Ytre Fjærland krins
Ytre Fjærland krins var ein skulekrins i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune.
Krinsen omfatta dei veglause grendene i Fjærlandsfjorden, som til dømes Jordal, Lidal, Romøyri og Teigen. Frå 1957 vart krinsen slått saman med resten av Fjærland. Det vart samla skule for alle på Pålsneset i Mundal.
Skulehus
Skulen i Ytre Fjærland vart halden i ei rodestove på Lidal for 20 barn i år 1891-1900. Stova hadde eit «aftrædelsesværelse». Skulen var også delvis på omgang på denne tida.
Jordal skule
Det vart bygd skulehus i Jordal i 1901. Det vart halde skule i huset til 1957, då skulen vart flytta til Mundal.
Skuledagen
Skulevegen
Elevane vart skyssa med båt på Sognefjorden, mellom anna frå Lidal, Romøyri og Teigen. Dette var ein vanskeleg skuleveg, spesielt på vinterstid.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Laberg, Jon (1934) Balestrand - bygd og ætter, s184-199.
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
Digitale kjelder
- Starheim, Ottar, Allkunne/NRK Fylkesleksikon