Reksteren

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dampskipet "Midthordland" til kai ved landhandelen på Skår på Reksteren, ca. 1905. Postkort frå Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Reksteren er den nest største øya i Tysnes kommune, med ei flate på 37,2 kvadratkilometer og omlag 250 innbyggjarar i vinterhalvåret. I 1977 fekk øya brusamband til hovudøya Tysnesøy, som igjen har brusamband til fastlandet, noko som førte til at bilferja frå Våge til Bruntveit vart lagd ned i 1998.

Opphavet til namnet har vore omdiskutert, men ein tenkjer seg det gjerne som å stamma frå verbet "rekkja", dvs. at øya strekkjer seg mot Tysnesøy - eller kanskje det motsette, som at øya er kome "på rek" frå hovudøya.

Ein har funne spor etter busetnad i bronsealderen, men det er også gjort funn frå steinalderen. Men i alle høve frå romertid (omlag 400 e.Kr.) vart det rydda større gardar. Reksteren hadde ein etter måten stor del av husstandane i Tysnes på 1500-talet, då dei første opplysningane om busetnad er å finna. Gardane var alt på 1500-talet splitta opp i fleire bruk, lenge før eit slikt mønster vart gjort gjeldande for gardane elles i Tysnes.

På byrjinga av 1900-talet vart det mint etter gull i Nera-Flygansvær si utmark. Men gullprosenten vart for låg til at verksemda kunne svara seg, berre frå 2 til 10 gram pr. tonn av utvunnen stein- og bergmasse. Dagløna var god, og 5-6 mann var i arbeid. Elles var øya prega av litt småindustri, m.a. ein liten møbelfabrikk som framleis er i drift. På 1970-talet sette avfolkinga inn for fullt, og i dag er det få unge folk som bur her.

Vegbygginga på Reksteren kom seint i gong. Det var dampskipsanløp og landhandel på Bruntveit og på Skår. I 1937 vart Reksteren kyrkje vigsla. Under krigen vart det bygd to tyske fort på øya, eitt i sør - på Flygansvær - og eitt i nord, på Kaldafoss. Fortet på Flygansvær er relativt stort og godt bevart. Det er sett opp ei informasjonstavle ved fortet med kart over anlegget. Ved Kaldafoss vart det i 2014 reist ein bautastein til minne om tre britiske flygarar som vart skotne ned i 1941.

Kjelder og litteratur