Dorthea Møgster

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dorthea Møgster (fødd i Austevoll kommune i 1905, døydde same stad i 1974) var utdanna diakonisse. Ho var den første folkevalde kvinnelege politikaren i Austevoll kommunestyre saman med Oline Marie Nordbø. Begge sat i kommunestyret frå 1948 til 1952.

Foreldra var gardbrukar Nils Olai Ingebrigtsen Storebø (1864-?) og Dorthea Andrine Kolbeinshavn (1871-?).

Dorthea Møgster utdanna seg til diakonisse, og arbeidde ved Kysthospitalet i Hagavik i Os kommune og ved Betanien sjukehus i Bergen. Seinare var ho menighetssøster i fleire år i Møkster kyrkjesokn i Austevoll. Frå 1954 til 1964 var styreformann ved Austevoll aldersheim, og i fleire periodar var ho medlem i sosialstyret i kommunen.

I 1933 gifte ho seg med notbas og fiskebåtreiar Lars Olai Møgster (1905-1970), og dei fekk fem barn.

Dorthea Møkster stemte Venstre, men ho vart vald inn i kommunestyret på bygdelista for Kolbeinsvik krins. Særleg arbeidde ho for sosiale saker i kommunestyret. Mellom mykje anna jobba ho for at jenter som gjekk heime og stelte gamle og/eller sjuke foreldre, skulle oppnå trygde- og pensjonsrettar. Andre interessefelt var samferdsle og utdanning. Høve til vidareutdanning for ungdom med dårleg økonomi var ei av dei store hjartesakene hennar.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer