Sandlandvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. nov. 2021 kl. 01:01 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Sandlandvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Sandlandvegen i Brunkeberg i Kviteseid kommune er ein blindveg som går austover frå Ordalsvegen i Sandlandsgrendi.

Vegen er ein dryg km lang og har namn etter Sandland-gardane.

Nær vegen står Endrekyrkja eller Kristkyrkja, eit stavkirkeinspirert kapell som Endre Sandland (1929–2016) og kona hans, Halldis, sette opp heime på garden Sandland. Det er 6 meter langt og 1,8 meter breitt og det skal ha plass til 20 personar. Ved sida av kapellet står ein støpul med klokke. Kapellet vart innvia av biskopen den 22. november 1968.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Norske kirker.net:Endrekirken


Koordinater: 59.45521° N 8.50205° Ø