Josefine Aarbergsbotten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Josefine Aarbergsbotten
Foto: Norske skolefolk, 1952

Josefine Aarbergsbotten (fødd i 1905, Gaular kommune, død 25. juni 1981 i Førde) var lærar. Ho hadde eksamen frå Elverum lærerskole i 1928 og vart lærar i Avedal krins i Lavik i noværande Høyanger kommune. I Lavik vart ho med i lokalpolitikken og sat ei periode i edruskapsnemnda.[1]. I 1948 fekk ho lærarjobb i Vegusdal [2] i Birkenes kommune og i 1950 var ho lærar på Rimbareid skule i Fitjar kommune fram til 1966[3]. Dei siste åra budde ho i Viksdalen. Då Josefine var lærar i Avedal og i Fitjar fekk elevane premier i teiknetevlinga til Norsk teikne- og handarbeidslærarforbund, vekebladet Aktuell og Nasjonalgalleriet, i 1948 og i 1954.

Foreldra var bonde Ole Aarbergsbotten og Marta Bygstad[4].

Josefines elevar frå Rimbareid skule i Fitjar vann premie i den nasjonale tevlinga i teikning til Norsk tegne- og håndarbeidslærerforbunds og tidsskriftet Aktuell i 1954. Det var utstilling på Nasjonalgalleriet i samband med tevlinga. (Haugaland Arbeiderblad, 22.5.1954)

Kjelder

  1. Sogn og Fjordane 1948.01.23. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Agder Tidend 1948.08.31. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Gula Tidend 1966.02.08. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Norske skolefolk. Utg. Dreyer. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.