Våge (Tysnes)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961.
Foto: Ukjend

Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006.

Stadnamnet Våge og førhistorisk tid

Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard.

Området kan ha vore ein kultstad i gammal tid – sjølv om dette vert lause spekulasjonar. Interessant er det i alle høve å merka seg at det førhistoriske anlegget på Todneset på garden Tysnes, på austsida ved innseglinga til Våge - som har vore kyrkjestad frå mellomalderen og fram til byrjinga av 1900-talet - ser ut til å ha hatt ein funksjon ved vintersolkverv.

Andre førhistoriske minnesmerke i Våge-området er to bautasteinar, gravhauger fleire stader og spor etter ein buplass frå eldre steinalder som vart undersøkt i 2007-2008 i samband med utviding av kyrkjegarden. I det same området er det også funne spor etter ei jarnvinne.

Våge som tingstad

"Vågesvingen" i Våge på Tysnes med ungdomshuset. Bilete frå etter 1925. (Anton Theodor Steinkopf Wold)
Våg skipreide er omtala i dokument frå mellomalderen. Det var eit stort område det var snakk om – skipreida femna om heile det gamle Tysnes sokn, bortsett frå Dalland, med Nord-Reksteren, Fitjar, Møkster og Austevoll sokn. Dette heldt seg fram til midten av 1600-talet, då grensene endra seg slik at Tysnes-soknet kom med i Opdal skipreide, som var identisk med Tysnes prestegjeld, eller det som i dag er Tysnes kommune.

Frå 1590 vert Våge omtala som tingstad for Våg skipreide. Det kan såleis tenkjast at det kan ha vore tingstove her endå lenger attende, heilt attende til mellomalderen. Me ser at i alle høve frå mellomalderen, men venteleg før den tid også, har Våge spela ei sentral rolle både på Tysnes og i distriktet elles.

Frå vikingtid er det registrert tufter etter eit større båtnaust i Dallandsvika. Nokre har gjetta på at dette naustet kan ha husa leidangskipet.

Våge som sentrum

Våge vart tidleg etablert som eit sentrum i Tysnes. Her låg prestegarden ved Tysnes kyrkje, som på den tida hadde ei anna plassering enn i dag. I Gjersvik, som i denne samanhengen må reknast til Våge-området, heldt folk frå adelsslekta Haard til. Seinare vart også lensmennene buande i Tysnesbygda. Frå 1600-talet vart posten frå Bergen til Stavanger ført over Våge.

1600-talet – økonomisk oppsving

På 1600-talet blomstra den såkalla skottehandelen. Det var eit livleg handelssamkvem med Skottland og øyriket i vest, då i første rekkje Shetland. Ikkje minst var eksport av tømmer ein viktig næringsveg. Også for Våge fekk denne handelen mykje å seia. Det er godt mogleg at det var i denne perioden at bygdelaget vart meir eller mindre snauhogd for skog. Folk i Tysnesbygda livnærte seg også som båtbyggjarar, dvs. bygging av færingar og seksæringar som vart selde til skottar og hjeltar (shetlendingar) og andre. Og sjølvsagt var fiske ein viktig næringsveg, her som overalt elles. Det store talet på husmenn i Tysnesbygda allereie på 1600-talet vitnar om ein hektisk økonomisk aktivitet.

Frå 1850 - strandstaden veks fram

Eit av dei aller eldste eksisterande bileta frå Våge på Tysnes. Det var ein strandstad prega av naust.

I siste halvdelen av 1800-talet byrja Våge å veksa fram som handels- og bustadsenter i kommunen.

Det første verkeleg moderne handelsføretaket i Tysnesbygda vart oppretta i 1850, i Gjersvik. Det var bergensaren Herman Olai Hermandsen som stod bak føretaket. Han slo stort på det, her var det både landhandel, bakarbutikk, fargeri, jamvel kai og ekspedisjon. Det førte til at det også kom offentlege funksjonar som post og bank – og i kjølvatnet tok også kommuneadministrasjonen sete i Gjersvik. Men det var berre ein hake ved det heile – Gjersvik var ikkje sentrum i Tysnesbygda, det var strandstaden Våge som gjennom hundreåra hadde utvikla seg til det naturlege midtpunktet, og Hermandsen sitt kunstige bygdesenter fekk såleis ei heller kort levetid.

Fram til ca. 1850 var Våge ein gard - ein sentral gard, rett nok. I 1864 gjekk det føre seg ei større utskifting, noko som gjorde at dei einskilde brukarane i større grad fekk disponera over bruka. Dette var ein viktig føresetnad for utviklinga av Våge som handelssenter. Ein annan – og vel så viktig – føresetnad var at det kom meir pengar mellom hendene på folk, noko ikkje minst Nordlandsfarten var ei årsak til.

Etablering som handelssenter

K.B. Epland sin landhandel i Våge på Tysnes med skomakarhuset i forgrunnen. Frå før 1905. (Ukjend)

Frå 1880-åra blømde verksemdene, den eine etter den andre.

Våge Handelsforening vart starta i 1882. Den første landhandelen i sjølve Våge vart bygd i 1872, av Håkon Dahlen. Han vart også den første dampskipsekspeditøren i Våge. Fem år etter at han starta landhandelen fekk Dahlen nemlig hardangerbåtane til å svinga innom Vågssjødn, og i byrjinga av 1880-åra sette han opp dampskipsbrygge på Gåsavikneset. Våge vart med andre ord etablert som stoppestad for rutebåtane. Det drog mykje med seg – bygdevegen vart ført ut til kaien, og det dukka opp funksjonar som bakeri og skomakar. Fleire større handelsføretak vart oppretta i denne perioden og utetter 1900-talet.

I nyare tid vart Våge forsterka som service- og handelssenter med ei rekkje andre funksjonar. Industri i større skala kan ein knappast snakka om, men frå 1935 var det ein møbelfabrikk i drift som vart innstilt på 1960-talet. Våge fekk også relativt tidleg straum i høve til dei andre bygdene i kommunen, alt frå 1934, frå Våge Lysverk.

Eit senter for offentlege funksjonar

Det var også andre faktorar som spela inn for å gjera Våge til hovudsenteret i kommunen. Flyttinga av Tysneskyrkja frå Tysnes til Gjerstad hadde sitt å seia, det same galdt bygginga av ungdomshuset ”Vonheim” som vart sett opp i 1923. Dessutan fekk fleire offentlege funksjonar sitt sete her, som bank, post og telefon, kraftlag, lensmann og i ein kortare periode også kommuneadministrasjon.

Trass i posisjonen som det einerådande handelssenteret i Tysnes, samt staden med det høgaste folketalet og som det viktigaste trafikknutepunktet, vart Våge aldri kommunesenter. Etter ein hard strid vart kommunelokalet flytta frå Gjersvik til Uggdal i 1910, der rådhuset ligg i dag.

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Tysnes Sogelag, 1989
  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog. Tysnes Sogelag, 1975.
  • Rage, Knut: Det historiske Våge. Del av rapport i samband med utgreiinga av prosjektet Fjordlandsbyen Våge. Asplan Viak, 2008.