Forside:Fedje og folket

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Fedje og folket
Omslaget på utgåva frå 1997.
Fedje og folket er ei gards- og ættesoge for Fedje kommune. Forfattaren er Arvid Skogseth, og boka kom ut i 1997 med kommunen som utgjevar. Skogseth har seinare oppdatert boka fram til 2022 med tanke på digital publisering. Manus vart levert til Norsk lokalhistorisk instituttNasjonalbiblioteket i august 2022.

Fedje kommune fekk si første bygdebok i 1984, då Oskar Tangen gav ut Bygdebok for Fedje. Dette var ei kultursoge, og nemnda fann ikkje at dei hadde kapasitet til å gje ut ei gards- og ættesoge. I 1994 vart det så beslutta å starte opp arbeidet med ei gards- og ættesoge. Det ble nedsett ei redaksjonsnemnd: Arvid Skogseth, Olav Kongestøl, Karl Storhaug, Gro Tallis og Frank Johnsen. Egil Nysæter frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart konsulent for boka.

Det første opplaget var på 1000 eksemplar, og boka var utsolgt etter fem år. I 2003 vart det trykt opp 1000 nye eksemplar. 25 år seinare var det mange som lurte på om ein ikkje kunne oppdatere boka, og i 2021 vedtok kommunestyret at Skogseth kunne byrje med arbeidet. I tillegg til at tida etter 1997 er dekka, er det òg mykje nytt frå tida før det. Digitalarkivet vart lansert i 1998, og ein har òg fått Nettbiblioteket og andre digitale ressursar som gjer det mogleg å finne fram nye fakta. Antalet bilete vart auka frå king 550 til 660, og det vil òg vere høve til å legge til fleire bilete i den digitale utgåva på Lokalhistoriewiki.   Les mer ...

 
Smakebitar
Om lag 1960, nordre del av Rognsvågen. Til venstre Nedst-Tangen bnr 218, busetnaden i Rognsvågen bak.
Nedst-Tangen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

Dette er det sørlegaste av bruka i Tangane. Uttalen er «nestånjenn». Det tidlegare namnet Tangen Indre er brukt første gong i 1645. Søre Tangen har av og til vore nytta som nemning, m.a. i 1666, 1701 og 1769. Den gamle landskylda var på ½ våg fisk.

1. Ola Jonsen er nemnd i 1603, 1612, 1614 og 1617, så då var det to bruk i Tangane, nordre og indre.   Les mer …

Hellisøy fyrstasjon.
Foto:
Foto: Svein-Magne Tunli

Hellisøy fyrstasjon (gnr 173 bnr 1) ligg på ei lita øy i Fedje kommune. Anlegget har eit 32,2 m høgt fyrtårn i støpejern, som står på ein låg granittsokkel. Tårnet er på same måte som Eigerøy fyr i Rogaland fora med teglstein og gråstein som sikring mot bølgeslag. Fyret har 3. ordens linseapparat frå 1903 og maskinhus, bustad, naust og landing, samt tuft etter assistentbustad. Ein støypt veg fører frå landinga opp til bustaden og vidare over ei bru bort til fyret. Hellisøy har forholdsvis gode landingsforhold. Fyrstasjonen ligg mellom to område verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Fyrstasjonen har stor aldersverdi med landets nest eldste støpejernsfyr. Fyrstasjonen har høg grad av opprinneligheit, med linseapparatet framleis i drift. Anlegget har stor miljøskapande verdi sett i samanheng med bygningsmiljø og kulturlandskap på Fedje, og den gamle handelsstaden på Kræmmerholmen. Fedje kommune gjer omvisningar og leiger ut fyret.   Les mer …

Flyfoto Moldøyna 1963. Våningshusa frå venstre: bnr 12, bnr 2, bnr 20 og bnr 3.
Foto: Widerøes Flyveselskap

Moldøyna er ei øy som ligg nord for hovudøya Fedje. Den vart knytt til Fedje ved ei vegfylling i 1960/1961. Namnet kjem av mold, jord (O. Rygh). Uttalen er «målløynæ» eller «mådløynæ». Første gongen me finn namnet i dei skriftlege kjeldene i 1603, vart det skrive Moldøen. Dette var lenge den vanlege skrivemåten, og vert framleis nytta som slektsnamn av mange.

Den gamle landskylda til Moldøyna var 1 våg 18 merker fisk, eller i smørskyld 1 pund 21 merker. Matrikkelen 1665 syner at ein på heile Moldøyna kunne fø sju naut, utsåd er ikkje nemnt.   Les mer …

Holmengrå fyr i 2022
Foto: Karsten Madsen
Holmengrå fyrstasjon er eit fyr i Fedje kommune i Hordaland. Det vart oppretta i 1892. I 1986 vart det automatisert og avbemanna. 1. Fyrkommisjonen av 1828 hadde gjort framlegg om Holmengrå for eit nordre innseglingsfyr til Bergen. Men fyrkommisjonen av 1851 kom til eit anna resultat, då dei etter ei synfaring rådde til eit kyst- og innseglingsfyr på Hellisøy. Dette kom då i første omgang, sjå gnr 173. I 1890 kom det framlegg om å flytta fyret på Rongeværet i Austrheim (oppretta i 1870, sjå Austrheimb. III s 649) til Holmengrå. Rongeværet vart deretter nedlagt og erstatta av ei fyrlykt, og Holmengrå fyr vart bygd i 1892, på den nordlegaste holmen på Fedje. Det gav rettleiing for m.a. innseglinga til Sognesjøen. Fyrvesenet fekk skøyte for 1400 kr på holmen i 1893, frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Det vart bygd ein fyrvaktarbustad med tårnlykt på taket, eit uthus og naust. I 1908 vart det bygd assistentbustad. I 1916 rapporterte fyrvaktaren at fyrbygningen var skadd pga uvær, sjøen slo ikkje sjeldan mot den. Same året vart fyrbygningen flytta eit stykke mot søraust til eit høgare punkt. I 1948 vart det vedteke at det ikkje lenger skulle vera familiebustader her. Fyrvaktarbustaden vart ominnreidd med hyblar og fellesrom, og assistentbustaden vart seld og riven. I 1955 vart det bygd eit nytt fyrtårn med maskinhus på vestsida av holmen. Fyret vart automatisert og avfolka i 1986. Forsvarsbygg fekk skøyte på fyrstasjonen i 2013.   Les mer …

Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Kremmarholmen er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1). Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje.   Les mer …

 
Sjå òg
 
Kategoriar for Fedje og folket
ingen underkategorier
 
Andre artiklar