Herdleværet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Herdlevær mot nordvest.
Foto: Vigleik Mathisen

Herdleværet er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdleværet er ei god hamn. Namnet kjem frå garden Herdlevær, gnr. 46.

Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdleværet. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane.

Herdleværet er omtala i jordeboka til Munkeliv kloster i Bergen i 1480. I 1519 var det eit hushald som betalte skatt. I 1647 var det auka til tre. I folketeljinga i 1910 hadde øya 112 registrerte innbyggjarar. Både den sentrale plasseringa ved ei viktig skipslei, dei i kystsamanheng gode tilhøva for jordbruk, og eit svært godt laksefiske har gjort sitt til at Herdleværet til alle tider har vore ein attraktiv stad å bu.

Kjelder og litteratur