Husøyna 27 (Fedje gnr 168 bnr 351)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husøyna 27
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 351
Adresse: Husøyna 27

Husøyna 27 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Geir Aksel Rognsvåg f. 1963 Tangane (gnr 168 bnr 190-1b), salskonsulent, g. 1985 m. Linda Andersen f. 1958 Bergen. Skøyte 1984 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 og gnr 168 bnr 307 same året (bnr 307 vart frådelt gnr 168 bnr 15 i 1980). Huset vart bygd i 1986. Familien flytta til Arna i Bergen i 1988.

Born: a. Ørjan Andersen f. 1976 (Lindas son), bustad Bergen. b. Trine Rognsvåg f. 1985 samb.m. Erlend Skår Undheim f. 1982 Bergen, busette der.

2. Stig Øien f. 1964 Husøyna (gnr 168 bnr 246-1a) g. 1985 m. Marit Solbakk f. 1966 Kopper (gnr 168 bnr 106-3a). Skøyte her i 1988. Garasje vart bygd i 1997. Huset vart renovert i 2002. Dei dreiv transportverksemd med taxi, buss og ambulanse, sist berre ambulanse, i tillegg var Marit fiskeindustriarb. Seinare er han helsearbeidar og ho sjukepleiar.

Born: a. Monica Therese Øien f. 1986, fagarbeidar, g. 2010 m. Emre Altun f. 1982 Antalya i Tyrkia, bustad Bergen, es. oppløyst, så samb. 2019 m. Vegard Garmannslund f. 1973 Bergen, fagarbeidar, busette der. b. Stine Mari Øien f. 1988, fagarbeidar, var samb.m. Tommy Byrknes f. 1982 Husnes i Kvinnherad, bustad Bergen, så samb. 2016 m. Kenneth Evensen f. 1986 Kirkenes, Sør-Varanger, oppvaksen der og i Fauske, kokk, bustad Os, seinare Bergen. c. Jan Remy Øien f. 1993, maskinførar, samb. 2014 m. Henriette Hop Ophaug f. 1995 Træsneset (gnr 169 bnr 107-2a), bustad Bergen. d. Marius Øien f. 1997 samb. 2019 m. Maria Keilegavlen Dyrøy f. 1999 Fonnes i Austrheim (jf Austrheimb. I s 303), bustad Bergen.


Fedje komm.svg Husøyna 27 (Fedje gnr 168 bnr 351) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husøyna 36 (Fedje gnr 168 bnr 340) • Neste bolk: Flundrevågsvegen 11 (Fedje gnr 168 bnr 372)