Syver Bræck

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. nov. 2023 kl. 07:29 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Syver Rasmusson Bræck (fødd i Skjåk 24. januar 1850, dødsdato og -stad ukjent) var tannlege, og før det m.a. handelsbetjent. Han emigrerte til Russland og/eller Finland, og ikkje så mykje er kjent av livshistoria hans elles. Som det heiter i ein særs knapp biografi i Norges tannleger 1929: «Hvis han lever bor han sannsynligvis i Finnland.»

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk, ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (1810–1871) og Lene Sylfestsdotter Bræk (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar.

Syver var nummer seks av ein syskenflokk på ni, fødde i tidsrommet 1837–1858. Desse syskena utmerka seg ved – etter tid og omstende – utradisjonelle val av yrke og livsbaner. Særleg slåande er at fire av syskena, deriblant altså Syver, utdanna seg til tannlegar. (Sjå oversyn i artikkel om systera Lina Breck.)

Vi kjenner ikkje til korvidt Syver stifta eigen familie.

Utdanning og yrke

Han tok norsk tannlegeeksamen i 1882, same året som den to–tre år eldre broren Hans. På eit bilete frå ei samankomst i den skandinaviske tannlegeforeininga i juli 1886 er Syver Bræck med, i likskap med dei tre andre tannlegesyskena. I namnelista til biletet er Syver markert som «Bræck, S.R. Egersund.» Det har ikkje lykkast å stadfeste praksisen i Rogalands-byen. Men vi har venteleg eit spor i ein annonse i Egersundsposten den 15. mai 1886, der ein «Tandlæge Brock» melder at han er komen til byen og installert på Hotel Jæderen.[1] Det blir også gjort merksam på at det berre skal vere eit kort opphald. Tandlæge Brock har da eit par gonger i løpet av vinteren og våren hatt små annonser om at han skal kome til byen.[2] Det er ikkje urimeleg å tru at «Brock» er feilskrive for Bræck sjølv om det står ukorrigert på trykk fleire gonger.

Referansar

Kjelder og litteratur