Tysnes Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tysnes Sparebank heldt til i dette bygget frå 1959, og flytta på 1980-talet i eit nybygg like ved.

Tysnes Sparebank vart etablert i 1863 som eit lokalt føretak, etter mønster av liknande bygdebankar som vart oppretta i byrjinga av 1860-åra. Desse bankane kunne koma i stand på ymse vis. Stundom var det eit privat tiltak som tok initiativ, i andre tilfelle var det kommunestyret som kom inn i biletet. For Tysnes Sparebank sitt vedkomande var det heradstyret i Tysnes som stod for opprettinga.

Tysnes Sparebank har fram til dei aller seinaste åra vore ei av dei få frittståande bankane i Noreg. Ved utgongen av januar 2013 passerte banken sin forvaltningskapital 1 milliard kroner. Banken er i dag tilslutta Eika Gruppen.

Av kasserarar i banken gjennom åra kan nemnast Herman Olai Hermandsen, den seinare dr. i historie Anton Espeland, lensmann Johannes Tvedt og Olav Urdal, som vart tilsett som banksjef frå 1963 og verka fram til han gjekk av som pensjonist på 1990-talet.

Trong for ein lokal bank

Det var ordførar Herman Olai Hermandsen som tok opp tanken. Hermandsen var handelsmann, og kjende såleis godt til både pengeomsetnad og lånetrong, så det var nok ikkje reint tilfeldig at det var nett han som lanserte tanken om ein lokal bank og fekk sett planane ut i livet.

Utetter 1850-åra fekk folk flest meir og meir eit behov for banktenester. Den etter måten store folkeauken gjorde sitt. Mange tok del i fisket, og det vart bygd mange fartøy. Ikkje minst var det eit behov for lån - i første rekkje mindre lån. Den nye arvelova i 1854, som gav kvinner den same arveretten som menn, gjorde det vanskelegare å la arven stå i garden slik det elles hadde vore vanleg. Odelsguten måtte oftare låna pengar for å løysa ut søskena. Men trongen for ein lokal bank hadde også ei anna side - det var bruk for ein spareinstitusjon.

Framlegget om å oppretta ein lokal bank vart teke opp på eit møte i heradstyret i november 1861. Medlemmane i heradstyret teikna seg på ståande fot for 175 spesiedalar. Det vart samstundes sett ned eit utval som skulle utforma ei innbyding til folket. Først etter at mannfolka kom heim frå vintersildfisket på vårparten året etter kom det fart i planane. På heradstyremøtet i august 1862 la nemnda fram eit oversyn over teikningane til grunnfondet for formannskapet - omlag 700 spesiedaler. Vidare la nemnda fram eit utkast til bankplan, basert på modellen for bygdebankane i Fusa og Kvinnherad. Banknemnda streka under at det var om å gjera å fremja saka før vintersildfisket tok til att.

"Flid og sparsommelighed"

Hermandsen slutta som ordførar ved nyåret 1862, men arbeidde vidare med banksaka. Men det var ikkje så enkelt å få saka gjennom hos amtmannen. Først i februar 1863 vart saka oversendt departementet til godkjenning. Her vart planane godkjende eit par månader seinare. På heradstyremøtet i april vart det vald tolv forstandarar til den nye banken, det var menn som hadde vore mykje med i det offentlege livet.

Den første planen for banken var eit omstendeleg dokument som m.a. slo fast at den nye institusjonen skulle "befordre flid og sparsommelighed". Sparebanken sin store tanke var å samla alle småspararar, slik det kjem fram i formuleringa, at banken skulle ta imot pengar "i særdeleshed af Arbeids- og tjenestefolk". Denne tanken kjem òg fram når ein granskar lista over dei som har teikna grunnfondet, ho tel 78 namn. Sjølvsagt er det bøndene og embetsmennene som har teke det tyngste løftet, men ikkje få husmenn, tenestefolk og arbeidarar har våga å stø tiltaket med dyre spareskillingar. Summane går frå 10 spd. og ned til 60 skilling. [1]

Ein forsiktig politikk

Folk kom med spareskillingane sine frå første dag, og lånetrongen var stor, så pengane vart mest lånte ut med det same. 1860-åra var ei oppgangstid økonomisk sett, m.a. pga, den amerikanske borgarkrigen som skrudde prisane i veret, men så melde nedgangstidene seg att og diskontoen vart oppsett fire gongar på rad. Det var ingen god tid for bankvesenet, det gjekk gjerne på pante- og veksellån. Det hende at banken måtte låna større summar i Kredittkassen i Bergen.

Landhandlar Hermandsen sat som kasserar i banken fram til han vart borte på sjøen undervegs til Bergen med rutebåten i 1882. Det var kome fram mistankar om underslag som skapte mykje uro, og ryktet om at Hermandsen hadde hoppa på sjøen og teke livet av seg svirra mellom folk. Seinare meinte nokre at han var blitt observert i Amerika, men det er ei anna historie.

Banken førte ein forsiktig politikk - litt vel forsiktig, var det nok mange som meinte. Men det var ein politikk som kasta av seg, mykje av kapitalen kom bygdene til gode i form av vegbygging og til andre føremål. Ein viktig årsak til voksteren, særleg etter andre verdskrigen, var alle dei utvandra tysnesingane som stødde banken i heimlandet. Den gode likviditeten førte med seg at det kunne gjevast lån til ei rekkje oppgåver. Etter kvart fekk verksemda òg karakter av å vera forretningsbank, og fylte dermed dei krava som lokal industri og næringsliv måtte ha.

Utetter 1890-åra gjekk banken inn i ein roleg vekstperiode og fekk ein jamn og roleg vokster i åra frametter. Den store krisen i mellomkrigsåra som velta så mange bankar sette ikkje merke etter seg når det galdt Tysnes Sparebank, endå om ein del avskrivingar måtte til.

Sparebanken hadde i 1913 ein rådveldesum på kr 653 000, som i 1962 var auka til nærare 12 millionar, og 29 millionar i 1970. Auken har halde fram, og banken har i dag ein forvaltningskapital på 1.002,225 kr.

På flyttefot

Etter at sparebanken, til liks med andre offentlege kontor og institusjonar, vart flytta frå Gjersvik til Myklestad på slutten av 1800-talet, leigde banken lokalar i tinghuset frå 1910, men alt i 1902 finn ein nemnd "Sparebankens kontor på Myklestad". Handelslaget på Uggdalseidet leigde rom i kjellaren frå 1917 til 1957. Tysnes Sparebank hadde lokale her frå 1910 til 1959. I 1957 fekk banken skøyte på bruk i Thokleivo, der banken vart bygd og vigsla 1959.

I 1959 overtok sparebanken Tysnes Privatbank i Våge. Tysnes Sparebank fekk dermed ein filial i Våge, og bygde eit nytt hus til filialen. Samstundes fekk banken eit nytt bygg i Uggdal, der hovudkontoret framleis låg. I 1983 flytta banken inn i eit nybygg like ved. Her heldt banken til fram til 2012, då banken i Uggdal vart lagt ned og all verksemd flytta til Våge.

Referansar

  1. Heggland, Johannes: Tysnes det gamle Njardarlog, band 2, s. 357

Kjelder og litteratur

  • Heggland, Johannes: Heggland, Johannes: Tysnes sparebank 1863-1963. Bergen. 1963.
  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog. Band 2. Utg. Tysnes Sogelag, 1975.
  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge. Band 3. Utg. Tysnes Sogelag. 1989
  • Kvartalsrapport Tysnes Sparebank 2013, 1. kvartal.
  • Asbjørn Opdal (tidl. banksjef), informant