anna bruksområde:
Refsnes skule
- Byggeår: 1924
- Fungerte som skule: 1924-
- Anna bruksområde:
Ervik småskule
- Byggeår: 1924
- Fungerte som skule: 1924-
- Anna bruksområde:
Ytre Stad grendaskule
- Byggeår: 1998
- Fungerte som skule: 1998-2014
- Anna bruksområde: blir i dag brukt som bygdehus med bla. bygdekino
Årvik skule
- Byggeår: 1925
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Andenes | Olina Margreta | 20.06.1895 | Nordstrand, Årvik, Refsnes og Honningsvåg skular | 1919, 1924 | Volda lærarskule 1919 | f. i Gloppen | |
Berstad | D. | 1860 | Morkedalen, Årvik, Ervik | 1871 | 1899 | Balestrand lærarskule 1870 | |
Vereide | Brita | 26.05.1907 | Røyset, Fure, Ervik | 1935 | Volda lærarskule 1934 | ||
Bjørndal | Magne | 01.05.1918 | Refsnes | 1947 | 1948 | Stord lærarskule 1947 | Hadde også div. lærarkurs |
Bruvoll | Georg | 14.10.1919 | Refsnes | 1945 | Nesna lærarskule 1942 | ||
Hjelle | Oskar S. | 01.10.1900 | Eltvik, Ervik, Drage, Kjøde | 1923 | Elverum lærarskule 1923 | Var innom Ervik skule eit par gongar | |
Honningsvåg | Brita | 26.05.1907 | Honningsvåg, Årvik | 1934 | Volda lærarskule 1934 | ||
Håvik | Herman | Ervik, Morkedalen, Nordpoll | 1944 | ||||
Håvik | Hans | 20.05.1904 | Refsnes | 1927 | 1929 | Var vikar først, men fekk stilling mai 1946. D.20.12.1946 | |
Kvalheim | Eldbjørg | 05.05.1917 | Refsnes, Nordstranda | 1941 | 1943 | Volda lærarskule | Måtte seie opp pga. sjukdom |
Molvik | Ragnar Andreas | Refsnes | 1945 | 1945 | Hadde ikkje lærarutdanning. Måtte slutte då han vart skada i "Romsdals ulukka" | ||
Refsnes | Rasmus Andersen | 1812 | Morkedalen og vikane på Nordvest-Stadtlandet | ||||
Vereide | Osmund | 06.02.1920 | Refsnes | 1949 | Volda lærarskule 1947 | ||
Vereide | Mathias | 22.05.1879 | Refsnes | 1900 | Volda lærarskule 1900 | Jobba også i Refsnes storskule i 1945 |
Foto
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Femårsmelding: Beretning om Folkeskolerne i Selje Skolekommune for Femaaret 1891-95. Sandane i Gloppen. Nordfjords Bog- og Accidentstrykkeri
- Edvard Os (1957) Selje og Vågsøy - Bygdene og Bygdesamfunnet.
Digitale kjelder
- Selje.info: Skulehistorie
- Allkunne: Skular i Selje
- Arve Åheim (2007) GeoAtlas: Skulane i Selje Kommune gjennom tidende