Omførselshandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mann fra Fana ved Bergen, antatt skreppekar.
Foto: Marcus Selmer 1873.

Omførselshandel eller omfarshandel er eit eldre namn på oppsøkjande handel utanom fast utsalsstad. Etnologen Gunvor Trætteberg definerte denne handelstypen som "en enkelt person, en detaljist som reiser omkring og selv frakter og selger sine varer"[1].

Historisk kjenner vi omførsel i form av skreppehandel[2], ved såkalte kramkarar som gjekk frå hus til hus og selde varer dei hadde med seg. Dette skjedde ofte i periodar av året då det var lite å gjera på garden og/eller i fisket[3]. Kramkaren hadde soleis tid til å reisa rundt med varer han hadde laga sjølv på førehand.

Omførsel var vanleg blant dei første jødane[4] som kom til Noreg, og fram til 1950[5] ernærte rom i Noreg seg på tradisjonelt vis, blant anna gjennom kopparslaging og omførselshandel. Frå Nordland på 1700-talet kjenner vi også til at samar dreiv med slik handel, i tillegg til at dei selde varene sine på marknader i området.

Det var også ein stor omførselshandel frå jektene og borgarane som i utgangspunktet frakta varer mellom Bergen, Trondheim og Nord-Noreg. Slik handel var i stor utstrekning ulovleg.

Etter opphevinga av handelslova[6] frå 1.1.2000 er omførselshandel tillaten.

Referansar

  1. Trætteberg, Gunvor 1952. Omfarshandel. Skreppekarer, driftekarer og jekteskippere i Hordaland. Norveg 2. Side 103.
  2. Skreppehandel i Sel
  3. Skadsem, Morten 1983. Omsetning av skomakerprodukter på Nordmøre og i Romsdal. Dugnad 4-83.
  4. Omførselshandel blant dei første jødane i Noreg
  5. Livet blant romfolk i Noreg fram til 1950
  6. Handelslova blir oppheva