Våge Lysverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Detalj av turbin
Foto: Knut Rage

Våge Lysverk i VågeTysnes vart etablert i 1934 av sivilingeniør Olav Helland. Han var ein av dei mange arbeidslause på 1930-talet, men hadde det pågangsmotet som skulle til for å skapa si eiga verksemd. Dermed planla han eit kraftverk av atskilleg større dimensjonar enn det som hittil hadde vore vanleg i kommunen. Han prosjekterte ei utbygging av Gjerstadelva og fekk anlagt ei røyrgate til Amundstølen der kraftstasjonen vart bygd. Her vart det montert ein likestraumsgenerator på 46 kw, og strekt liner kringom i Tysnesbygda. Det var ikkje noko dårleg kraftverk, men det hadde sjølvsagt sine minussider. Etter kvart som straumforbruket auka og nye abonnentar kom til, og ikkje minst i periodar med kulde og turke, kunne det snart bli mørkt i heile bygda. Likevel må ein ha lov til å seia at Tysnes Lysverk representerte ein revolusjon i høve til kva ein hadde hatt tidlegare. Men lysverket leverte ikkje straum til alle, og heller ikkje med god nok spenning, så då Tysnes Kraftlag tok til å levera straum i sjølve Våge gjekk det ikkje lang tid før Tysnes Lysverk var ein saga blott. Den vesle kraftstasjonen med turbinen og generatoren vart ståande på Amundstølen i mange år, men er no til nedfalls. Ein kan framleis sjå restane av røyrgata oppetter lia. Det var så varmt den sommaren då dei la opp røyrgata at dei måtte jobba om natta. To mann måtte bera dei tunge røyra på plass opp til demninganlegget. Det må ha vore eit slit utan like.

Demingen
Foto: Knut Rage

Våge Lysverk skaffa straum og lys til relativt mange husstandar, inkludert ei verksemd som ein møbelfabrikk. Men med eit likestraumsaggregat var kapasiteten på grensa. For folk i dei næraste grendene var det framleis parafinlampa som galdt inntil det kom ei sentral utbygging av straumnettet i Sunnhordland i 1950- åra.

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards og ættesoge, band 3. Tysnes Sogelag, 1989.
  • Hystad, Kåre: Tysnes Kraftlag gjennom 50 år. Tysnes Kraftlag, 1996.
  • Rage, Knut: Då mor fekk vaskemaskin og straumen kom "klumpavis"- om etableringa av Tysnes Kraftlag og utbygginga i 50-åra. Sogeskrift for Tysnes. 2007.
  • Samtale med Inge Mikal Helland, nevø. 2008.
  • Frå kraftutbygginga på Tysnes i Sunnhordland, 1950-åra - intervju.[1]]
  • Prosjektet Gjerstad Kraftstasjon