Austre Langedal (Fedje gnr 169 bnr 22)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austre Langedal
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 22

Austre Langedal er eit tidlegare småbruk i Fedje kommune.

1. Laura Olsd Langedal f. 1898 (gnr 169 bnr 5-7f) d. 1972 g. 1918 m. Gjert Henriksen f. 1895 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-13d) d. 1970. Skøyte 1926 på dette bruket frådelt gnr 169 bnr 5 året før. Huset vart bygd i 1925. Dei budde først på Moldøyna. Gjert var fiskar, medeigar M/S «Svanen». Dei hadde eit par kyr og nokre sauer. Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 27.

Born: a. Herman Bertin Langedal f. 1919 d. 2005 g. 1952 m. Oliva Sævik f. 1930 HerøySunnmøre d. 2011, bygde på frådelt tomt gnr 169 bnr 78. b. Borghild Oliva Langedal f. 1921 d. 2007, busett Neset, Sulo gnr 169 bnr 66. c. Torborg Solveig Langedal f. 1923 d. 2008, utvandra til USA, omsorgsarb., g. 1961 m. Paul Solemdal f. 1927 Bergen d. 1977, stuert, bustad Long Island, New York, seinare Waterbury, Connecticut. d. Jenny Lovise Langedal f. 1926 d. 2018, sydame, g. 1958 m. Asbjørn Nikolai Tviberg f. 1926 Bergen d. 2015, arb. Televerket, busette Arna i Bergen. e. Inga Amanda Langedal f. 1930 d. 2022, reinhaldar, g. 1962 m. Oddmund Mordal f. 1932 Molde, offiser i flyvåpenet, bustad Brekstad, Ørland i Sør-Trøndelag.

Herman fekk skøyte her i 1977. I 1990 vart tomta med bustadhuset frådelt og seinare skøytt til sonen Helge, sjå gnr 169 bnr 125. Hermans born Linda, Helge og Gjermund fekk skøyte på bnr 22 i 2011.


Fedje komm.svg Austre Langedal (Fedje gnr 169 bnr 22) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Langedalen (Fedje gnr 169 bnr 5) • Neste bolk: Midtre Langedal (Fedje gnr 169 bnr 31)