Askøy kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Askøy
1247 Askoy komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4627
Fylke Vestland
Kommunesenter Kleppestø
Areal 101.11  km²
Areal land 94.4  km²
Areal vann 6.71  km²
Folketall 29 989 (2023)
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Ask kyrkje.
Foto: Aqwin (2008)
Askøybrua, her sett nattestid, er hovedferdselsåra frå Askøy inn til Bergen.
Foto: Svein Magne Tunli (2008)

Askøy kommune er ein kommune i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Kommunesenteret er Kleppestø. Kommunen femner om øyane Askøy, Herdla, Hanøy og nokre mindre øyar. Kommunen grensar mot Bergen kommune i aust, Alver kommune i nord og nordaust og Øygarden kommune i vest og sørvest. Kommunen vart oppretta som formannskapsdistrikt i 1837 under namnet Askøen i samband med formannskapslovene. 1. juli 1918 vart Laksevåg skild ut som eigen kommune, medan kommunen i 1964 vart utvida med store delar av tidlegare Herdla kommune og dei delane av Meland kommune som låg på Askøy.

Historikk

Askøy var ikkje mellom dei områda i Nordhordland som vart tidligst busatt. Medan buplassar er funne på Sotra og Øygarden som kan vere så gamle som 10000 år, låg framleis Askøy under isen på denne tida. Det fyrste sporet av menneskeleg virke på Askøy er ei 7-8000 år gammal flintøks funni på Fromreide.[1] Eit gammalt namn på Askøy var Fenring, som fyrste gong nemnast Gautreks saga frå slutten av 1200-talet. Handlingane i sagaen er tidfesta åt midten av 600-talet, men det er ikkje sikkert om handlinga i han kan reknast for historisk. Seinare var også Egil Skallagrimsson på Ask på Askøy i 934 for å føre ei arvesak på Gulating, der han leid tap mot Eirik Blodøks. Han og dronning Gunnhild var fiendar av Egil Skallagrimson, og det var også høvdingane på Askøy på denne tida.[2] Askøy har fleire gravhaugar, mellom anna ved Ask, og kongshaugen som ligg på Hop kan vere frå bronsealderen.

I mellomalderen slo kong Sverre Sigurdsson øyskjeggane i 1194 i slaget ved Florvåg. Seinare vart staden likevel hamn for baglarane, og på Herdla budde baglarkongen Filippus Simonsson. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik, og i 1247 heldt kong Håkon Håkonsson gjestebud i Florvåg. Herdla kyrkje er nemnd i 1146, og vart i 1308 godkjend som kongeleg kapell av paven. Denne kyrkja vart riven etter stormskade i 1861, og kyrkja som står der no vart bygd i 1863.

Ask og Herdla var kongsgardar i eldre tid, medan garden Hop er frå 1600-talet. På 1500-tallet budde Olav Torkjellson, den siste katolske biskopen i Bjørgvin, på Ask. Der sette han seg imot lutherdommen saman med Olav Engelbrektsson, men dei tapte for kong Christian III, med den fylgja at både Ask og Herdla kyrkjer vart brend.

Folketal

År Folketal Vekst i prosent
ca. 1520 125
1647 202
1661 219
1701 288
1769 497
1801 707
1815 602 - 14,9
1825 1054 75,1
1835 1361 29,1
1845 1412 3,5
1855 1591 12,7
1865 1894 19,0
1875 2204 16,4

Tabellen ovanfor er teki frå Fossen. Tala frå og med 1769 er frå folketeljingar, medan dei tidlegare tala kjem frå demografiske berekningar.[3] Særleg merkverdig er den brå nedgangen frå 1801 til 1815, og ikkje minst den brå oppgangen frå 1815 til 1825. No tek Fossen atterhald med at folketalet kan ha vori høgare i 1815 enn det folketeljinga viser, men folkeveksta fram mot 1825 er i så fall framleis svært høg.

Askøy i dag

Askøy har eiget vinmonopol, som vart oppretta i 2001. Askøy kystlag held til i kommunen.

Referansar

  1. Fossen, side 22.
  2. Fossen, side 39-41.
  3. Sjå Fossen, side 101-102 og notetilvising på side 399.

Kjelder

Eksterne lenkjer

  • Bergens Tidende på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)