Johan Ludvig Losting

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. sep. 2012 kl. 07:54 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: '''Johan Ludvig Losting''' (1801 - 1876) var fødd i Bergen, og er i dag hugsa både som målar og litograf. Han byrja karrieren som portretteiknar, men utdanna seg seinare til litog...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Ludvig Losting (1801 - 1876) var fødd i Bergen, og er i dag hugsa både som målar og litograf. Han byrja karrieren som portretteiknar, men utdanna seg seinare til litograf i Tyskland og stod for ei rekkje arbeid, prospekt og portrett. Til C. W. Boeck og D. S. Danielssen sitt store verk om spedalsk sjukdom laga han 24 kolorerte plansjer etter eigne akvarellar. Etter eit opphald i Paris 1850 illustrerte han også dei same forfattarane sitt verk "Hudens sygdomme" (1855-1862). Losting arbeidde også som teiknelærar, ornamentteiknar, teater-, dekorasjons-, fane- og altartavlemålar osv. Han har m.a. måla altartavla i Tysnes kyrkje (1868). Dei talrike landskapsskissene han har etterlate seg gjev gode og fine inntrykk frå dei mange reisene hans i inn- og utland. Han hadde òg ymse tillitsverv, og arbeidde såleis for å fremja kulturlivet i Bergen.

Kjelder og littratur

  • Store Norske Leksikon. Kunnskapsforlaget, 1997
  • Norges kirker. Hordaland, bind 2. Gyldendal, 2000.