Eigarar av Jostedal kyrkje
Dette er ei liste over dei private eigarane av Josetdal kyrkje frå kyrkjesalet kring 1723 til kommunen fekk hand om den siste eigarparten i kyrkja i 1909.
I samband med reformasjonen la kongemakta alt kyrkjegods under seg. I 1720-åra vart så dei aller fleste landkyrkjene auksjonerte bort til private. Jostedal kyrkje vart òg seld, truleg i 1723.
År | Eigar(ar) | Merknader |
---|---|---|
Ca 1723-1726 | Henrik Nitter | Skøyte 11. august 1725 utferda til Nitters arvingar |
1726-1751 | Hans Wiingaard | Skøyte 2. november 1726 |
1751-1762 | Ole Anderson Åsen, John Erikson Nedrelid og Henrik Anderson Kreken | Skøyte
-, 22. juli 1751 |
1762-1785 | Otto Olson Grov | Skøyte 19. juli 1762 |
1785-1793 | Nils Larson Li og Erik Anderson Åsen | Skøyte 1. juni 1785 |
1793-ca 1833 | Johannes Asbjørnson Hus | Skøyte 3. juni 1793. Det er rimeleg å tru at kyrkja vart seld då Hus døydde i 1833 |
Ca 1850-1891/1909 | Hans Rasmussen Hellegaard og Tøger Larson Kruna | Sjå nedanfor |
Frå 1891/1909 | Jostedal kommune | Sjå nedanfor |
Etter Johannes Asbjørnson Hus vart det ikkje utferda skøyte på kyrkja, så det er uklart kven som har vore eigarar. Truleg har det vore noko ein ikkje kjenner til frå Hus døydde i 1833 til Hans Rasmussen Hellegaard kjøpte ein eigarpart. Det gjorde han truleg mellom 1844 og 1856 då han var eigar av Hellegård. Han åtte 11/12 av kyrkja, og den siste tolvdelen åtte Tøger Larson Kronen utan at me veit når han fekk hand om denne eigarparten. Det var fyrst etter at han døydde i 1909 at kommunen fekk kjøpt den siste parten i skifteoppgjeret.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 325. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 68-69.