Gateskilt på Cille Gads plass i Bergen. Foto: Mads Iversen (2007)
Cille Gad (fødd ca. 1675, død 1711) var fødd i Bergen. I si samtid vart ho rekna mellom dei mest lærde kvinnene i Norden. I 1705 vart ho dømd til døden for barnedrap, men ho vart benåda av kongen.
Cille Gad var allereie frå barnsbein av eit språkgeni. Ho skal ha vore berre fem år då ho pløygde seg gjennom Absalon Beyer sitt store verk Norgis Rige - og som femtenåring snakka ho gresk, hebraisk og latin flytande. Ho dikta vers som sjølv ikkje Ovid kunne gjort meir elegant, vart det sagt. Og det blei òg sagt at ho kunne ha disputert med dei lærde herrar på universitetet i København om kva emne det skulle vera - og teke sin doktorgrad med glans. Om ho då altså hadde vore gut.
Like fullt levde Cille Gad eit tragisk liv. Då ho døydde fattig og elendig i København i 1711, 36 år gammal, hadde ho bak seg fleire år i fengsel etter å ha sona ein dom for barnemord. Eigentleg vart ho dømt til døden ved halshogging, men etter mykje om og men vart ho benåda – nettopp fordi ho var så lærd - «for hennes yndelige lærdoms skyld», som det heiter i bøna om benådning. Les mer …
Frå feltet med bautasteinar på Årbakka. Desse steinane er stilt om lag midt i feltet. Foto: Magne Ove Kleppe
Årbakkasanden i Tysnes kommune ligg ved Hardangerfjorden. Her finst eit gravfelt med bautasteinar datert til jarnalderen. Gravfeltet på Årbakka inneheld 23 gravhaugar, fem bautasteinar og to steinringar, og strekkjer seg over eit område på 45 x 110 m. Ein sjette bautastein ligg i dag i fjæra like ved, der den i lang tid har vore nytta som helle til eit båtnaust. Biskop Jacob Neumann granska staden då han i 1828 visiterte i Sunnhordland, og 19 år seinare fekk han ein kandidat Stuwitz til å teikna ein plan over gravfeltet. Denne trykte Neumann i 1846. Neumann sine «optegnelser» vitnar om stor antikvarisk og arkologisk interesse. Han har fått med om lag alle fornminna, og skildrar tilhøva for kvar einskilt, både steinane, steinringane, haugane og røysane. Dertil nemner han «skibshøier». Les mer …
Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.
Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso. Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845. Les mer …
Claus Pavels Riis med svoger og svigerinne.
Claus Pavels Riis (fødd i Bergen 19. februar 1826, død i Mandal på reise 8. oktober 1886) var forfattar, gardbrukar og hagebruksmann. Han var amtsgartnar i Søndre Bergenhus amt 1860-1864. Som forfattar er han mest kjend som representant for studentdiktinga i Christiania i 1840-åra, med viser og lette komediar som dei viktigaste uttrykksformene. Studentkomedien Til Sæters var fyrste gong oppført på Christiania Theater i 1850, og seinare mykje brukt som spelstykke i frilynde ungdomslag. Claus Pavels Riis er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år (1855-1882) på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “ proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland. Claus Pavels Riis hadde oppveksten sin i Bergen. Han var son av Boye Christopher Riis og hans fyrste kone Marianne Sophie Pavels. Faren var justitiarius ved Bergen stiftsoverrett. Morfaren var Claus Pavels, som var slottsprest på Akershus frå 1805 og biskop i Bergen frå 1817. Claus Pavels Riis gav seinare ut morfarens sjølvbiografi og delar av dagbøkene hans, noko som med seinare kompletterte utgåver har vorte eit sentralt kjeldemateriale til politiske tilhøve og kulturhistoria i tida rundt 1814. Les mer …
Tysnes kystlag blei stifta 1992, er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 70 medlemmer (2014). Båtrygging og bruk av robåt er laget sin kjerneverksemd.
Kystlaget har lokalar på handelstaden Årbakka i Tysnes kommune, der det har vore handelsstad med krambu og postopneri frå slutten av 1800-talet og fram til 1960 då verksemda vart nedlagt. Laget leigar det midtre huset der, i fyrste etasje har kystlaget eit slags museum, det er det motorar og ymse sakar frå heilt til bake til seglskutenes tid og i andre etasje har møtelokal. På kaia ved Flakkavåg ligg eit båtbyggjeri som kystlaget leiger til båtbyggjarkursa sine. Med Harald Dalland (1945 - 2014) i spissen har kystlaget arrangert kurs sidan 1995, og det har i alt vorte bygd om lag 50 båtar. Les mer …
Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).
Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.
Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå om lag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva. Les mer …
|