Forside:Nordhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Austrheim • Fedje • Masfjorden • Modalen • Osterøy • Vaksdal

Om Nordhordland
Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av det tidlegare fylket Hordaland. Det omfattar sju kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Øygarden vart òg rekna med, men etter at den slo seg saman med Fjell og Sund til nye Øygarden kommune, reknast den gjerne ikkje med lenger. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik, som er kommunesenter i Alver.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Flyfoto Moldøyna 1963. Våningshusa frå venstre: bnr 12, bnr 2, bnr 20 og bnr 3.
Foto: Widerøes Flyveselskap

Moldøyna er ei øy som ligg nord for hovudøya Fedje. Den vart knytt til Fedje ved ei vegfylling i 1960/1961. Namnet kjem av mold, jord (O. Rygh). Uttalen er «målløynæ» eller «mådløynæ». Første gongen me finn namnet i dei skriftlege kjeldene i 1603, vart det skrive Moldøen. Dette var lenge den vanlege skrivemåten, og vert framleis nytta som slektsnamn av mange.

Den gamle landskylda til Moldøyna var 1 våg 18 merker fisk, eller i smørskyld 1 pund 21 merker. Matrikkelen 1665 syner at ein på heile Moldøyna kunne fø sju naut, utsåd er ikkje nemnt.   Les mer …

Første årgang av Havstrilen, utgjeven 2001
Foto: Norsk lokalhistorisk institutts bibliotek
Havstrilen (Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden) vert utgjeven av Nordsjøfartmuseet (i tidlegare Sund kommune), Kystmuseet i Øygarden, Fjell kulturminnelag, Sund sogelag og Øygarden sogelag. Havstrilen kom første gongen ut i 2001.   Les mer …

Arnhild Marie Fyllingsnes (fødd 14. april 1912Ådnekvam i Masfjorden, daud 21. oktober 2017 på Knarvik) arbeidde mellom anna som seterjente, tenestejente og fabrikkarbeidar. Etter at ho gifte seg, var ho husmor. Arnhild vart 105 år gammal. Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som det femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på Fyllingsnes fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til Knarvik sjukeheim i Lindås.   Les mer …

Hosanger kommune vart oppretta i 1885 då Hammer og Hosanger kommune vart delt i tre. I 1909 vart Modalen kommune utskild frå Hosanger. Namnet kom frå tettstaden Hosanger. Kommunen dekka eit område som dels låg på Lindåshalvøya og dels på Osterøya, på både sider av Osterfjorden. I alt var arealet på 228 km².   Les mer …

Flyfoto 1988, i framgrunnen Hellisøy fyrstasjon. Busetnaden på Stormark i bakgrunnen med Fjellheim (bnr 21 og 3) nærast.
Foto: Aeronor

Hellisøy fyrstasjon (gnr 173 bnr 1) ligg på ei lita øy i Fedje kommune. Anlegget har eit 32,2 m høgt fyrtårn i støpejern, som står på ein låg granittsokkel. Tårnet er på same måte som Eigerøy fyr i Rogaland fora med teglstein og gråstein som sikring mot bølgeslag. Fyret har 3. ordens linseapparat frå 1903 og maskinhus, bustad, naust og landing, samt tuft etter assistentbustad. Ein støypt veg fører frå landinga opp til bustaden og vidare over ei bru bort til fyret. Hellisøy har forholdsvis gode landingsforhold. Fyrstasjonen ligg mellom to område verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Fyrstasjonen har stor aldersverdi med landets nest eldste støpejernsfyr. Fyrstasjonen har høg grad av opprinneligheit, med linseapparatet framleis i drift. Anlegget har stor miljøskapande verdi sett i samanheng med bygningsmiljø og kulturlandskap på Fedje, og den gamle handelsstaden på Kræmmerholmen. Fedje kommune gjer omvisningar og leiger ut fyret.   Les mer …

MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordhordland
 
Andre artiklar