Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad (ISBN 82-90300-07-7) er ei bok som Valle kommunale bygdesogenemnd gav ut i 1983. Den er på 371 sider og inneholder tekster av Torjus Åkre, Tarald Nomeland og Juel Lund. Artiklane var skrivne med tanke på å vere grunnlaget for ei kultursoge for Valle kommune. Men då pastor Olav Kr. Strømme, som hadde lova å vere konsulent for ei slik kultursoge, døydde i 1979, vart ideen om ei kultursoge lagt på is. Ein fann likevel ei råd for å gje ut dei manuskripta som var komne inn, og dei vart samla i denne boka.

Bileta i boka er frå samlingane til Ingebjørg Vegestog Homme og Torleiv H. Bjørgum. Fotosamlinga etter Knut Jonsson Heddi er og nytta.

Innhald

Torjus Åkre
  • Skulesoga
    • Valle skulesoge 1740 - 1915 - 1915 - 1961
    • Hylestad for seg 1915 - 1961
    • Valle - Hylestad komne saman 1962 -1972
    • Sætrum ungdomsskule 1963 - 1972
    • Lærarar i Valle og Hylestad
    • Lærarar ved Valle framh.skule 1920 - 1969
    • Klokkarar i Valle og Hylestad
    • Formenn i skulestyret
  • Kyrkje og kristenliv i Valle og Hylestad
  • Hylestad kyrkje
  • Valle kyrkje
  • Folkedikting i Valle og Hylestad
  • Talemålet i dag mellom dei eldre og yngre i Valle og Hylestad
  • Støylsbruk og heieslåtte
Tarald Nomeland
  • Gardsnamna i Valle og Hylestad     
  • Sogenamna i Valle
  • Grendeskipnaden i Valle
  • Bygdemålet i Valle
  • Nomelandskyrkja
Juel Lund
  • Rettsstellet
  • Sorenskrivarar
  • Lensmenn
  • Tingstader
  • Bodstikka
  • Opphavet til namnet Setesdal (Setr.)
  • Nomelandskyrkja
  • Altartavla i Valle kyrkje
  • Likferdsskikken i Valle
  • Gamal tidsinndeling (øykter)
  • Gamal vekt og mynt
  • Det gamle norske vikingflagget
  • Rettsstellet
Kjeldetilvising