Forside:Austevoll kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Austevoll kommune
1244 Austevoll komm.png
Austevoll kommune er ein øykommune vest i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Kommunen ligg i Midthordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeven av kommunane Øygarden i nord, Bjørnafjorden i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største tettstaden. Kommunen har vidaregåande skule, Fiskarfagskulen i Austevoll. Der ligg ei avdeling til Havforskningsinstituttet i Bergen.

I generasjonar har fiske vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst i havbruksnæringa og i deltakinga i oljeverksemda. Ein stor underskog av mindre og nødvendige landbaserte selskap har samtidig blitt oppretta. I det same tidsrommet har fartøya i den havgåande fiskeflåten blitt betydeleg større, og i 2014 er kommunen ein av landets største innan oppdrett av laks og i talet på havgåande fiskefartøy.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ingerid Johanna Lavik (fødd 20. mars 1913 i Austevoll, død 23. september 2001 i Klepp) var husmor og folkeminnesamlar. I 1934 samla Lavik materiale frå Eksingedalen i Modalen som ho sendte inn til Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo. Lavik samla inn minne om skikkar knytte til bryllaup og jul, segn, forteljingar om dei lokale gardane, menneska og landemerka.   Les mer …

Mikkeliva (Liva) Djupevåg (fødd 5. august 1907 på Fondenes i Austrheim, død 14. februar 2014 i Austevoll) voks opp i ein søskenflokk på 11 på husmannsplassen Torvneset i Austrheim. 17 år gammal kom ho som tenestjente, taus, til Selbjørn i Austevoll. Der gifte ho seg i 1937 med fiskar Knut Olav Djupevåg, og dei fekk to barn. 104 år gammal var Mikkeliva omvisar på husmannsplassen Torvneset.   Les mer …

Ole Strømme var lærar og kyrkjesongar. Han var den første ordføraren i Austevoll, og hadde dette vervet i 15 år. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje
Foto: Austevoll Menighetsblad 1940.

Ole Strømme (fødd i Fjell 12. juni 1856, død i Austevoll 14. april 1940) var lærar og klokkar i Møkster soknekommune og ordførar i Austevoll kommune.

Strømme voks opp på garden Straume i dåverande Fjell kommune i Hordaland. Før han vinteren 1875 las privat med soknepresten i kommunen, Jacob von der Lippe (1797-1878), var han fiskar og gardsarbeidar. Same året vart han teken opp på Stord Seminarium der han tok lærarprøva i 1877. Han var i kort tid huslærar hos ein mølleeigar i Fjell før han i 1878 vart tilsett i to skulekrinsar i Austevoll der han vekselvis underviste to veker ved to skular. Han han lærar i 45 år.   Les mer …

Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei fråflytta øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg gravhaugar og fleire mindre klebersteinsbrot frå yngre jernalder her. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og det høgaste folketalet var 40 personar i 1940. Talet på husstandar var åtte i 1940-åra. Gardbrukarane på den 0,6 kvadratkilometer store øya var fiskarbønder. I 2019 flytta den siste fastbuande frå Lunnøy. Fleire fritidsbustader er bygde dei siste tiåra, og den lokale snøggbåtruta har stjernestopp her.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk, ein såkalla rullestokk, som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Ser ein øya frå nord, skrår ho austover, og dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag   Les mer …

Første presentasjonsnummer av Marsteinen i mai 1978. Avishovudet er det same i 2014.
Foto: Nils Steinar Våge (2013)
Lokalavisa Marsteinen kom ut med to presentasjonsnummer i 1978 før den første ordinære avisa kom 4. august same året. Avisa er lokalavis for Austevoll kommune i Hordaland. Marsteinen er ei vekeavis som kjem ut kvar torsdag, redaksjonsspråket er nynorsk og utgjevar er Austevoll forlag. Avisa er politisk uavhengig, og er tilknytta Landslaget for lokalaviser. Avisa hadde i februar 2015 eit opplag på 2349, og 790 av abonnentane budde utanfor kommunen. Opplaget har halde seg svært stabilt sidan oppstarten. Avisa har namnet sitt etter kystfyret Marsteinen frå 1877 som ligg ved innseglinga til Bergen og heilt nordvest i kommunen.   Les mer …

Brørne Kristoffer (til venstre) og Hans Aase var aktive i arbeidet med innføringa av nynorsk i skulen og kommuneadministrasjonen i Austevoll.
Foto: Privat
.

Språkskiftet til nynorsk i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980. I 1920 tok sju skulekrinsar i bruk nynorsk som opplæringsspråk, og åtte gjekk over til nynorsk mellom 1929 og 1939. Austevoll fekk tilført tre nye skulekrinsar frå Fitjar kommune etter kommuneendringane frå 1964. Den eine av krinsane tok i bruk nynorsk i 1929, dei to andre i 1936. Innanfor dagens kommunegrense var det 19 skulekrinsar, og i denne framstillinga er dei tre tidlegare Fitjar-krinsane førebels så vidt nemnde her. Kommuneadministrasjonen tok i bruk nynorsk i 1933, medan eit mangeårig ordskifte i kyrkja enda med at den nynorske liturgien kom i bruk i 1980.

I 1886 vart Austevoll skilt frå Sund kommune. Fram til 1951 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster, med Austevoll som hovudsokn. Soknene hadde eigne soknestyre som mellom anna avgjorde innføring av nynorsk som opplæringsmål. Soknestyra hadde felles møte om saker som gjaldt heile kommunen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Austevoll kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar