Brukersamtale:Knut Rage

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Velkommen!

Velkommen ombord, Knut Rage! Om du ikke har tidligere erfaring med wikiarbeide, så er det lurt å begynne med å se gjennom siden «Hjelp:Om wikien» og å ta en titt via basismanualen eller oversikten over hjelpesidene. Den siste siden viser deg videre til hjelp om spesifikke tema. Ellers er det bare å sette i gang med skrivingen om lokalhistoriske emner, inkludert orienteringsartikler om tilgrensende fagfelt, som du har interesse og/eller praktisk eller teoretisk bakgrunn for å skrive om. Du kan se om andre har samme interesser, og eventuelt legge inn dine på siden der brukerinteresser og ekspertise er listet opp. Skriv gjerne noen ord om deg selv på din egen brukerside også — da er det lettere for alle oss andre å se hvem du er.

Om du skulle være vant til å arbeide på Wikipedia, så er det lurt å ha i bakhodet at lokalhistoriewiki.no skiller seg ut fra Wikipedia på mange måter. Siden wikien vår fremdeles er på betastadiet, så blir veien i stor grad til mens vi går. Lokalhistorikeres og andre lokalhistorieinteressertes erfaringer, tanker og forslag vil selvfølgelig tillegges stor vekt under prosessen. Lykke til! :-)

Velkommen ombord, Knut Rage! Om du ikkje har tidlegare erfaring med wikiarbeid, så er det lurt å begynna med å sjå gjennom sida «Hjelp:Om wikien» og å kike gjennom basismanualen eller oversynet over hjelpesidene. Den siste sida viser deg vidare til hjelp om spesifikke tema. Elles er det berre å setje i gang med skrivinga om lokalhistoriske emne, inkludert orienteringsartiklar om tilgrensande fagfelt, som du har interesse og/eller praktisk eller teoretisk bakgrunn for å skrive om. Du kan sjå om andre har same interesser, og eventuelt òg leggje inn dine eigne på sida der brukarinteresser og ekspertise er opplista. Skriv gjerne nokre ord om deg sjølv på di eiga brukarside òg — da er det lettare for alle oss andre å sjå kven du er.

Om du skulle vera vant til å arbeide på Wikipedia, så er det lurt å ha i bakhovudet at lokalhistoriewiki.no skil seg ut frå Wikipedia på mange måtar. Sidan wikien vår framleis er på betastadiet, så blir vegen i stor grad til medan vi går. Erfaringar, tankar og forslag frå både lokalhistorikarar og andre lokalhistorieinteresserte vil sjølvsagt bli lagt myje vekt på under prosessen. Lykke til! :-)

-- Olve Utne 19. mai 2008 kl. 11:30 (CEST)



Lokalhistoriewiki.no
Budstikka

Nr. 1, årg. 1 25. september 2008

 

Velkommen som medarbeider på lokalhistoriewiki.no!   Velkommen som medarbeidar på lokalhistoriewiki.no!
Mange nye har registrert seg, høsten er her med mer innetid og dermed er det på tide med et treff (kurs).   Mange nye har registrert seg, hausten er her med meir innetid og dermed er det på tide med eit treff (kurs).
Denne gang holdes kurset lørdag 11. oktober kl 9-16 i NLIs lokaler i Observatoriegt. 1 B (nybygget bak Nasjonalbiblioteket) i Oslo. Kursleder er Chris Nyborg. Kurset vil være praktisk, med vekt på ting dere støter på underveis i wikiarbeidet. Stikkord er layout, bildeopplasting og -lisensiering, kategorisering, maler osv. og det er rom for ønsker fra dere i dette. Mail gjerne Chris, eller skriv det nederst på siden der du kan melde deg på. Videre vil kaffe og te være innen rekkevidde i pausen, og det blir mulighet til å jobbe litt på egen hånd - med noen som ser litt over skulderen om ønskelig. Du kan også ta med ting du lurer på om det er enklere enn å beskrive dem med ord.   Denne gongen blir kurset halde laurdag den 11. oktober kl 9-16 i lokala til NLI i Observatoriegt. 1 B (nybygget attom Nasjonalbiblioteket) i Oslo. Kursleiar er Chris Nyborg. Kurset vil vera praktisk orientert, med vekt på ting de støyter på undervegs i wikiarbeidet. Stikkord er layout, bildeopplasting og -lisensiering, kategorisering, malar osv., og det er rom for ønske frå dykk i dette. Send gjerne Chris ein e-post, eller skriv det nedst på sida der du kan melde deg på. Elles vil det vera kaffi og te i pausen, og det blir mulegheiter til å arbeide litt på eiga hand — med nokon som ser deg litt over skuldra om du vil. Du kan ta med deg ting du lurer på òg om det er enklare enn å skildre dei med ord.
Datakapasiteten begrenser dessverre antall deltakere til ca. 30, men det kommer flere kurs (også andre steder i landet)! Selv om NLI har noen bærbare pc'er til disposisjon er det flott om dere som har mulighet for det, tar med egne bærbare pc'er. Det er trådløst nettverk i kurslokalene.   Datakapasiteten gjer dessverre at vi berre har plass til kring 30 deltakarar, men det kjem fleire kurs (inkludert andre stader i landet)! Sjølv om NLI har nokre berbare datamaskiner til disposisjon, er det flott om dei av dykk som kan, tek med eigne berbare datamaskiner. Det er trådlaust nettverk i kurslokala.
Ser frem til å møte dere!
Marianne Wiig, NLI
  Ser fram til å møte dykk!
Marianne Wiig, NLI

 


Diskusjonsforumet  |  Brukerinteresser  |  Hva er wikien ikke?

N47

Så bra at du fikk tak i mer informasjon - jeg håpet i det stille at det kunne skje :) Siri J 16. okt 2008 kl. 10:52 (CEST)


Sunnhordlandætter

Som du ser har eg lagt inn malen "trenger kjeldereferanser" øvst i artikkelen. Dette trass i at eg ser at du allereie arbeider med å betre artikkelen på dette punktet. Artikkelen er så tettpakka med viktige enkeltpåstandar om personar og omstende at det skrik etter fotnotar. Det gjeld ikkje minst på stader der det heiter slikt som "Det vert sagt at ætta sin stamfar heitte Gaut på Ænes..." (kvar blir det sagt?!), "Ein trur at ho har opphavet sitt heilt frå den Orm Ivarsson som er kjend frå borgarkrigstida i Noreg..." (kven er det som "trur" og kva byggjer trua på?) Mange stader er det openbert at opplysningane kjem frå t.d. Sverre-soga eller Håkon Håkonssons saga. Kvifor ikkje referere til desse med sidetal og det heile?

Det er veldig mykje spennande og interessant stoff i artikkelen, og av klår lokalhistorisk relevans. Men etter mi meining blir den litt skjemd av det eg ikkje kan oppfatte som anna enn ureflektert slektshistorisk entusiasme og fascinasjon ved det å kunne knyte nålevande personar biologisk til vidgjetne menn i sagalitteraturen. Det gjeld fyrst og fremst innleiinga ("Bakgrunn..." og "Frå adelsætt.."), som eg vil oppmode deg om å sløyfe. Kan du ikkje heller skrive litt innleiingsvis t.d. korleis du definerer "ætt" og kvifor det er relevant å kalle desse familiesambanda "Sunnhordlandsætter"? (T.d. at dei personane du skriv om hadde tilhald og/eller eigedom i distriktet osv.) Det blir nokså problematisk å hevde såvore som at "Mykje folk i Sunnhordland ætta frå denne Jon Gautesson og kona Elin Eriksdotter. Og somme av dei i ubroten mannsline heilt til no." Det gjeld ikkje berre vanskane med pålitande kjeldebelegg, men sjølve konseptet om avstamning. Dersom vi reknar tre generasjonar på kvart av dei 600-700 århundra som har gått sidan Jon og Elin levde, kan du rekne ut kor mange andre personar enn Jon og Elin det var som står i same genetiske forhold til ein nålevande etterkomar som dei?--Hans P. Hosar 9. mar 2009 kl. 11:41 (CET)

Takk for råd. Eg ser klårt at innvendingane har mykje for seg, og skal retta opp etter kvart - ikkje minst dette du peikar på som "omtrentleg". Det er ein relativt omfattande artikkel, med - som du skriv - svært mange påstandar - og eg freistar no å gå gjennom alt stoffet frå byrjinga ved å samanlikna fleire referansar. Samstundes har eg så langt ikkje funne direkte feil, berre suppleringar.

Onarheim

Hei Knut, artig artikkel! Jeg har gjort bittelitt wikilayout, og lagt til et årstall, som du kan se her. Grunnen til årstallet er at wikien ikke er en trykt publikasjon, men en som lever og når vi bruker uttrykk som "idag" kan det lett bli gale om et par år. En lenke håper jeg du kan se på sammen med meg: den jeg la til på tingplass (leksikon:ting). Her ville jeg ikke lenke mer spesifikt, siden vi ikke har noen artikkel om tingsted. Det kan være at fylkes- eller bygdeting passer bedre - og om du ikke vil endre, kan jeg gjøre det - bare du sier hvor lenken skal gå :)... Mvh Siri J 1. nov 2011 kl. 09:26 (CET)

Hei - Det er heilt greitt! Artikkelen er ikkje heilt ferdig, eg kjem med nokre mindre tilføyingar når det gjeld delen om gildet. Tanken er elles å skriva ein del i lokalhistoriewiki frametter.

Flott :) Jeg har puslet litt videre, og håper du ikke er uenig med meg :) Trengs gnr. tror du? (Og du kan lett signere/datere innlegg på samtalesider ved å trykke på den 9. knappen fra venstre over redigeringsvinduet Button sig.png).
Det er forresten en ting jeg stusser litt på i teksten, tror du ikke det er bedre å skrive uten "me"-form når det er for et leksikon? Mvh Siri J 1. nov 2011 kl. 09:52 (CET)
Hei Knut. Fin artikkel om Onarheim! Den er derfor forfremma til forsideartikkel på wikien. Har pirka litt på litteraturlista di, der jeg har satt forfatterne i alfabetisk rekkefølge, sortert på etternavn, samt satt boktitlene i kursiv. Hyggelig at du planlegger å skrive mer for wikie framover. PS! Artikkelen din om Anton Kr. Ødegaard blir ukas artikkel om en måned, altså i uke 48. Vel fortjent! Helsing Trond Nygård = Kallrustad 1. nov 2011 kl. 11:42 (CET)

Supplement

Som et lite supplement til brukersiden din opprettet jeg Bruker:Knut_Rage/Oversyn. Listene på den siden blir automatisk oppdatert når du oppretter nye sider eller laster opp nye bilder. Om nynorsken min er gal (oversikt - oversyn), håper jeg du sier ifra, så skal jeg fikse :) Jeg ville ikke legge lenken inn på brukersiden din, siden den i prinsippet ikke redigeres av andre enn brukeren selv ;) Mvh Siri J 1. nov 2011 kl. 10:09 (CET)

Ja, men det var flott! Det har for lenge sidan gått i surr for meg kva eg har skrive her,, så det er godt for meg sjølv å ha ei slik oversikt. G.nr og "me" skal eg sjå på.

No lurer eg på ei ganske anna sak: for nokre år sidan skreiv eg ein serie artiklar om prestar i Tysnes frå reformasjonen og fram til i dag. Artikkelserien vart seinare gjeve ut som eit hefte/bok (66 s.) Kan tenkja meg å leggja dette stoffet ut på lokalhistoriewiki, som ein samanhengande artikkel under namnet "Prestar i Tysnes". Frå og med midten av 1800-talet har eg bilete av samtlige, og elles ein del andre ill. Kunne det vera ein tanke? Det blir eit relativt stort prosjekt som kjem til å gå over nokre dagar før alt er på plass.

Skal jeg legge lenken til wikiaktiviteten din inn på brukersiden din også?
Prestene: Jeg synes det høres spennende ut, og har noen tekniske ideer som kan brukes slik at hver prest kan få sin artikkel likevel ;) Grunnen til separate artikler for hver enkelt er at det vil bli vanskelig/tungvint å lenke direkte til dem fra andre artikler, f.eks. når de også har stått i andre prestgjeld / sogn.
"Så kjem det eg itte kainn" (nok om :) ) - opphavsrett. Du er jo helt klart forfatteren her, men for sikkerhets skyld - vil du ta kontakt f.eks. med Ola Alsvik på NLI om dette? Han har jo lagt ut Lørenskog leksikons artikler, og er vel den på instituttet som vet veien rundt slike ting. Bare for sikkerhets skyld ;) Mvh Siri J 1. nov 2011 kl. 11:19 (CET)

Eg har teke kontakt med Ola Alsvik.

For ordens skuld, når det gjeld prestehistoria: eg er ikkje berre forfattar, men sit heilt klart inne med rettane til teksten, ettersom eg nytta honoraret for artiklane til å trykkja opp heftet som eg sjølv selde gjennom fleire år. Det blir då altså snakk om "eige forlag".

Bruk av bilete: eg er biblioteksjef i Tysnes kommune og har også ansvaret for den lokalhistoriske biletsaminga. Eg må såleis gje "løyve ti meg sjølv" for bruk av bilete. Me har elles den faste praksisen at alle som vender seg til biletsamlinga med spørsmål etter bilete, t.d. til bruk i årbøker, avis o.l. får bruka desse, berre dei gjev oss "credit" for bruken. Eg ser det heller ikkje som problematisk at bilete herfrå vert publisert på nett, det er vel heller på høg tid at dei kjem seg ut i verda - men for ordens skuld kan eg orientera rådmannen (min næraste overordna) om bruken.

Johannes Heggland

Bra! Artikkelen var konsentrert kring Johannes H. si verksemd som lokalhistorikar då eg skreiv teksten, men han er jo mest kjend som romanforfattar (historiske romanar for det meste) og eg skal føya til ei liste over dei skjønnlitterære verka hans. ~~ Knut R. ~~

Det var raskt reagert! Fint at du er nøgd med mitt "inngrep". Det var mest fordi at artikkelen slik den var redigert bestod av ein stor ingress, ei innhaldsliste og bibliografi. Da eg fyrst fekk for meg å setje inn mellomtitlar, var det greit å flette inn nokre fleire opplysningar også. Eg ser på nettet at du er Heggland-kjennar. Eg for min del vil gjerne vite meir om forfattaren som eg hugsar best for Folket i dei kvite båtane i laurdagsbarnetimen (ein gong for lenge, lenge sidan...). Eg skulle f.eks. gjerne visst kva parti Heggland representerte som kommunepolitikar? Og fint med liste over skjønnlitteraturen! Hans P. Hosar 1. nov 2011 kl. 15:04 (CET)

Ja, men då kan eg utdjupa Heggland-artikkelen. Eg kjende Johannes godt privat, og i dei siste leveåra hans hadde eg mykje med han å gjera. Eg har også laga ein nettstad om han, som eg i desse dagar oppdaterer til ein finare presentasjon. Johannes var på alle vis ein ruvande skikkelse, bortsett frå i det fysiske og når det galdt framferd - han framstod nok heller som litt smålåten og "kvardagsleg". Parti - he, ja det var personval i Tynes all hans tid som politikar, så parti var det ikkje snakk om. Men han var nok i det aller meste relativt konservativ. Eg kjem tilbake til denne artikkelen. Knut R. Knut Rage 1. nov 2011 kl. 15:15 (CET)

Skottehandelen

Hei Rage. Jeg vil gjerne F2-merke artikkelen om skottehandelen slik at den dukker opp på wikiens forside. Men før jeg kan gjøre det gjenstår ørlittegranne småplukk. Se på diskusjonssida for mer info. Godt jobba! Vennlig hilsen Marthe Glad 24. nov 2011 kl. 11:48 (CET)

Hei Marthe - Ja, men det var kjekt! Skottehandelen er eit emne eg har interessert meg ekstra for, og eg har også ved fleire høve vore på Shetland. Bilete - det må bli noko frå Lokalhistorisk arkiv i Tysnes, evt kombinert med bilete eg har teke sjølv - men slik arbeidssituasjonen er no får eg ikkje gjort noko med det før på måndag. Skal også laga ein fyldigare ingress. Knut Rage 24. nov 2011 kl. 12:04 (CET)
Storveis, - det har jo ingen hast. Gi beskjed når det er ordna, - så setter jeg på merket! Vennlig hilsen Marthe Glad 24. nov 2011 kl. 12:38 (CET)

Ja, no er ein fyldigare ingress og bileta på plass.Knut Rage 1. des 2011 kl. 16:08 (CET)

Bibliografier

Hei Knut Rage! Se gjerne på bibliografiene for Skedsmo eller Eiker Bibliografi for inspirasjon, - hvis du har tid og lyst. Jeg regner med å bli ferdig med de siste kommunebibliografiene før jul, de blir jo som "startpakker" hvor det bare er å fylle på med mer. Flott med Johannes Heggland-artikkelen! Vennlig hilsen Siri Rutledal Iversen 25. nov 2011 kl. 20:22 (CET)

Takk for tips! Kan også vera interessant ettersom eg planleggjer ei oversikt over artiklar i Sunnhordland Årbok 1914 - 2011 (der eg sjølv er noverande redaktør), dvs. ikkje så reint få artiklar som eg kanskje kan kategorisera etter emne i staden for kronologisk (?) Elles vert det kanskje litt som David og Goliat å samanlikna Tysnes med desse store bibliografiane, men absolutt interessant også for meg. :) Knut Rage 25. nov 2011 kl. 20:40 (CET)

Bildetekster

Heisann Knut Rage. Det blir veldig fint med alle bildene som har kommet inn i artiklene dine den siste tida. Det er veldig bra med så varierte bilder. Men husk på å skrive inn bildetekster, slik at det blir lett for lesere å skjønne hva de ser på. Jeg har satt på bildetekster i de artiklene jeg har kommet over, og om du lurer på hvordan en gjør det er det bare å herme etter det jeg har gjort der. (Altså: sett inn en langstrek inn i bildekoden, en sånn en: | og skriv bildeteksten etter der.) Om du bruker bildeknappen til å sette inn bildekoden, er det et eget "felt" for bildetekst Vennlig hilsen Marthe Glad 5. des 2011 kl. 13:21 (CET)

Hei - ok, det skal eg gjera. Eg er framleis "læregut" her inne, sjølv om eg kjenner at det går framover! Så dette blir mitt neste steg. Takk for råd og vink, kom gjerne med det. Eg vil bli sjølvhjulpen så snart som mogleg. Knut Rage 6. des 2011 kl. 10:06 (CET)

Aha! Som du ser gjekk det strålande! Alltid kjekt å læra noko nytt :) Knut Rage 6. des 2011 kl. 11:12 (CET)

Rage om Rage

Hei Knut. Vi har til nå ikke hatt som praksis at brukere har oppretta biografier om seg sjøl på wikien. I stedet har vi oppfordra folk til å legge ut informasjon på brukersida, noe også du har gjort. Er det greit for deg at du heller legger til mer her, og at vi foreløpig sletter den biografiske artikkelen? Hvis du f.eks. vil lenke til brukersida di, litteraturhenvisninger o.l., gjør du slik: Knut Rage, da vil nemlig bare Knut Rage bli synlig, akkurat som om du hadde lenka til en biografisk artikkel. Helsing Kallrustad 8. des 2011 kl. 10:28 (CET)

Hei - Ja, sjølvsagt. Eg var berre innom artikkelen om Sogeskrift for Tysnes og skreiv litt om dei personane som var "merka med raudt", og då syntest eg at mitt namn ikkje kunne bli ståande att. Stadig noko nytt å læra her inne! Då gjer eg slik du skriv. :) Knut Rage 8. des 2011 kl. 10:45 (CET)

Alt i orden Knut, håper du forsto oppskrifta ovafor, den ble bare delvis synlig etter at jeg hadde trykt "lagre". Du ser den med formateringstegn og alt når du klikker på "rediger". Helsing Kallrustad 8. des 2011 kl. 11:14 (CET)

Slette bilete?

Hei - Eg var litt uheldig med opplastinga av kvekergravplassen.jpg, fila var for liten. Ein betre biletfil er undervegs (saman med artikkel). Vil gjerne sletta opplasta fil. Er det mogleg å sletta eigne biletfiler? Knut Rage 28. mai 2012 kl. 21:07 (CEST)

Never mind, berre la det vera. Knut Rage 29. mai 2012 kl. 09:16 (CEST)

Dødsår

Hei. Da er dødsåret til den tidligere kraftverksjefen lagt inn. Helsing --Kallrustad 29. aug 2012 kl. 14:29 (CEST)

Todneset

Artikkelen inneheld nokre direkte sitat som eg skal leggja inn referansar til. --Knut Rage 6. okt 2012 kl. 18:33 (CEST)

Dei er no på plass! --Knut Rage 11. okt 2012 kl. 19:22 (CEST)

Får ikkje fram vising av bileta eg har lasta opp

Eg får ikkje fram vising av bileta eg har lasta opp - altså under brukaroversyn / opplasta bilete. Kan det ordnast opp i? Litt tungvint slik det er no. :) --Knut Rage 13. apr 2013 kl. 11:31 (CEST)

Ser at eg kan bruka opplastingsloggen min --Knut Rage 13. apr 2013 kl. 11:40 (CEST)

Om du ikkje får opp bileta, men berre filnamna, i loggen kan du bruke Spesial:Filliste/Knut_Rage. Den kan du komme til frå "Eigne bidrag" (øvst til høgre) og så "opplastingar", eller frå "Spesialsider" i venstremargen. Chris Nyborg 13. apr 2013 kl. 11:46 (CEST)

Ja, det hjalp! Lærar stadig noko nytt! Takk skal du ha, Chris :) --Knut Rage 13. apr 2013 kl. 11:56 (CEST)

MS Midthordland

Hei - Eg bomma litt på tittel på artikkelen om M/S Midthordland. Det korrekte skal altså vera skråstrek mellom M og S - M/S. Er det mogleg å få det retta? På førehand takk! Knut --Knut Rage 29. apr 2013 kl. 10:32 (CEST)

Da var det ordna! Mvh. --Aslak Kittelsen 30. apr 2013 kl. 13:01 (CEST)

Artikkel om Ole Myklestad

Står att å leggja inn referansar --Knut Rage 6. mai 2013 kl. 13:42 (CEST)

Endring av tittel på artikkel

Til artikkelen om Thomas Hermansen har det kome inn ein del namneforvirring. Thomas Hermansen nytta både Hermandsen og Hermansen (med og utan d), men den rette skrivemåten skal vera Hermansen, utan d. Hans far, derimot, skal ha namnet sitt skrive med d. Eg har retta dette opp i sjølve artikkelteksten, men fint om de kan retta tittelen til Hermansen utan d! Eg har også lagt inn ei lenkje til ei ekstern nettside, litt usikker på om eg gjorde dette rett (?) --Knut Rage (diskusjon) 26. okt 2013 kl. 16:56 (CEST)

Eg har flytta artikkelen - Thomas Hermandsen med d er nå ei omdirigering, så ein kjem til rett side same kva for skrivemåte ein nyttar. Eg endre óg litt på formateringa av kjeldane - men du hadde lagt inn den eksterne lenkja på rett vis. Chris Nyborg (diskusjon) 26. okt 2013 kl. 18:49 (CEST)

Johannes Tvedt

Hei Knut. Fin artikkel om Johannes Tvedt, lensmann, gardbruker og bankmann. Gjorde bare noen mindre endringer før jeg ga den kvalitetsstempelet F1. Ser også at han var kasserer i Tysnes Sparebank. Kanskje du kunne skrive et par setninger om Tvedt i den artikkelen også? Mulig det kunne lages en kort oversikt over kasserere i banken, under egen overskrift. Nå er disse litt gjømt under overskrifta "På flyttefot". Helsing --Kallrustad (diskusjon) 25. nov 2013 kl. 11:02 (CET)

Hei - Det skal eg ordna! Min neste artikkel blir elles om diktaren Jens Tvedt - og den lokale kunstnaren Jens Tvedt frå Tysnes. Litt usikker på korleis eg skal løysa dette med namnelikskapen - er det reglar på det som eg kan gå etter - t.d. tilføya "forfattar", "kunstnar" i parentes? --Knut Rage (diskusjon) 25. nov 2013 kl. 11:08 (CET)

Hei. Du kan t.d. skrive diktar eller kunstnar i parentes ja. Elles har me ofte fødsels- og dødsår i parentesen, t.d. Ole Olsen (1819-1912). Sparebankartikkelen er òg god, redigerte litt i den i stad.--Kallrustad (diskusjon) 25. nov 2013 kl. 11:14 (CET)

Hei igjen - Takk for god hjelp! Då kjem det meir - om både den eine og den andre Jens Tvedt. Skal gjera tilføyingar til sparebankartikkelen. --Knut Rage (diskusjon) 25. nov 2013 kl. 11:25 (CET)

Storetvedt

Hei Knut. Takk for at du følgjer med. No har eg lagt til dødsåret i artikkelen.

Er det elles lov å ønskje seg ein artikkel om Lokalhistorisk arkiv i Tysnes? Arkivet er nemnd mange stader på wikien, men vi manglar eit eige stykke. Helsing --Kallrustad (diskusjon) 1. sep 2014 kl. 14:31 (CEST)
Ja, det skal det nok bli ei råd med! :) --Knut Rage (diskusjon) 1. sep 2014 kl. 18:16 (CEST)
No er det artikkel, ser eg. Utmerka!--Kallrustad (diskusjon) 4. sep 2014 kl. 10:58 (CEST)
Ja, no kom du meg 10 sekund i forkjøpet, skulle just til å senda deg ei melding om det. No ser eg at Ernst Berge Drange også treng ein artikkel! Eg har skrive ein biografisk artikkel om han på allkunne.no, så eg får ta opp tråden att! --Knut Rage (diskusjon) 4. sep 2014 kl. 11:03 (CEST)
Ser fram til artikkel om Drange. Lukke til med arbeidet!--Kallrustad (diskusjon) 4. sep 2014 kl. 11:22 (CEST)
Hei igjen. No maser eg sikkert fælt, men er det mogleg å ønskje seg ein artikkel om Tysnes bibliotek òg? Helsing frå --Kallrustad (diskusjon) 17. sep 2014 kl. 10:01 (CEST)
Hei - Ja, det skal bli om både Drange og Tysnes folkebibliotek (der eg har vore sjef sidan 1998) så snart eg berre får ein roleg dag. Dei har det så langt vore litt for få av denne hausten. :) --Knut Rage (diskusjon) 17. sep 2014 kl. 14:13 (CEST)
Er vel ikkje mange rolege dagar når ein er sjef, nei. Ser fram til artiklar når du får stundar til det.--Kallrustad (diskusjon) 18. sep 2014 kl. 12:20 (CEST)
Då er altså artikkelen om Tysnes folkebibliotek lagt ut! --Knut Rage (diskusjon) 25. sep 2014 kl. 10:16 (CEST)


Flott artikkel, eit solid stykke arbeid! Illustrasjonane er også interessante. Kan eg flytte den fyrste av dei heilt fremst i artikkelen, eller har du tenkt å leggje ut eit bilete av sjølve biblioteket der?

Drange har det òg vorte artikkel om. Fine greier, kjekt å unngå raudlenker.--Kallrustad (diskusjon) 25. sep 2014 kl. 11:24 (CEST)

Ja, du kan berre flytta det fremst i artikkelen. Har elles fleire artiklar under arbeid som kjem utetter hausten. --Knut Rage (diskusjon) 25. sep 2014 kl. 12:05 (CEST)
Fint. Da gjer eg det. Ser fram til fleire artiklar; du har ein produktiv haust! Helsing frå --Kallrustad (diskusjon) 25. sep 2014 kl. 13:01 (CEST)

Sunnhordland

For tida jobbar eg med å laga ei oversikt over lokalhistorie og lokalhistoriske samlingar m.m. på nettsida til Sunnhordlandsbiblioteka www.sunnbib.no - dvs. dei åtte kommunane som utgjer Sunnhordland. Dermed har eg også teke til å oppdatera tilsvarande kommunesider på lokalhistoriewiki - så langt Bømlo og Etne som begge er merka med "spire-stempel". (Frå Etne jobbar eg elles med ein større artikkel om garden Øvstebø, som kjem seinare i haust). Eg skal sjå over dei andre kommunesidene også, etter kvart som eg jobbar med dei på sunnbib.no Her er det ein jobb å gjera, ser eg. Spørsmålet er kor mykje desse sidene skal oppdaterast om dagens forhold - dette er jo ein wiki som handlar om historie, og det er det eg har lagt vekt på - eller er det slik at "vesle spira ho lyt få stå" enn så lenge? --Knut Rage (diskusjon) 30. sep 2014 kl. 10:53 (CEST)

Bra jobba med Sunnhordlandskommunane! Eg fjerna spiremerket på Etne kommune og Bømlo kommune - det er mykje som kan seiast om ein kommune, men dette er meir enn nok til at vi ikkje lenger treng spiremerke. Sjølv om dette er ein historiewiki er det ikkje dumt å vere oppdatert om dagens forhold. Historia sjåast jo frå vår tid, og for den som ikkje kjenner ein kommune eller ei bygd kan det vere bra å få vite noko om korleis det er i dag. Og kva som er historie flyttar seg jo heile tida også, kvar gong noko endrast har noko blitt til historie. Vi skal ikkje vektleggje dagens forhold for mykje; dei som vil lese om det har andre stader å ty til - men vi bør ha med det som kan hjelpe lesarane å forstå kvifor ein stad er som den er, til dømes nedleggjing av arbeidsplassar, utflytting i seinare år, distriktstiltak for å avhjelpe utfordringane osb. Det er også eit poeng å beskrive dagens forhold som ein del av den historiske utviklinga - det er ikkje alltid så viktig for oss at det er ein industripark på eit nes ved sentrum om han vart bygd i går, men det er viktig om det er ein gammal fabrikk som vart nedlagt og så har vorte husvære for ny verksemd. Chris Nyborg (diskusjon) 30. sep 2014 kl. 11:13 (CEST)
OK. Vender evt tilbake til desse kommunesidene med oppdateringar. --Knut Rage (diskusjon) 30. sep 2014 kl. 11:38 (CEST)
Då har også artikkelen om Fitjar kommune fått ei lita oppdatering. --Knut Rage (diskusjon) 30. sep 2014 kl. 19:15 (CEST)

Holdhus kirke og kyrkje

Hei - Eg har nett lagt ut ein artikkel om Holdhus kyrkje i Hordaland. Her kjem problematikken bokmål/nynorsk inn. Ettersom namnet Holdhus kirke fanst frå før på wikien, valde eg å nytta denne forma som overskrift, men har heldt på kyrkje-forma i sjølve artikkelen. På Bruker: Siri Iversen/Diverse temaer er namnet Holdhus gamle kirke brukt, fint om det vert laga ein lenkje her. PS. Eg var til stades på det aller første møtet eit par hektiske dagar i Bærum 2007 (?) då tanken om ein lokalhistoriewiki vart kasta fram og raskt vart til ein realitet - allereie då var spørsmålet om nynorsk / bokmål oppe. Men eigentleg har det jo gått svært greitt, om ein berre innstiller seg på litt slak slalåmkøyring av og til. --Knut Rage (diskusjon) 27. okt 2014 kl. 12:00 (CET)

Hei Knut. Viss kyrkja offisielt kallast Holdhus kyrkje, og ikkje kirke, brukar vi nynorskforma. Eg kan uansett laga ei lenkje frå Siri Iversens side. Er Fusa ein nynorskkommune?--Kallrustad (diskusjon) 27. okt 2014 kl. 13:37 (CET)
Hei igjen - Ja, Fusa er nynorskkommune (som grovt rekna resten av Hordaland minus Bergen). Eg vil for min del synest det er mest naturleg med Holdhus kyrkje og ikkje kirke, det kjennest unaturleg. Men ver då obs på at det er eit par stader på wikien der forma Holdhus kirke er nytta. --Knut Rage (diskusjon) 27. okt 2014 kl. 14:41 (CET)
Den er i orden. Eg opprettar omdirigeringsside frå Holdhus kirke til Holdhus kyrkje, slik at alle lenkjene går til rett plass.--Kallrustad (diskusjon) 27. okt 2014 kl. 15:15 (CET)

Anna Vernøy

Hei Knut. Jeg har akkurat publisert en artikkel om Anna Vernøy, som opprinnelig var fra Tysnes. Hvis du veit mer om henne, må du bare føye det til! Helsing fra --Kallrustad (diskusjon) 10. des. 2014 kl. 11:19 (CET)

Hei - Eg kjenner ikkje til henne, men eg har ein "Reksteren-spesialist" i omgangskrinsen og skal høyra med han. Eg har tidlegare lagt ut ein artikkel om Cecelie Vernøy, det er godt mogleg at det er eit nært slektskap, det skal eg undersøkja. --Knut Rage (diskusjon) 10. des. 2014 kl. 11:56 (CET)
Takk, takk. Uansett moro at vi har flere med samme etternavn, viser at artikkelmengden på wikien begynner å bli stor.--Kallrustad (diskusjon) 10. des. 2014 kl. 13:03 (CET)
Ser dessutan at det manglar ein artikkel for Reksteren. Den er på veg! :)--Knut Rage (diskusjon) 10. des. 2014 kl. 14:44 (CET)
Gler meg! Fint med eit stykke om Reksteren.--Kallrustad (diskusjon) 10. des. 2014 kl. 14:50 (CET)
Hei - Har sjekka litt kring Anna Vernøy, men det er eigentleg ikkje så mykje å føya til - anna enn at eg har føyd til Ovidia i namnet og gards- og ættesoga for Tysnes der ho (såvidt) er nemnd. Ho er ikkje i slekt med Cecelie Vernøy. Men eg har fått tips om ein nevø som kanskje har eit bilete. --Knut Rage (diskusjon) 11. des. 2014 kl. 10:55 (CET)
Ikkje så lett å føya Ovidia til i namnet utan å rota alt til, så eg lot det vera. Iflg. gards- og ættesoga - som er ganske påliteleg - er altså namnet Anna Ovidia. L'en i folketellinga står såleis kanskje for Larsdtr (?) --Knut Rage (diskusjon) 11. des. 2014 kl. 11:05 (CET)
Hei. Da har eg satt inn Ovidia i parentes. Ser ut til at ho brukte berre Anna i "kvardagslaget". Moro viss du får tak i bilete!--Kallrustad (diskusjon) 11. des. 2014 kl. 11:45 (CET)
Og ja. L. er ganske sikkert Larsdatter/dotter, ser at dei andre syskna òg har L. i folketeljinga.--Kallrustad (diskusjon) 11. des. 2014 kl. 11:47 (CET)
Då er artikkelen om Reksteren på plass. :) --Knut Rage (diskusjon) 11. des. 2014 kl. 13:22 (CET)
Fint! Mange artiklar som lenkja til den, så all ære til deg. Flott med stykke om Gripne òg.--Kallrustad (diskusjon) 14. des. 2014 kl. 20:01 (CET)

Teknisk feil for Tysnes (og kanskje andre stader?)

Ser det har kome opp feilmeldinger på Forside:Tysnes kommune - Uttrykksfeil: Ugjenkjennelig ord «tysnes» og Mal-loop oppdaget: Nokså kjedeleg at det kom nett no, ettersom eg i desse dagar reklamerer for sida på ei Facebook-side med lokalhistorie frå Tysnes. Håper det går an å få fiksa det. :) --Knut Rage (diskusjon) 24. nov. 2015 kl. 08:59 (CET)

Hei. Diverre ikkje mitt spesialfelt, men eg sender spørsmålet vidare til kollega CHris Nyborg.--Kallrustad (diskusjon) 24. nov. 2015 kl. 09:21 (CET)

Ferdslevegen gjennom Uggdalsdalen

Hei - Ser det har snike seg inn ein "s" i tittelen til artikkelen om ferdslevegen gjennom Uggdalsdalen, som eg la ut i dag. Kan de luka den vekk? Det er samstundes lenkje til ein artikkel om Lundo på Myklestad, men det kan eg ordna sjølv. Kom elles i tankar om det ikkje heller burde stå "ferdselsvegen", det blir vel meir bokmål men heller ikkje galt på nynorsk, og det er vel det ordet som er mest alminneleg i bruk. Håper me får ordna opp i det! :) Mvh Knut --Knut Rage (diskusjon) 26. jun. 2017 kl. 15:36 (CEST)

Har flytta sida til Ferdselsvegen i Uggdalsdalen. Omdirigeringssida med den gamle tittelen med skrivefeil kan dermed slettast. Mvh Knut --Knut Rage (diskusjon) 26. jun. 2017 kl. 18:21 (CEST)
Det er fiksa :) Mvh Siri J 27. jun. 2017 kl. 14:04 (CEST)
Hei Knut, eg var så fri at eg gjorde litt wiki-puss på artikkelen. Som han er no, er det lett å komma fram til den når det vert gjort utplukk på framsider seinare. Prøvde med nennsom hand - er det ok? Mvh Siri J 27. jun. 2017 kl. 14:11 (CEST)
Hei Siri, ja no ser det bra ut! Takk skal du ha! Eg jobbar no med ein artikkel om sjølve Uggdalsdalen, så det skal bli meir utfyllande. --Knut Rage (diskusjon) 27. jun. 2017 kl. 19:29 (CEST)
Det var godt! Eg har nett samla saman litt informasjon for å få ein artikkel om geil, men den vantar eit bilete - sit du med noko som kan passe? Mvh Siri J 28. jun. 2017 kl. 15:13 (CEST)
Oja, eg ser at det er skrive både Uggdalsdalen og Ugglandsdalen i artikkelen - er det same dalen, eller to ulike? Den siste er raudlenka no. Mvh Siri J 28. jun. 2017 kl. 15:19 (CEST)
"Ugglandsdalen" er retta opp. Det kjem som sagt ein utfyllande artikkel her. Til artikkelen om geil har eg ingen direkte bilete, sjølv om eg har sett slike geilar i nærområdet, og ein veg her i Tysnes heiter framleis "kugata", sjølv om geilen i dag er vekke. Men eg fann dette biletet: Lars Vevatne f. 1889 og kona Marie f. Vines 1896 og einaste barnet Gerd, fotografert 1938, Tysnes i Sunnhordland. I bakgrunnen den gamle geilen til marka - steingjerde på eine sida, såkalla "stengle" i kløft på den andre sida, som stod på berre når dei jagde kyrne i marka. Såvidt eg veit var geiler som denne vel så mykje i bruk som dei meir "permanente" geilane.
Lars Vevatne f. 1889 og kona Marie f. Vines 1896 og einaste barnet Gerd, fotografert 1938, Tysnes i Sunnhordland. I bakgrunnen den gamle geilen til marka - steingjerde på eine sida, såkalla "stengle" i kløft på den andre sida, som stod på berre når dei jagde kyrne i marka.
Foto: Gerd Kaasa/Lokalhistorisk arkiv i Tysnes
.--Knut Rage (diskusjon) 28. jun. 2017 kl. 18:15 (CEST)

<marg>Detta er jo gama! Tar med meg bilete og forklaring over i artikkelen :) Mvh Siri J 29. jun. 2017 kl. 11:05 (CEST)

Supert! :) --Knut Rage (diskusjon) 29. jun. 2017 kl. 12:22 (CEST)
Satte inn eit "kan" i artikkelen din.--Knut Rage (diskusjon) 29. jun. 2017 kl. 12:34 (CEST)
Flott :) Dei he ein egen evne til å forsvinna når eg lagrar, dei små orda der... Takk! Mvh Siri J 29. jun. 2017 kl. 13:55 (CEST)
Oppdaga at etternamnet til Lars Vevatne var ramla ut i biletteksten til artikkelen om geil. Det er retta!--Knut Rage (diskusjon) 30. jun. 2017 kl. 10:03 (CEST)
Godt du passar på :) Takk! Mvh Siri J 30. jun. 2017 kl. 15:32 (CEST)

Bruk av bilete frå Wikimedia

Hei - Eg har skrive ferdig tre artiklar som alle heng saman med artikkelen om Onarheim, Tysnes i Sunnhordland: Pål Knutsson frå Onarheim, Kensingtonsteinen og Hjalmar Rued Holand (norskamerikansk historikar). Lurer på bruk av illustrasjonar, henta frå Wikimedia / Wikipedia. Kva regelsett held me oss til her på lokalhistoriewiki? Kan eg lasta det opp på vanleg vis, eller via ekstern lenkje? Det gjeld dette: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Kensington-runestone_flom-1910.jpg --Knut Rage (diskusjon) 3. jul. 2017 kl. 10:25 (CEST)

Hei igjen, fann ut av reglane for bruk av filer frå Wikimedia Commons på eiga hand. :) --Knut Rage (diskusjon) 5. jul. 2017 kl. 10:16 (CEST)
Det var flott! Da kan eg berre vise deg eit døme på eit bilde henta derfrå, med kreditering og alt slikt, Fil:Narvik brenner 1940.png| :) Mvh Siri J 5. jul. 2017 kl. 10:34 (CEST)

Endring av filnamn

Hei - Lasta nett opp eit oppdatert profilbilete til brukersida mi, men i farten fekk det ikkje eit unikt filnamn, så det vart lasta opp som Fil:Image.jpeg. Kan eg endra filnamn sjølv, eller kan de gjera det? Namnet mitt og portrettbilete el.l. (det er to frå før). Beklagar det, men slik går det når ein sit med ein iPad :) --Knut Rage (diskusjon) 17. okt. 2017 kl. 14:52 (CEST)

Da gjorde eg det for deg, Knut! Ikkje sikker i farten på kva for brukarrettar du har. Men trur du har høve til å endre filnamn sjølv.--Kallrustad (diskusjon) 17. okt. 2017 kl. 15:23 (CEST)
Har aldri vore aktuelt før, så eg har ikkje lært meg det. Men takk skal du ha! --Knut Rage (diskusjon) 17. okt. 2017 kl. 16:04 (CEST)