Omførselshandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. mar. 2023 kl. 09:30 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (trenger kilder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen trenger kjelder.
Denne artikkelen bruker i utstrakt grad eksterne lenker i løpende tekst. Dette er ikke i tråd med standarden vi ellers bruker i wikien, se hjelpeside om interne og eksterne lenker.

Omførselshandel er eit eldre namn på oppsøkjande handel utanom fast utsalsstad. Etter opphevinga av handelslova frå 1.1.2000 er omførselshandel tillaten.

Historisk kjenner vi omførsel i form av skreppehandel, ved såkalte kramkarar som gjekk frå hus til hus og selde varer dei hadde med seg. Dette skjedde ofte i periodar av året då det var lite å gjera på garden og/eller i fisket. Kramkaren hadde soleis tid til å reisa rundt med varer han hadde laga sjølv på førehand. Omførsel var vanleg blant dei første jødane som kom til Noreg, og fram til 1950 ernærte rom i Noreg seg på tradisjonelt vis, blant anna gjennom kopparslaging og omførselshandel. Frå Nordland på 1700-talet kjenner vi også til at samar dreiv med slik handel, i tillegg til at dei selde varene sine på marknader i området.

Det var også ein stor omførselshandel frå jektene og borgarane som i utgangspunktet frakta varer mellom Bergen, Trondheim og Nord-Noreg. Slik handel var i stor utstrekning ulovleg.