Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moldøyna
S429.170.6.CD 09 064.jpg
Flyfoto teke før vegfyllinga til Moldøyna (til høgre) kom, Moldøyskjeret i midten. Børhaugen til venstre, bak ligg Vestkanten.
Foto: Norrønafly
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 6
Adresse: Skotholmevegen 44

Moldøyna er eit bruk i Fedje kommune. Dette bruket vert stundom kalla Nordre Moldøyna fram til rundt 1800, sameleis som med gnr 170 bnr 5. Uren vert brukt i kyrkjeboka på 1700-talet om dette bruket, og det er også namnet i matrikkelen frå 1906.

1. Ola Jonsen f. 1672 (etter alder i 1701) g.m. Gjertrud var brukarar her frå før 1701. Garden vart dermed delt i fire bruk. Dei betalte 12 skilling i skatt i skoskatten 1711 for dei to. I 1721 vart han avløyst av ein ny Ola (2), og må vera avliden.

Born: a. Jon Olsen f. 1698 (ifølgje manntalet 1701). b. Brita Olsd f. 1701. c. Anna Olsd f. 1705. Borna sin lagnad er ukjend.

2. Enkja Gjertrud (1) g.2.g. m. Ola Nilsen f. 1668 d. 1747, 79 år gl. Han fekk tinglyst bygselbrev frå Dankert Dankertsen i 1721. Gjertrud stod fadder siste gongen i 1739, dødsfallet hennar er ikkje ført i kyrkjeboka.

Barn: a. Brita Olsd f. 1726 d. 1801, neste brukar (3).

3. Brita Olsd f. 1726 på dette bruket (2a) d. 1801 g.1.g. 1746 m. Ola Hansen f. 1715 d. 1772. Ola er nemnd Kopper ved giftarmålet, men kan ikkje vera derifrå, kanskje han tente der. Han var los. Både fødsels- og dødsåret hans er etter militær rulle.

Born: a. Anna Olsd f. 1747 d. 1804 g. 1802 m. em. Ola Jensen f. 1759 Stuberg (gnr 168 bnr 19-9h) d. 1837, brukarar der (12). b. Gjertrud Olsd f. 1748 d. 12 veker gl.

4. Enkja Brita Olsd (3) g.2.g. 1774 m. Lars Jensen f. 1746 Stuberg (gnr 168 bnr 19-9d) d. 1804 (bror til 3a ovanfor). Ingen born. Bygselbrev 1772 frå Dankert Dankertsen Heiberg på ½ våg fisk (tilsvarar ⅖ av Moldøyna). I folketeljinga 1801 budde Brita og Lars her saman med hennar dotter Anna, ugift. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart verdien av bruket sett til 75 rdl. Fiskeria var hovudnæringa.

5. Enkjemannen Lars Jensen (4) g.2.g. 1802 m. Agata Arnesd f. 1745 Seim, Lindås d. 1818, ho var enkje etter Jens Olsen Kopper (gnr 168 bnr 2-8), sjå der. Sonen hennar Arne er neste brukar her (6).

6. Arne Jensen f. 1784 Kopper (gnr 168 bnr 2-8d) d. 1816 g. 1810 m. Ingeborg Jonsd f. 1786 Husa (gnr 168 bnr 10-1d) d. 1864. Bygselbrev 1809 frå fru Katarina Kahrs på 1 pund 12 merker fisk (⅖ av Moldøyna).

Born: a. dødfødd dotter f. 1810. b. Agata Arnesd f. 1814 d. 1816.

7. Enkja Ingeborg Jonsd (6) g.2.g. 1817 m. em. Jon Andersen f. 1789 Mongstad, Lindås d. 1817 (jf Lindåsb. IV s 532, son av Anders Jonsen f. 1767 og Sygni Olsd f. 1760 d. 1809). Dei var gift berre i 14 dagar.

Barn: a. Johanna Jonsd f. 1818 (6½ md etter farens død) d. 1879 g. 1859 m. em. Mikkel Thomassen f. 1828 Husa (gnr 168 bnr 10-3e) d. 1910, budde der (gnr 168 bnr 8-8).

Skiftet 1818 etter Jon syner at arvingane var enkja Ingeborg og dottera Johanna, samt ein son etter Jon sitt første ekteskap med Johanna Jensd f. 1769 d. 1810, bustad Litlås i Austrheim (jf Austrheimb. I s 102, budde først på Mongstad i Lindås): b. Martinus Jonsen f. 1806 Mongstad d. 1836, han vaks opp på Hopland i Austrheim etter farens død, g. 1829 m. Anna Larsd f. 1799 Førland, Austrheim d. 1884, budde der (sjå Austrheimb. II s 453). Dette var i Jon sitt bu: ei gryte, ein spade, ein navar, ei sildehalvtønne, ei korntønne, ein sildefjerding, ein kagge, ei kornstang, ein kornstamp, ei blå vadmålstrøye med stålknappar, ein vest av stoff, ei undertrøye, eit par bukser, ei grå vadmålstrøye, ein hatt, ei raud hue, eit par svarte skor, kona sine gangklede, ei ku kalla Raudkoll, eit svart fjorgammalt lam, halvdelen i eit vårsildegarn, eit lite fiskesnøre med jernstein, eit småsildegarn og halvdelen i ein seksåra båt med segl, til saman 18 spd. Etter at gjeld og skiftekostnader var trekte frå, vart det vel 4 spd i arv.

8. Enkja Ingeborg Jonsd (6, 7) g.3.g. 1819 m. Nils Simensen f. 1791 Bergsvika, Austrheim d. 1824. Nils var bror til Ingeborg Moldøyna gnr 170 bnr 3-15, sjå der og Austrheimb. III s 216.

Barn: a. Simen Nilsen f. 1821 d. 1883 g. 1842 m. Gjertrud Mikkelsd f. 1819 Eide (gnr 168 bnr 15-14g) d. 1899, busette på Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15).

Det var skifte etter Nils i 1824. Arvingane var enkja Ingeborg og den eine sonen. Dei hadde m.a. ein spade, to høyljåar, fisketau, eit fiskesnøre med stein, to vårsildegarn, ei kvige, ei sildetønne, ei sildehalvtønne, ein sildefjerding og ei furutønne. Dette vart selt på auksjon for 7 spd, medan gjelda var 30 spd og auksjons- og skiftekostnadene vel 5 spd, slik at det vart eit underskotsbu.

Som enkje fekk Ingeborg dottera b. Henrikke Ingemårsd f. 1828 d. 1831, faren var Ingemår Ingemårsen, neste brukar her (9).

9. Ingemår Ingemårsen f. 1800 Byrknes d. 1877 (jf Gulenb. III s 256) g.1.g. 1823 Gulen m. Magdeli Gudbrandsd f. 1794 Byrknes d. 1842 (dotter av Gudbrand Mikkelsen f. 1756 d. 1797 og Lisbet Trulsd f. 1766 d. 1835, jf Gulenb. III s 175). Ingemår var bror til Bertel Husa (gnr 168 bnr 9-5), sjå der. Brukarar her frå om lag 1825, bygselsetel frå Kristoffer Kahrs tinglyst 1839 på 1 pund 12 merker fisk, eller ⅖ av heile Moldøyna. Ny skyld ifølge panteregisteret 1851 var 1 ort, eller 3/10 av Moldøyna og altså ⅒ mindre enn før.

Born: a. Bertel Ingemårsen f. 1823 d. 5 dg gl. b. Gudbrand Ingemårsen f. 1824 d. 1885 g. 1850 m. Johanna Persd f. 1817 Byrknes d. 1904, brukarar på Moldøyna gnr 170 bnr 2-15. c. Lisbet Ingemårsd f. 1827 d. 1896 g. 1851 m. Rasmus Olsen f. 1823 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-12c) d. 1875, budde på Moldøyna gnr 170 bnr 5-15. d. Brita Ingemårsd f. 1830 d. 8 md gl.

Som nemnt under nr 8 her, hadde Ingemår Ingemårsen med den førre brukarkona Ingeborg Jonsd dottera e. Henrikke Ingemårsd f. 1828 d. 1831.

Det var skifte etter Magdeli i 1842. Det var lausøyre for 34 spd og inga gjeld, slik at det vart vel 29 rdl på arvingane då skiftekostnadene var dekte. Dei hadde m.a. tre gryter, ein skjerding, ei øks, tre kister, eit ølanker, ei halvtønne, to rokkar, eit ølstaup, ti mjølkeringar, to sildetønner, ei mjøltønne, ei kornhalvtønne, to par vassbøtter, tre levertønner, tre fjerdingar og eit barkekar. Husdyra var tre sauer og eit lam. Av sjøreiskapar hadde dei ein firåra båt med segl, ein gammal tiåra båt med segl, ein gammal seksåra båt med segl, fire vårsildegarn, eit anna garn og eit fiskesnøre.

10. Enkjemannen Ingemår Ingemårsen (9) g.2.g. 1842 m. Margrete Jonsd f. 1805 Byrknes d. 1860 (dotter av Jon Endresen f. 1770 d. 1810 og Lisbet Trulsd f. 1766 d. 1835, sjå Gulenb. III s 175). Margrete var halvsøster til mannen si første kone Magdeli, og farsøster til Mons Moldøyna gnr 170 bnr 3-19. Ingemår og Margrete hadde i 1845 2 storfe, og sådde ¼ tn både med havre og potet. I 1855 var dyretalet auka til 4 storfe, medan utsådet var det same. Sauer hadde dei ikkje.

Born: a. Martinus Ingemårsen f. 1843 d. 1915 g.1.g. 1871 m. Nilla Simensd f. 1842 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15a) d. 1889, sjå Moldøyna husmenn 2. b. Johanna Ingemårsd f. 1845 d. 1925 samb.m. Bendik Monsen f. 1836 Byrknes d. 1902, budde der, jf Gulenb. III s 295. c. Brita Ingemårsd f. 1848 d. 1868.

Skiftet etter Margrete i 1863 syner ei inntekt på vel 37 spd, og 27 spd i arv etter at utgifter og gjeld er trekte frå. Dei hadde m.a. ein åttåra båt med tilhørsle, ein seksåra båt, ein gammal firåra båt, to vårsildegarn, to fisketeiner, ein linevad, lyregarn, fiskesnøre, ei ku og ein spinnerokk, utanom vanleg innbu.

11. Enkjemannen Ingemår Ingemårsen (9, 10) g.3.g. 1863 m. Magdeli Steffensd f. 1802 Solend, Austrheim d. 1871. Ho var enkje etter Lars Olsen Eide (gnr 168 bnr 15-16) f. 1807 d. 1853, sjå der. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1,8 kyrlag og utsådet ¼ tn havre og ¾ tn potet. Avlinga var på ¾ tn havre, 3 tn potet og 106 våger høy. Det var 0,8 mål dyrka åker og eng, og 9,8 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka. I folketeljinga 1865 var dyretalet 5 storfe og 2 sauer, og utsådet ⅜ tn havre og 1½ tn potet. I 1875 hadde Ingemår berre 1 sau, og sådde ⅓ tn havre og ⅜ tn potet. Sonen Martinus (10a) med familie budde her då.

12. Johanna Sørensd f. 1835 Byrknes d. 1889 (dotter av Søren Larsen f. 1808 d. 1862 og Olina Johannesd f. 1810 d. 1899, sjå Gulenb. III s 208) g. 1873 m. Henrik Henriksen f. 1850 Byrknes d. 1896 (son av Henrik Jensen f. 1823 d. 1855 og Johanna Henriksd f. 1824 d. 1899, jf Gulenb. III s 253). Dei hadde mykje slekt på Fedje. Johanna var farsøster til Marie Sulen, Kongestølen gnr 169 bnr 8-1. Henrik var bror til Lisbet Moldøyna (husmenn 6), og halvbror til Berta Johannesd Husa (gnr 168 bnr 62-1). Han hadde òg m.a. farbroren Tøger Kopper (gnr 168 bnr 1-19), sjå der. Johanna og Henrik budde først som gifte på Byrknes, der det eldste barnet er født. Dei flytta til Moldøyna i 1877, og fekk skøyte på dette bruket same året for 640 kr av Fedje Torvkompagni. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. Olai Johan Henriksen f. 1876 d. 1957 g. 1912 m. Anna Olufine Edvardsd f. 1887 Bernes, Osterøy d. 1967 (sjå Hosangerb. I.2 s 80), dei budde på Bjørsvik i Lindås, der han var møllar, jf Hosangerb. I.2 s 448. b. Helena Henriksd f. 1878 d. 1964 g. 1903 Bergen m. Ingebrigt Martin Jakobsen Bjørø f. 1879 Austevoll d. 1944 (sjå Austevollb. II s 194), blikkenslagarmeister, budde i Os.

Johanna (13b).

13. Enkjemannen Henrik Henriksen (12) g.2.g. 1890 m. Brita Ivarsd f. 1853 Byrknes d. 1918 (dotter av Ivar Olsen f. 1826 d. 1905 og Synneva Trulsd f. 1825 d. 1874, sjå Gulenb. III s 210). Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 40 øre. Dei sette opp nytt hus her rundt 1900, som står enno, men som er påbygd.

Born: a. dødfødd dotter f. 1890. b. Johanna Sofia Henriksd f. 1891 d. 1974 g. 1912 m. Lyder Nilsen f. 1889 Sulo (gnr 169 bnr 56-1e) d. 1953, bygde på frådelt tomt (gnr 170 bnr 16-1). c. Ivar Andreas Henriksen f. 1893 d. 1969, seinare eigar (15). d. Gjert Johan Henriksen f. 1895 d. 1970 g. 1918 m. Laura Olsd f. 1898 Langedalen (gnr 169 bnr 5-7f) d. 1972, bygde der (gnr 169 bnr 22-1).

14. Enkja Brita Ivarsd Moldøy (13) g.2.g. 1903 m. Thomas Mikkelsen f. 1852 Husa (gnr 168 bnr 8-7a) d. 1933. Han var enkjemann etter Marie Olsd f. 1835 d. 1900, sjå Mulen (6). Dotterdottera hans vart oppfostra her, jf Mulen 7c. Thomas sat med bruket her til 1926.

15. Andreas Henriksen Moldøen f. 1893 på dette bruket (13c) d. 1969, ugift, fiskar. Han fekk skøyte i 1926 for 2400 kr og kår til stefaren (14). Sjå òg gnr 170 bnr 27.

16. Ivar Moldøy f. 1930 (gnr 170 bnr 16-1e) d. 2019, arb. Bjelland, g. 1955 m. Marie Ruth Snekkevik f. 1933 Fjell (sjå Fjellb. V s 98), fiskeindustriarb. Ivar fekk skøyte av morbroren i 1962. Sjå òg gnr 170 bnr 27. Marie flytta til Kopper (gnr 168 bnr 335-12).

17. Ole Martin Horgen f. 1983 Smiholmen (gnr 168 bnr 55-3b), styrmann, fekk skøyte i 2018.


Fedje komm.svg Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 6) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 5) • Neste bolk: Husmenn på Moldøyna