Oline Marie Nordbø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oline Marie Nordbø (fødd i Austevoll kommune i 1898, døydde same stad i 1970) var jordmor og kommunepolitikar. Saman med Dorthea Møgster var ho den første kvinnelege politikaren i Austevoll kommunestyre. Begge sat i kommunestyret frå 1948 til 1952.

Foreldra var fiskar Ole Hansen Drønen (1859-1939) og jordmor Marthe Nilsdatter Melingen (1859-1941). I 1924 gifte ho seg med gardbrukar Kristoffer Nilsen Nordbø (1892-?), og dei fekk fire barn.

Oline ville ha utdanning. Etter Framnes Ungdomsskule 1913-1914 og Leirvik Husmorskule i 1918 tok ho sjukepleiar- og jordmorskulen i Bergen der ho vart uteksaminert i 1921.

Frå 1921 vikarierte ho for mora i Austevoll til ho vart tilsett i Hufteren jordmordistrikt i kommunen i februar 1922. Denne stillinga hadde ho til 1964.

Oline Nordbø var samfunnsengasjert, og i 1948 vart ho vart vald inn i kommunestyret. Ei av hjartesakene hennar var at gravide kvinner skulle sleppa å reisa den 4-5 timar lange båtturen til Bergen for å fø. Kvinnene måtte reisa i god tid før fødselen og budde på hotell, ofte i fleire dagar og enkelte eit par veker, før dei vart innlagde på sjukehuset.

I 1962 fekk Oline Nordbø Kongens fortenestmedalje i sølv og i 1963 Nasjonalforeningens diplom.

Kjelder og litteratur