Naustdal sogelag

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Naustdal sogelag held til i Naustdal i Sunnfjord kommune. Laget, som vart skipa 29. november 1990, gjev ut Sogeskrift for Naustdal. Naustdal sogelag «skal verne om og ta vare på minne frå fortida i Naustdal, slik at dei ikkje vert gløymde for ettertida».

I 2019 hadde laget 236 medlemmer.

Leiarar

  • Olav Stendal var leiar i interimstyret då Naustdal sogelag vart skipa i 1990.
  • Joar Stegane 1992-2002 (Jostein Sollid 1996)
  • Kjell Kloppstad 2002-2004
  • Jetvard Kalland 2004-2006
  • Inge Fitje 2006-2009
  • Per Storegjerde 2009-2013
  • Atle Kringlen 2013-2014
  • Olav Birkeland 2014-2018
  • Magne Naustdalslid 2018-

Hovudaktivitetar

Laget gjev ut Sogeskrift for Naustdal og tek vare på kulturminne. Sogelaget laga òg kulturminneløype for Naustdal kommune. Sogelaget og mållaget i Naustdal reiste saman med kommunen minnestein over Mons Litleré, som vart avduka 25. august 2019 på Sanden.

Publikasjonar

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).

Eksterne lenkjer