Tysnes gamleheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette biletet er frå eit av dei aller første åra etter at Tysnes gamleheim opna i 1952, og dersom det er fulltalleg tel me 16 bebuarar. Framme frå v.: Marie Hillesvik, Anna Vermedal, Torgeir Gjøvåg, Ingrid Hansen (far hennar er også med på biletet, heilt bak), Eli Håland og Jonette Hollekim. Bak frå v.: Anton Brattetveit, Jørgen Blindheim (han var frå Møre og truleg ein av dei som tidlegare hadde vore "utplassert"), Olav Vernøy (delvis skjult), Anna Leitesvik, Anna Fjellsbø, Lars Hagestad, Isak Hansen, Herborg Siglevik, John Hauge og Knut Gjerstad. Tilsette frå v.: Anna Lid (kokke), Judith Myklebust (styrar), Klara Sandsøy og Karoline Glittenberg
Foto: (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Tysnes gamleheim var i drift frå 1952 til fram på 2000-talet, då institusjonen vart gradvis avvikla.

I åra etter krigen vaks tanken om ein heim for eldre fram i Tysnes kommune i Sunnhordland, og Tysnes Gamleheimslag vart danna. At gamleheimen skulle koma til å bli bygd på Hovland (Tysnes kommune) hadde mest med tilfeldige omstende å gjera. Det vart slik at Tysnes Gamleheimslag overtok den staselege gamle doktorbustaden som vart bygd av distriktslege Halvor Gjestland (1838-1907), som fekk skøyte i 1880. Her sette han opp ein bustad som ikkje stod tilbake for dei tradisjonelle patrisiarhusa som rikfolk i Bergen gjerne bygde som "lyststeder" utanfor byen, bortsett frå at doktorbustaden vart gjort endå større. I første høgda var det ikkje mindre enn tre stover. Ein glasveranda vart bygd på framsida, som vendte ut mot hagen. På baksida var det to inngongsdører, den eine til kjøkenet.

I 1950 fekk Tysnes Gamleheimslag skøyte på huset og eigedomen av dåverande eigar Tysnes herad, og to år seinare vart Tysnes gamleheim offisielt opna. Dei første bebuarane kunne flytta inn i heimen.

Skambelagt

Ikkje alle av dei som budde her fekk plass fordi dei var gamle. Nokre var også såkalla mentalt tilbakeståande pasientar, eller "åndssvake", som ein sa den gongen. Elles vart det på denne tida bygd sentralinstitusjonar for psykisk utvikingshemma, men før den tid budde dei som oftast hos familie eller vart "sett vekk" ymse stader. På slutten av 1800-talet hadde ein t.d. også "galningehusa" på Midtvåge som det heitte på folkemunne, i nærleiken, der ein tok imot psykisk sjuke pasientar. "Fattighjelpa" var også sterkt skambelagt. Og det var gjerne slik ein såg på dei som budde på gamleheimen i byrjinga.

Men først og fremst var Tysnes Gamleheim for folk som trong ro og kvila etter eit langt og strevsamt liv. Det kunne vera heimvende norskamerikanarar eller gamle sjøfolk, eller andre som hadde bruk for ein stad å bu når familie og slekt ikkje kunne (eller ville) ta seg av dei. I byrjinga hefta det seg som nemnd oftast skam ved å bu på gamleheimen, fortel Ernst Berge Drange i gards- og ættesoga for Tysnes. Ikkje minst ved det at "vanlege" gamle kom saman med personar ein gjerne sette i samband med "galningehusa". Men dette endra seg etter ei tid, då også "betre folk" søkte om plass der. Og ein ekte heim, det var det - heimsleg og triveleg, utan den "institusjonskjensla" ein finn på dei meir moderne sjukeheimane.

Det var ikkje straum tilkopla huset, men alt eletrisk anlegg var gjort ferdig i påvente av at lokale kraftliner skulle byggjast ut, så det gjekk i vedfyring og parafinlamper. Men det var ikkje utan vidare parafinlamper på romma til bebuarane. Den første mannen som budde der, John Hauge, visste råd. Han reiste heilt til Sande i Vestfold og fekk låna ei parafinlampe til rommet sitt.

Tilsette minnast

Då ovanståande bilete vart presentert i Facebook-gruppa Tysnes før i tio var det mange av medlemmane som skreiv i kommentarfeltet. Ei av dei var Turid Johanne Hovland. - Ja der var det alltid koselig, minnest ho med ein smilefjes. - Eg vaks opp som næraste nabo, og me var mykje der borte og fekk med oss atmosfæren der. Veldig gode minner, skriv ho.

Også Jorunn Landmark vaks opp her. - Me gjekk på besøk og snakka med og song for dei gamle. Fekk og vera med å hjelpa til med å bera rundt mat til dei som ikkje gjekk til bordet, fortel ho.

Ei som mange hugsar er Marie Hillesvik, som sit heilt til venstre på biletet, med kvitt forkle. Ho strikka sokker i mengdevis som ho gav bort, og var også flink med å sy hardangersaum. Marie hadde fast jobb med oppvasken. Fleire hugsar dei mange gode repikkane hennar.

Også Klara Flygansvær, som var tilsett ved gamleheimen frå byrjinga og den gongen heitte Sandsøy til etternamn (ho er med på biletet), har mykje å fortelja frå denne tida. - Fantastisk arbeidsplass, me hadde det alltid kjekt i lag, både bebuarar og betjening, fortel ho. - Det var heimsleg og koseleg på alle måtar. Mange gode minne frå den tida!

Ei som jobba på gamleheimen i svært mange år var Jenny Tveit. Ho byrja å arbeida der då gamleheimen var nyopna tidleg på 1950-talet. Ho slutta i 1980, etter over 25 år. Heilt frå starten var Sverre Hovland vaktmeister ved gamleheimen. Han var utlært møbelsnikkar, og det kom nok godt med å ha ein nevenyttig mann på huset. Han arbeidde som vaktmeister frå 1952 til han gjekk av med pensjon i 1987, sidan 1973 rett nok tilsett i halv stilling.

I byrjinga var Judith Myklebust styrar. Randi Drange som var styrar i seinare år må sjølvsagt ikkje gløymast. Ho kom frå Hardanger. Andre som kan nemnast er Jenny Døssøland og Martha Kaldafoss, men som det heiter - ikkje nemnd, ikkje gløymd. Det same gjeld dei mange som i kortare eller lengre periodar har arbeidd på gamleheimen og skapte ein god og triveleg atmosfære der som alle i dag hugsar med glede og takksemd.

Etter mykje om og men vart drifta til slutt avvikla. Ein spittter ny og moderne sjukeheim er bygd i Uggdal. I dag (2019) står huset på Hovland tomt og skal seljast.

Kjelder

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 4. Utg. Tysnes sogelag, 1991.
  • Kommentarar henta frå kommentarfelt i Facebook-gruppa Tysnes før i tio