Melland fort
Melland fort er eit tysk kystfort frå 2. verdskrig, bygd i 1944. Fortet ligg ved Melland i Aure kommune.
Anlegget vart bygd med bakgrunn i fleire attentat mot små, isolerte fort (m.a. i Måløy). Målet var å halda oppsyn med Trondheimsleia. Det tyske namnet på fortet var Stützpunkt Melland (Støttepunkt Melland).
Teknisk informasjon
Støttepunktet bestod av jernbane frå Drageidet til til festningsanlegget (ca. 6 km), 8 kanonstillingar fordelt på to batteri (med tilhøyrande bunkerar i stein), fleire luftvernstillingar og ein del hus (m.a. lasarett og soldatheim). Anlegget vart bygd i skogs-og myrterreng.
Fortet i dag
Etter krigen vart batteria fjerna, men det er framleis mange synlege spor i terrenget etter kanonstillingar, jernbane m.m. I dag er fortet mykje bruka som friluftsområde. Foreininga Melland Forts venner har gjort mykje for å sikra bunkerar og andre synlege spor mot forfall. Det har vore arrangert fleire dugnader ved fortet. Resultatet av dette er m.a. veg for rullestolbrukarar, rasteplass og museum.
Kjelder og linkar
Kiplesund, Kenneth (2012): Melland fort, Kulturminneatlaset
Melland forts venner (2007 ?): Melland Forts Venner, Melland Forts Venner
Minneskrift for Aure og Stemshaug. Krigsåra 1940-1945.