Alf Torp (1853–1916)
Alf Torp (fødd 1853 i Stryn, død 1916 i Kristiania) var språkforskar og professor.
Han vart cand.mag. i 1877 og dr.philos. i Leipzig tre år etter. Frå 1894 var han professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap på Universitetet i Kristiania. I 1890-åra arbeidde han særleg med lykisk, etruskisk og andre lite kjende språk. Sidan arbeidde han med dei germanske språka og gav ut Dansk-norskens lydhistorie (1898), Dansk-norskens syntax i historisk fremstilling (1900), Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (to bind, 1903–06, omarbeidd og omsett til tysk 1910–11) og Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding saman med Marius Hægstad (1909). I dei siste åra utarbeidde han Nynorsk etymologisk ordbok (1919, ny utgåve 1963).
Kjelder
- Galdal, Peder: artikkel i Norsk allkunnebok band X. Oslo 1966.
|