Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad (ISBN 82-90300-07-7) er ei bok som Valle kommunale bygdesogenemnd gav ut i 1983. Den er på 371 sider og inneholder tekster av Torjus Åkre, Tarald Nomeland og Juel Lund. Artiklane var skrivne med tanke på å vere grunnlaget for ei kultursoge for Valle kommune. Men då pastor Olav Kr. Strømme, som hadde lova å vere konsulent for ei slik kultursoge, døydde i 1979, vart ideen om ei kultursoge lagt på is. Ein fann likevel ei råd for å gje ut dei manuskripta som var komne inn, og dei vart samla i denne boka.
Bileta i boka er frå samlingane til Ingebjørg Vegestog Homme og Torleiv H. Bjørgum. Fotosamlinga etter Knut Jonsson Heddi er og nytta.
Innhald
Torjus Åkre
- Skulesoga
- Valle skulesoge 1740 - 1915 - 1915 - 1961
- Hylestad for seg 1915 - 1961
- Valle - Hylestad komne saman 1962 -1972
- Sætrum ungdomsskule 1963 - 1972
- Lærarar i Valle og Hylestad
- Lærarar ved Valle framh.skule 1920 - 1969
- Klokkarar i Valle og Hylestad
- Formenn i skulestyret
- Kyrkje og kristenliv i Valle og Hylestad
- Hylestad kyrkje
- Valle kyrkje
- Folkedikting i Valle og Hylestad
- Talemålet i dag mellom dei eldre og yngre i Valle og Hylestad
- Støylsbruk og heieslåtte
Tarald Nomeland
- Gardsnamna i Valle og Hylestad
- Sogenamna i Valle
- Grendeskipnaden i Valle
- Bygdemålet i Valle
- Nomelandskyrkja
Juel Lund
- Retsstellet
- Sorenskrivarar
- Lensmenn
- Tingstader
- Bodstikka
- Opphavet til namnet Setesdal (Setr.)
- Nomelandskyrkja
- Altartavla i Valle kyrkje
- Likferdsskikken i Valle
- Gamal tidsinndeling (øykter)
- Gamal vekt og mynt
- Det gamle norske vikingflagget
- Rettsstellet
- Kjeldetilvising