Selbjørn
Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy. På vestsida ligg Stolmasund der Stolmabrua går over til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya, med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.
Fram til 1964 hørte sørøstsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll.
Om
Namn
Dei lærde meiner at Selbjørn kanskje er eit tabunamn, og at det har med dyrenamnet bjørn å gjera. Når fiskarane var ute på havet, skulle dei ikkje nemna visse dyrenamn, t.d. katt. Dei sa då klodyret, eller dei nytta ei omskriving - Salens bjørn, sidan katten høyrde til i salen eller stova. Dersom Selbjørnsøya den tid heitte noko med katt, så skulle dei ikkje seia namnet, men få meininga si fram på onnor vis. Noko rett tyding kan ein truleg ikkje koma fram til her, det er mykje uvisst korleis namnet er laga.
Gamle namneformer: Salbjorn, Søldbiøninn (1567) & Sælbiørn (1723).
Uttale: Sælbjødn
Gardar
Navn | Gnr |
---|---|
Nordre Drivenes | 1 |
Store Drivenes | 2 |
Fagerbakke | 3 |
Eikholmen | 4 |
Kalvenes | 5 |
Veivågen | 6 |
Noven | 8 |
Indre Rabben | 9 |
Ytre Rabben | 10 |
Djupevåg | 11 |
Tøkje | 12 |
Salthella | 13 |
Søre Drivenes | 66(8) |
Bekkjarvik | 67(9) |
Sætre | 68(10) |
Grasdal | 69(11) |
Gauksheim | 70(12) |
Tal i parantes: gardsnummer før 1964 (Fitjar).
Historie
Middelalderen
- 1220
- Selbjørn og Hundvåkøy nemnde i Den yngre Edda
1600-talet
- 1634
- Kremmarverksemd i Bekkjarvik
- 1668
- Kremmarsete på Salthella
1800-talet
- 1849
- Økshamaren fyrstasjon i drift.
- 1870
- 15. oktober: Bekkjarvik postopneri etablert.
- 1880
- Smie i Bekkjarvik. Eigar Ivar Haldorsen
- 1886
- Austevoll eigen kommune, skild ut frå Sund
- 1887
- Første Selbjørn skule i bruk
- 1890
- Møte om felles skulehus mellom krinsane Gauksheim og Drivenes. Dei vart enig om å gløyma tanken pga den "lange og besværlige vei at gaa for smaa börn".
- 1898
- Bekkjarvik kyrkje stod ferdig
- 1899
- 1. januar: Rabben postopneri oppretta.
1900-talet
- 1901
- Gauksheim skule vart bygd for krinsane Vikestøl, Sætre, Båtevik, Grasdal og Gauksheim.
- 1905
- 1910
- vart det gjeve løyve til bygging av veg frå Austevoll si grense til Bekkjarvik.
- 1912
- Selbjørn Fiskeriforening stifta
- 1913
- Første Drivenes skule i bruk
- 1916
- 1. september 1916: Salthella brevhus og postopneri oppretta. Postopneri frå 1. oktober 1919
- 1936
- Drivenes, Gauksheim og Trolandshamar skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- 1939
- Hevrøy, Horgo, Selbjørn, Storekalsøy og Sandtorv skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- 1940-1945
- Motstansgruppa Eksport- og importgruppe Milorg Bergen og omland heldt til i Tuftevika på Selbjørn. Organisert frå Bergen. Stod for transport av personar til Shetland, våpen og anna krigsmateriell tilbake.
- 1942
- 2. klasse kystskipperskule på Selbjørn
- 1950-åra
- Kontor på Salthella for innmelding av vårsild
- Sildemottak i Bekkjarvik og Åsakummen på Rabben
- 1950
- Austevoll fekk distriktslege med bustad på Selbjørn. Emil Moe den første.
- 1955-1957
- 2. klasse kystskipperskule på Stolmen
- 1955
- 8. mars: bedehus på Selbjørn
- 1959
- Gauksheim skule vart nedlagt.
- 1967
- Rabben postopneri nedlagt
- 1960
- J. Tøkje Landhandel oppretta
- 1962
- Rabben mekaniske verkstad etablert
- 1963
- M/S Drivenes første snurpar i Austevoll utstyrt med kraftblokk og ringnot
- 1964
- 1. januar: Søre Selbjørn (Gnr. 66-70) og Søre Huftarøy (Gnr. 59-65) under Austevoll. Tilhøyrde tidlegare Fitjar
- 1965
- Austevoll notverkstad i drift i Bekkjarvik
- 1969
- Salthella brevhus og postopneri nedlagt
- 1972
- Ferjesambandet Bekkjarvik-Sandvikvåg oppretta
- 1973
- Austevoll Notverkstad bygd på Salthella
- 1975
- Ferjeruta Stolmen-Salthella oppretta
- 1980
- 11 februar: Selbjørnsbrua vart opna og Selbjørn vart knytt saman med Huftarøy.
- 1987
- Ferjesambandet Bekkjarvik-Sandvikvåg overført til Husavik-Sandvikvåg
- Selbjørn fiskerisogelag stifta
- 1998
- Stolmabrua opna
Kjelder
- Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
- Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.