Uggdalseidet

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Uggdal)
Hopp til: navigasjon, søk
Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.

Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso.  

Namnet Uggdalseidet

Kyrkjevatnet i Uggdal. Kolorert postkort frå ca. 1900.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845. Det første postopneriet i Kyrkjebygdo fekk såleis namnet Møklestad-eidet. I 1903 vart namnet endra til Opdalseidet, etter soknet, sjølv om det var ukjend i munnleg form. Det hadde samanheng med at ein på den tida ønskte ei einsretting på nemningane for post-, telefon- og dampskipsstoppestad. I 1933 vart namnet Opdalseidet endra til Uggdal i tråd med den munnlege uttalen av soknenamnet.  

Framvoksteren av bygdesenteret

Myklestad ca. 1930. Postkort laga av fotograf Røvde i Rosendal.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Myklestad i Uggdal har sidan mellomalderen vore ein sentral kyrkjestad på Tysnes. Her står Uggdal kyrkje.

Framvoksteren av bygdesenteret kan førast tilbake til byrjinga av 1600-talet. På den tida var det gode kår for skogbruket i Tysnes, som elles i Sunnhordland, ikkje minst takk vera Eiaelvo som hadde eit av dei beste fossefalla i prestegjeldet. Det førte til utskiping av tømmer i stort omfang, særleg til Skottland og øyane i vest, ikkje minst Shetland. På byrjinga av 1600-talet gjekk sagbruk og 2-3 kvernbruk for fullt store delar av året. Men etter kvart som skogene vart snauhogde, vart det dårlege tider for folk flest.   Busetnaden var spreidd og ikkje særleg stor. På Se-sida av elva låg det ein handels- og gjestgjevarstad, kalla Bekkjareie, og på andre sida av elva hadde ein bergensborgar etablert seg som skreddar. På nordsida av Eiasjødn stod det alt fleire sjøhus. Dei første nausta til folk i Uggdalsdalen må ha vore på plass.

Det budde minst 2-3 huslydar nede på Eie i første delen av 1600-talet, like mange som i storstova på Myklestad.   Sagbruket på Eie vart nedlagt i 1640-åra. Handelsaktiviteten på Se-sida av elva byrja å ta slutt og vart avvikla på byrjinga av 1700-talet. Bruksdelingsprosessen i prestegjeldet skaut fart frå 1650-åra av, og kvar husstand fekk mindre og mindre å leva på.  

Perioden 1870-1910: Ny økonomisk oppsving

Postkort frå Opdalseidet ca. 1900.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Den nye økonomiske aktiviteten landet opplevde frå kring 1850 fekk også verknader for gards- og grendesamfunna i Tysnes. Det var særleg den såkalla Nordlandsfarten som førte til ein ny giv i økonomien dei siste tiåra av 1800-talet. På Eiavikjo låg det på det meste - på byrjinga av 1890-åra - 14 Nordlandsfartøy: galeasar, jakter og sluppar. Og bortetter landet kunne det liggja jaktefartøy i mest kvar ei vik.

I 1870 kom det ein landhandel på Noraeie, altså på Myklestadsida av elva, og ca. 1890 kom det ei konkurrerande verksemd tett ved. HSD etablerte stoppestad for dampbåten.

«Møklestadeidet» postkontor vart etablert 1884 med tilhald heime i tunet på Myklestad. Telefonstasjon vart opna i 1899. Handelsmennene på Eie dreiv òg bakeri.   Kvernbruka i Eiaelvo var i samanhengande drift gjennom hundreåra. Kornproduksjonen i soknet var aukande. Dei som ikkje hadde flaumkverner eller berre utilstrekkelege slike, fekk male kornet på Eie. I 1931 vart det bygd eit moderne møllebruk med kraftverk.

I 1860-åra sette oppsitjarane på Myklestad opp sagbruk i Eiaelvo. På byrjinga av 1900-talet fanst det to sagbruk ved elva.

Uggdalseidet som kommunesenter

Tysnes sparebank i 1963.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

I 1910 stod Tinghuset ferdig reist på Myklestad. Her fekk samstundes Tysnes Sparebank lokale, og noko seinare Uggdal Handelslag. Loftshøgda i huset vart mykje nytta til møte og festar, m. a. av Opdal Ungdomslag. Då var kommuneadministrasjonen allereie etablert i bygda, etter at heradshuset var flytta frå Tysnesbygda på byrjinga av 1900-talet. Men bygdestriden om kvar kommuneadministrasjonen skulle liggja fall likevel ikkje heilt på plass før det nye heradshuset vart bygd 1973-74.

Eit anna offentleg bygg som vart reist på Myklestad denne første tida var doktorbustaden, i 1918. Det første fastskulehuset i krinsen vart elles sett opp på Reiso i 1896. Lensmennene i Tysnes heldt hus i privatbustader på garden To frå 1918 til omlag 1980. Såleis vart dei fleste offentlege funksjonane samla på gardane Myklestad/To.

I 1959 stod Tysnes Sparebank sitt nybygg ferdig reist, med lokale for Uggdalseidet telefonstasjon. Same år fekk bygda også sitt eige grendahus, tilhøyrande Opdal Ungdomslag. I 1970-åra fekk bygda fleire nye offentlege bygg - sentralskulen for Uggdal sokn, vigsla 1971, og nytt kommunehus med tilbygd postkontor i 1974. Ny sjukeheimen stod ferdig 1979. Omlag samstundes vart huset til handelslaget bygd på, m. a. med lensmannskontor. I 2002 brann kommunehuset og vart oppattbygd, no under namnet rådhus.   

Handel, industri og bustadbygging på 1900-talet

Hsd-garasjen i Uggdalseidet på 1950-talet.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

I 1919 tok Nils Støle til med ei meir profesjonell smedverksemd oppe på Eie. Her dreiv Nils som smed heilt fram til kring 1960. I tillegg dreiv han med skyssverksemd. Smia er i dag gjort om til eit lite museum i regi av Tysnes Kulturminnelag.

Dei eksisterande handelsmennene nede på Eie fekk konkurranse i 1917 då Uggdal Handelslag opna utsal i tinghuskjellaren. Folk oppe i bygda slapp dermed å gå heilt ned på Eie for å få tak i dei varene dei trong.

Etter krigen skaut bustadbygginga fart. Samlinga av hus frå den tida går i dag på folkemunne under namnet Øvregaten. Her vart det såleis opna ein daglegvarebutikk i 1954, den femte butikken på Uggdalseidet. Ein viktig føresetnad for utbygginga av Uggdalseidet etter krigen var etableringa av Bergen Canning Co. sin hermetikkfabrikk i 1946, på Myklestadsida av elva. Fabrikken var i drift fram til kring 1960, med ein stor arbeidsstokk, mellom desse ein god del kvinner. Frå 1971 har A/S Pyrox, i dei same Iokala, vore den største arbeidsplassen i Tysnes, med ein arbeidsstokk på over 50, dei fleste menn.

Straks etter krigen vart også starta opp meieri på Eie, som vart drive frå 1948 - 1967. Andre verksemder som vart etablert i åra straks etter krigen var Tysnes Auto, som dreiv «Bil-, motorsykkelservise og konstruksjonsveiseverksted» oppe på Eie i 1949, Uggdal Dampbakeri som kom til eit par år tidlegare, i 1947, samstundes som HSD sitt garasjeanlegg på andre sida av elva ferdig.

Dei fleste verksemdene på Eie var såleis for ein stor del flytta opp frå sjøen etter krigen, noko som hadde samanheng med aukande biltrafikk og utbygging av vegnettet. Sjøen var ikkje lenger hovudtransportåra, det var biltransoprt som hadde teke over. Som ein følgje av denne utviklinga vart Magnus Helland si butikkverksemd nede mot sjøen avvvikla i 1955, i staden opna han no ein sjølvbetjeningsbutikk oppe ved vegen.

Kring 1970 kom det ein ny periode med bustadbygging. I åra 1972 - 1982 vart det bygd ut to bustadfelt på Jensvoll. I 1980 var det framleis fire daglegvarebutikkar i drift på Eie, men i seinare år er dei fleste verksemdene i bygda avvikla, og i dag er det berre ein butikk att. På slutten av 1980-talet vart det bygd eit hotell nede ved sjøen, som var i drift nokre år og i dag er gjort om til feriehusvære. Også dei andre verksemdene i bygda er i dag stort sett innstilt.

«Grendatun»

Ungdomshuset "Grendatun" før brannen i 1987. Flyfoto frå 1961.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Ungdomslaget i Uggdal fekk sitt eige hus i 1959. «Grendatun» vart mellom dei største og beste forsamlingshusa i kommunen. I byrjinga av 1960-åra kunne det jamnt over møta 40-50 ungdomar på lagsmøte i Opdal Ungdomslag. Fem år seinare hadde talet minka til 5-6. Det var ikkje fleire ungdommar att i bygda, og den eldre generasjonen trekte seg ut av arbeidet då ungdomshuset var reist. Kring 1970 var elles aktiviteten i Opdal Ungdomslag lenge redusert til dansetilstellingar og kinodrift. Ungdomshuset brann ned i 1987, og vart bygd opp ved sida av kommunehuset. I dag er det framleis kino i bygget, som elles vert nytta til andre sporadiske tilstellingar.

Litteratur og kjelder

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 2. Utg. Tysnes Sogelag, 1987.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band 2. Utg. Tysnes Sogelag, 1975.


Koordinater: 59.994619° N 5.492706° Ø