Bruneset (Fedje gnr 169 bnr 107)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruneset
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 107
Adresse: Træsnesvegen 5

Bruneset er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Svein Hop f. 1939 Bergen g.m. Bjørg Helene Arne f. 1939 Bergen. Skøyte 1975 på tomt frådelt gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 same året. Huset vart bygd i 1976. Svein var produksjonssjef på mekanisk verkstad frå 1975. Dei flytta til Eidfjord i 1985, Svein dagleg leiar mek. verksemd der, Bjørg heimehjelp.

Born: a. Beate Hop f. 1966, neste eigar (2). b. Stig Hop f. 1970, platearb., g. 1994 m. Liv-Ingunn Nordtveit f. 1968 Skjoldastraumen i Tysvær, bustad Eidfjord, seinare Øygarden. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Fjell og sidan Nedstrand i Tysvær, og hennar Skjoldastraumen.

2. Beate Hop f. 1966 på dette bruket (1a), økonomimedarb., g.m. Roy Ophaug f. 1968 (gnr 168 bnr 114-3a), maskinarb., oljearb. Beate fekk skøyte her i 1992. Skøyte 2009 på tilleggsareal bnr 173 og bnr 174 frådelt gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 same året. Huset er renovert. Garasje er sett opp.

Barn: a. Henriette Hop Ophaug f. 1995, spesialsjukepleiar, samb. 2014 m. Jan Remy Øien f. 1993 Husøyna (gnr 168 bnr 351-2c), bustad Bergen. b. Helena Hop Ophaug f. 2001, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Bruneset (Fedje gnr 169 bnr 107) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Steindal (Fedje gnr 169 bnr 93) • Neste bolk: Træsnesvegen 3 (Fedje gnr 169 bnr 120)