Nicolay Grevstad
Nicolay Grevstad (fødd 2. juni 1851 i Sykkylven og død 20. februar 1940 i Chicago) var ein norskamerikansk pressemann, politikar og diplomat. Foreldra var husmann og skreddar Karl Nicolai Simonsen og jordmor Birgitte Andersdatter Skjetlein. Grevstad vart i 1878 gift med Maren Martine Berger.
Grevstad budde i Sykkylven til han vart konfirmert. Etter konfirmasjonen var han nokre år handelsbetjent i Ålesund. Så gjennomførte han lærarseminaret på STord før han i 1872 reiste til Kristiania og byrja på Heltbergs privatskule. Han tok examen artium i 1878. Deretter studerte han jus ved universitetet i hovudstaden og vart cand.jur. i 1878. Etter ein periode som advokatfullmektig og som tilsett i Justisdepartementet vart han i 1880 tilsett som redaktør av Dagbladet, ei avis som var knytta til partiet Venstre. Han var ein trufast støttespelar for Johan Sverdrup, noko som bidrog til at han i 1883 måtte gå av som redaktør.
Nicolay Grevstad emigrerte i 1883 til USA. Han oppsøkte det norske kjerneområdet i Minnesota og vart journalist i den norskspråklege avisa, Nordvesten i St. Paul. Han heldt oppe kontakta med politiske vener i Noreg og han organiserte ei innsamling blant norskamerikanarar for det nystifta Venstre-partiet.