Apalstovegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. nov. 2021 kl. 18:07 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Apalstovegen sett frå Sandoddvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Apalstovegen er ein smal blindveg i Tveitgrendi i Kviteseid kommune som går vestover frå Sandoddvegen til plassen Apalstoi heilt aust i Bandak.

Vegen er 770 m lang og har namn etter husmannsplassen øvre Apalstoi.

Det var to Apalstoi-plassas, ein nedre, under Brauti øvre (gnr. 30/1) og ein øvre, under Utbøen (gnr. 31/1). Om øvre Apalstoi skriv Olav Bakken i Gardssoga (s. 140):

Apalstoi er ein gamal plass. I 1801 bur husmann Gunnar Aslakson her ‏(36 år)‏ og Gunhild Halvorsdtr. ‏(21 år)‏. Der var brygge og stoppestad og gjestgjeveri i Apalstoi. Dei siste som budde der var Eivind og Susanne Apalstoi til 1929. No vert plassen nytta til hamn.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.39499° N 8.45696° Ø