Eide (Fedje gnr 168 bnr 15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eide
S183.168.15.Eide.m .jpg
Fremst ligg huset i Eide (bnr 15/bnr 451). Bak der er Muren med frå venstre bnr 71, bnr 47 (fryseriet), bnr 103, bnr 65, bnr 80 og bnr 72. Bakarst er Skotholmen og Moldøyna. Bilde frå 2022.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 15
Adresse: Muren 9

Eide er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune.

1. Anders vert nemnd i skattelistene for 1590 og 1610. Skattegrunnlaget var då 2 pund fisk, altså litt større enn det landskylda vert fastsett til seinare. Etter Anders går det ein del år utan at Eide er oppført i skattelistene, så truleg har plassen lege øyde.

2. Den neste gongen plassen er nemnd er i 1644, og då er landskylda oppgjeve til ½ våg fisk, og det vart den verande. Den nye brukaren heitte Herman Frisch, han var borgar i Bergen. Han fekk bygsel ifølgje eit skriv frå kongens kanslar Jens Bjelke i 1640. Han brukte òg Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-1). Herman er nemnd i ei sak i tingboka 1643 om bruk av Sulo, sjå innleiinga der. Han var ikkje med i koppskatten 1645, og er avliden før 1651. «Herman Frisch's sønner» er nemnde i tingboka 1650, sjå Jon Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-2). Sonen a. Herman Frisch (d.y.) er oppført på Eide i skattelistene fram til 1662. Året etter er «Herman Frisch's arvinger» oppført, så då må han vera død. I 1651 skulda Herman Frisch si enkje Gidske Simensd ved sonen b. Henrik Frisch lensmann Lars Husa (gnr 168 bnr 5-4) for at han hadde merkt ei ku på Moldøyna, som Henrik alt hadde sett merke i som oppgjer for gjeld. Anders Persen Bruknapp (Ertsholmen 1) sa at han hadde teke kua. Men Gjertrud Nilsd (Moldøyna gnr 170 bnr 5-2) som eigde kua, hadde gjeve Henrik Frisch lov til å setja sitt merke i den for betaling av gjeld. Lars Husa skulle derfor straks skaffa kua tilbake. På hausttinget på Radøy i 1651 kom for retten Henrik Frisch «som haffr sit tilhold udj Fedie», med et jordebrev frå 1621 som synte at han saman med mora og søskena eigde ein part i garden Dalland på Radøy (sjå Radøyb. II s 496). På vårtinget 1652 sa Henrik Frisch, «som haffuer borgerhuse udj Fedie», at Jon Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-2) skyldte han 150 våger fisk. Det kan verka som familien Frisch etter kvart overtok handelen på Fedje, etter at Anders Ertsholmen (1) flytta til Bruknappen i Lindås. Henrik Frisch fekk borgarbrev i Bergen i 1665, han var då skipper og født i Bergen. I 1652 stemna enkja Gidske ved sin fullmektig Lars Valter Anders Jensen Moldøyna (gnr 170 bnr 3-3) for gjeld på 30 våger råfisk. Anders kunne ikkje nekta for gjelda, og vart pålagt å betala innan 14 dagar, elles vart det utpanting. I 1653 var det strid om eit pantebrev frå då avdøde Kristoffer Monsen Muren (gnr 168 bnr 18-4). Både Gidske Simensd og Anders Persen (Ertsholmen 1) la fram pantebrev, men Anders sitt var frå 1649 og eldst, medan Gidske sitt var frå 1650, og det måtte derfor vika. Sonen Herman Frisch la fram eit pantebrev utgjeve 1652 av Anders Johannessen Muren (gnr 168 bnr 18-5a), der han pantsette alt han eigde for gjeld på 50 våger råfisk. Dette vart lese på tinget. I 1654 stemna Gidske fleire brukarar på Fedje for gjeld, men då ingen av dei møtte, vart saka utsett. Så det var eit stendig strev å få inn tilgodehavande hjå leiglendingane. Gidske hadde ei jekt til å føra varer med, det går fram av ei sak på tinget i Gulen 1655. Ho stemna Per Furenes for at han hadde slått sund jekta hennar då den låg ved landet hans. Dei vart forlikte på den måten at Per skulle skaffa henne ein ny åttringsbåt i staden for den øydelagde.

3. Thomas Sørensen er kommen her ifølgje skattelista for 1664, sameleis på Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-2). Men han fekk ei kort levetid her, for alt året etter er det enkja hans som er brukar. Ho vart verande iallfall til 1668. Men i manntalet 1666 er det nr 4 som er oppført. Matrikkelen 1665 syner at ein kan fø to naut, utsåd er ikkje nemnt.

4. Thomas Jensen, borgar (i Bergen), er oppført her i manntalet 1666. Han har truleg teke over handelen på Fedje etter nr 2 og 3. Det er mogleg han fekk borgarbrev i Bergen i 1655, men han er då kalla Jonsen. Han var då kipar (tønnemakar) og fødd i Bergen. Thomas er nemnd i tingbøkene 1681 og 1682. I 1681 stemna han eigarane av Kopper og Husa på vegner av leiglendingane på desse gardane om at dei burde få nytta utmarka til Kopper og Husa til beite (Sulo?). Partane vart forlikte om at for Husa skulle dei få beite for 8 skilling for kvart naut, og for Kopper 10 skilling. I 1682 vart Thomas stemna for gjeld til Hans Lillienskjold (sjå eigarar). Men han hevda han ikkje var lovleg stemna, og saka skulle venta til seinare. Sidan hører me ikkje meir til Thomas. Handelen gjekk over til Kremmarholmen.

5. Knut Olsen f. 1659 (etter alder i 1701) er nemnd i skattelistene frå 1691 til 1694 og i manntalet 1701. Han kan ha vore her ei stund før den tid. Han er borte i 1711.

Born: a. Agata Knutsd f. 1705. b. Arne Knutsen f. 1709. Ukjend lagnad for begge, dei kan vera døde som små.

6. Jens Mikkelsen er oppført på Eide ved skoskatten i 1711 som enkjemann. Han har sannsynlegvis vore gift med enkja etter den førre brukaren Knut (5), og no var altså ho òg død. Farsnamnet til Jens får me vita gjennom tingboka m.a. i 1715, sjå Johannes Berge (gnr 168 bnr 21-2). Jens fekk tinglyst fornya bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Han vart g.2.g. m. Siri Monsd f. 1685 Skauo, Myking i Lindås d. 1757 (dotter av Mons Nilsen f. 1646, sjå Mykingb. s 705). Slektssamanhengen til Skauo finn ein gjennom eit interessant skifte på Hopland i Seim, Lindås i 1802. Anna Andersd f. 1716 Skauo (sjå Alenfitb. I s 639) var død utan born, og dei næraste arvingane hennar var mor hennar sine søsken! Dermed kjem me langt attende i tid. At søskena var fødde på Skauo kan ein m.a. sjå av manntalet der frå 1701. Her er opplysningane i skiftet som gjeld Fedje: Mora si fullsøster Marta Monsd Natås, død, etterlét dottera Gjertrud (Husa gnr 168 bnr 5-7/8) som òg var død, hadde borna Ivar Ivarsen likeins død (han etterlét borna Thomas Ivarsen Husa og Marta Ivarsd gift Vikane), Gjertrud Mikkelsd som var død og hadde sonen Thomas Gregoriussen Krossøyna, og Anna Mikkelsd som òg var død, etterlét borna Mikkel Larsen Eide, Mons Larsen Skotholmen, Marta Larsd Børo og Marta Larsd Skotholmen. Så var det mora si fullsøster Siri Monsd (Eide), død og hadde sønene Jens Jensen Stuberg og Mons Jensen Kopper, begge døde og med namn på arvingane. Siri si dotter Kari og hennar arvingar i Bergen var avgløymde og ikkje nemnde i skiftet. Teikn kan tyda på at Siri si mor var nært i slekt med brukarane på Husa gnr 168 bnr 5-6, sjå merknad under nr 8 her på Eide om slektskap til brura Kari. Siri sitt skifte var rikt (sjå nr 7), akkurat som skifta etter etterkommarane av dei nemnde på Husa. - Jens vart nemnd siste gong som fadder i desember 1723, og må vera død ikkje lenge etter, ettersom enkja inngjekk nytt ekteskap truleg i 1725. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Eide: Brukar Jens, landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn, så det var særs dårlege tilhøve for korndyrking. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Born: a. Jens Jensen f. 1713 d. 1782 g.m. Marta Larsd f. 1714 Muren (gnr 168 bnr 18-7a), brukarar på Stuberg (gnr 168 bnr 19-9). b. Kari Jensd f. 1715 d. 1745 g. 1740 m. Rasmus Persen f. 1713 Husa (gnr 168 bnr 7-6d), dei flytta til Bergen straks etter giftarmålet. c. Mons Jensen f. 1719 truleg død s.å. d. Mons Jensen f. 1720 d. 1769 g. 1747 m. Synneva Jonsd f. 1728 Kopper (gnr 168 bnr 1-11b), brukarar der (gnr 168 bnr 2-5). e. Mikkel Jensen f. 1723. f. Brita Jensd f. 1723. g. Eli Jensd f. 1723. Dei tre siste var trillingar, og døydde truleg som spedborn.

7. Enkja Siri Monsd (6) g.2.g. m. Per Rasmussen f. 1701 (etter alder ved død) d. 1772. Han var los, og fekk tinglyst bygselbrev frå Gjertrud Dankertsen i 1725, så dei vart truleg gifte dette året.

Barn: a. Siri Persd f. 1726 d. før 1757.

Skiftet etter Siri i 1757 syner at arvingane var enkjemannen Per og borna frå første gifte: Jens Stuberg, Mons Kopper og Kari, død, etterlét ei dotter Gjertrud Petrikke Rasmusd 14 år med formyndar faren Rasmus Persen buande i Bergen. Dei andre borna til Siri må då vera døde. Det var eit relativt rikt skifte, med sølvvarer for 36 rdl, koparvarer for 18 rdl og 30 rdl i reie pengar. Brutto formue var i alt vel 204 rdl. Gjelda var berre på 13 rdl. Av sjøutstyr hadde dei ein firkeipingsbåt med segl, ein færingsbåt utan segl, ein seksæringsbåt med segl, eit småsildegarn, to torskegarn, garntau og fire vårsildegarn. Dei hadde to kyr (Sygni og Rødside), ein sau med lam, to sauer og fem vêrar. Elles var det mykje innbu, m.a. ei bakstehelle, fire gryter, tre øltønner, to spann, fem kister, ei seng med fjør, to senger, ei underseng, to hosangeråkle, ljåar og hakker. Dei eigde òg husa sine, noko som var særs uvanleg på Fedje. Det gjev eit godt bilete av kva for hus ein hadde på denne tida. Det var ei tømmerstove med svalgang, eit stort naust, ein fiskeskjå (tørkehus), ei sjøbu, ei løe, eit tømmerfjøs med høyhus, ei tømmerbu, eit gammalt eldhus med svalgang og halvparten i ei kvern med reiskap og hus. Så det kunne ikkje vera den store nauda som ein ofte ser for seg i gamle dagar.

8. Enkjemannen Per Rasmussen (7) g.2.g. 1758 m. Kari Mathiasd f. 1739 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-6k) d. 1819. Dei måtte ha kongeleg løyve til bryllaupet fordi brura var i slekt med Per si første kone Siri i 2. og 4. ledd. Ingen born. Kari sat som enkje her til ho vart g.2.g. 1774 m. Mikkel Josefsen f. 1748 Kvalvågen i Austrheim d. 1813, busette på Årås, Austrheim (jf Austrheimb. II s 246 og 368).

9. Siri Larsd f. 1731 Vika (gnr 168 bnr 28-6c) d. 1783 g. 1774 m. Mathias Jakobsen f. 1744 Børo (gnr 168 bnr 24-12c) d. 1786. Siri hadde tidlegare vore gift med Bendiks Mikkelsen Midt-Tangen (husmenn 1) og Knut Knutsen Blåstokken (Blåstokken 15). Siri og Mathias var brukarar her frå dei vart gifte. Han var los.

Barn: a. Marta Mathiasd f. 1775, truleg død ung.

10. Enkjemannen Mathias Jakobsen (9) g.2.g. 1783 m. Anna Sakariasd f. 1741 Nordre Njøta, Austrheim d. 1806 (dotter av Sakarias Rasmussen d. 1778 og Marta Olsd f. 1719 d. 1779, sjå Austrheimb. I s 553). Ingen born. Mathias drukna på sjøen saman med Ivar Ertsholmen (8), Jon Kopper (gnr 168 bnr 2-7) og Lars Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10). Enkja Anna g.2.g. 1793 m. enkjemannen Nils Andersen f. 1741 Litlelindås i Austrheim d. 1806, budde der (jf Austrheimb. II s 528).

11. Besse Olsen f. 1756 Blåstokken (16a) d. 1787 fekk bygsel på Eide i 1786 frå Dankert Dankertsen Heiberg. Men han fekk ei kort levetid her, for alt året etter vart det skifta etter han, utan at dødsfallet er ført i kyrkjeboka. Skiftet syner at han var ugift, arvingane var mora Guri Monsd på Kolås og søstrene Udna 21 år og Anna 19 år. Formuen var på 26 rdl, medan jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg kravde 6½ rdl. Skiftekostnadene var 3 rdl, og dermed vart det vel 15 rdl i arv. Det kan verka som Besse ikkje kom skikkeleg i gong med etableringa på Eide før han døydde, for det var heile 20 rdl i reie pengar (av dette 15 rdl i arv etter farbroren Ivar Ertsholmen 8). Elles var det mest klede i buet, men det gjev ei god skildring av kva ein kunne ha av den sorten: to par skor, eit par gamle skor, ei mørkegrå vadmålsbukse, ei grøn vadmålsbukse, ei bukse, tre ullskjorter (m.a. ei kvit), tre vadmålsvampar (yttertrøyer), sju par hoser, eit tørklede, to brystdukar (ein blå), ei hue og eit par vottar. Elles var det berre ei kiste utan lås og eit ølanker.

12. Nils Kristiansen f. 1765 Hopland, Austrheim d. 1795 (son av Kristian Monsen og Marta Nilsd f. 1730, sjå Austrheimb. II s 632) g. 1788 m. Ingeborg Jonsd f. 1768 Leirvågen, Austrheim d. 1842 (dotter av Jon Johannessen f. 1733 d. 1777 og Marta Bertelsd f. 1726, jf Masfjordb. II s 714 og Austrheimb. I s 40). Bygselbrev 1788 frå Dankert Dankertsen Heiberg. Det var skifte etter Nils i 1795, med enkja Ingeborg og sonen Bertel 2 år som arvingar. Det vart opplyst at ho var med barn, og skiftehandsaminga vart førebels utsett. Dottera Nilla vart så fødd tre månader etter farens død, og skiftet kunne sluttast. Det var ein formue på 26 rdl i buet, som gav 14 rdl til arvingane. Dei hadde m.a. ein færingsbåt, ein båt, ein linevad med anglar, eit fiskesnøre, eit sildegarn, to kyr, ei kvige, seks mjølkekoller, ein skjerding, to kister med lås, tre gryter, eit vasspann, ei vassbøtte, ein ølkagge, ei bomme, eit par sølvspenner, ei sølvsølje og ein sølvring.

Born: a. Kristian Nilsen f. 1789 d. 13 dg gl. b. dødfødt barn f. 1790. c. Olina Nilsd f. 1791 d. 1792, 11 veker gl. d. Bertel Nilsen f. 1793 d. 1835, budde på Austrheim hjå farbroren Mons Kristiansen i folketeljinga 1801, g. 1826 m. Anna Persd f. 1805 Sætre, Austrheim, budde der (sjå Austrheimb. II s 264), seinare i Bergen. e. dødfødt barn f. 1794. f. Nilla Nilsd f. 1795, truleg død før folketeljinga 1801.

Enkja Ingeborg g.2.g. 1801 m. Ola Monsen f. 1776 Leirvågen, Austrheim d. 1802, budde der (jf Austrheimb. I s 32). Ingeborg g.3.g. 1803 m. Lars Eriksen f. 1776 Mjanger (jf Masfjordb. II s 700) d. 1835.

13. Lars Bendiksen f. 1762 Midt-Tangen (husmenn 1b) d. 1841, mora var oppattgift på Eide (sjå nr 9 ovanfor) i 1774, og Lars budde her saman med henne. Han er nemnd som brukar etter Nils (12) i ei militær rulle, men var berre ei kort tid her, for i 1796 fekk han bygsel på Synnevågen i Austrheim (sjå Austrheimb. I s 401, II s 452 og 368). Lars vart gift 1.g. 1793 m. Guri Klausd f. 1764 Førland, Austrheim d. 1800, 2.g. 1801 m. Sygni Øysteinsd f. 1772 Rossnes, Lindås d. 1802 (jf Lindåsb. IV s 205) og 3.g. 1803 m. Marta Eriksd f. 1770 Årås, Austrheim d. 1839.

14. Mikkel Larsen f. 1771 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10a) d. 1839 g. 1801 m. Olina Villaksd f. 1779 Halland på Radøy, oppvaksen Nordøyna, Øygarden d. 1843 (dotter av Villak Oddsen f. 1744 d. 1802 og Anna Maria Olsd f. 1748 d. 1816, jf Radøyb. III s 757). Olina var farsøster til Gudmund Stuberg (gnr 168 bnr 19-16) og morsøster til Synneva Opphaugen (gnr 168 bnr 13-18). Bygsel frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs i 1799. I folketeljinga 1801 budde Mikkel og Olina her saman med sonen Lars og Agata Nilsd 56 år (Midt-Tangen gnr 168 bnr 26-11b) som var fattig og på legd. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden kunne så ¼ tn korn med same avling og mange år ingenting. Ein kunne fø 2 storfe. Verdien av bruket vart sett til 75 rdl. Dei vart kårfolk i 1832.

Born: a. Lars Mikkelsen f. 1801 d. 1849 g. 1824 m. Marta Olsd f. 1786 Stuberg (gnr 168 bnr 19-11b) d. 1849, brukarar der (15). b. Villak Mikkelsen f. 1802 d. 2 dg gl. c. Villiane Mikkelsd f. 1804 d. 1846, neste brukar (15). d. Martinus Mikkelsen f. 1808, konfirmert 1822, seinare lagnad ukjend. e. Anna Mikkelsd f. 1811 d. 8 dg gl. f. Anna Marie Mikkelsd f. 1815 d. 1849 g.1.g. 1834 m. Martinus Andersen f. 1813 Husa (gnr 168 bnr 7-11g) d. 1838, sjå der (13). g. Gjertrud Mikkelsd f. 1819 d. 1899 g. 1842 m. Simen Nilsen f. 1821 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-8a) d. 1883, busette på Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15).

15. Villiane Mikkelsd f. 1804 på dette bruket (14c) d. 1846 (spedalsk) g. 1832 m. Lars Olsen f. 1807 Vika (gnr 168 bnr 28-11d) d. 1853. Bygsel frå Kristoffer Kahrs i 1832. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Eide var 1 ort 3 skilling. I 1835 hadde dei 2 storfe og 3 sauer, og sådde ¼ tn både av havre og potet. I 1845 var dyretalet 2 storfe og 4 sauer, og utsådet ⅛ tn havre og det same med potet.

Born: a. Elsa Larsd f. 1833 d. 1922 g. 1863 m. Bertel Eriksen f. 1839 Smiholmen (1e) d. 1918, busette på Smineset (gnr 169 bnr 19-1). b. Martinus Larsen f. 1838 d. 1891 ugift i Bergen, der han var arbeidsmann.

16. Enkjemannen Lars Olsen (15) g.2.g. 1849 m. Magdeli Steffensd f. 1802 Solend, Austrheim d. 1871 (dotter av Steffen Monsen f. 1752 d. 1817 og Olea Johannesd f. 1760 d. 1822, sjå Austrheimb. I s 601). Ingen born. Magdeli hadde med Per Kristiansen sonen a. Ananias Persen f. 1835 d. 1859, omkom i sjøen nordafor Fedjelandet utan at han vart attfunnen, saman med husbonden sin Mathias Rasmussen Uthaugen (gnr 168 bnr 20-6). Lars forulykka under arbeidet med bygging av Hellisøy fyr. Magdeli gifta seg opp att 1863 m. Ingemår Ingemårsen Moldøyna (gnr 170 bnr 6-11), sjå der.

17. Marta Thomasd f. 1823 Berge (gnr 168 bnr 21-7d) d. 1911 g. 1853 m. Martinus Larsen f. 1825 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16d) d. 1864. Festesetel frå Kristoffer og Arnold Kahrs 1855 med kår til enkja Magdeli (16). Dyretalet i 1855 var 3 storfe og 6 sauer, og utsådet ⅛ tn både av havre og potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 9/10 kyrlag og utsådet ½ tn potet. Avlinga var på 2 tn potet og 62 våger høy. Det var 1,2 mål dyrka åker og eng, og 4 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var lettdriven og godt dyrka. Martinus drukna på Fedjefjorden saman med svogeren Gudmund Stuberg (gnr 168 bnr 19-16), dei vart ikkje attfunne. Etter mannen sin død dreiv Marta bruket vidare til 1880. I 1865 hadde ho 3 storfe og sådde ⅛ tn havre og ⅝ tn potet. I 1875 var tala 1 ku, 1 kalv, 9 sauer og ⅜ tn potet. Det var heller sjeldan at ei enkje i nokolunde ung alder ikkje gifta seg opp att på denne tida.

Born: a. Gudmund Martinussen f. 1854 d. 1920, neste brukar (18). b. Katrina Martinusd f. 1857 d. 1 dg gl. c. Randina Martinusd f. 1860 d. 1946 g. 1891 m. Thomas Andreassen f. 1866 Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1e) d. 1936, budde der (2). d. dødfødd son f. 1863.

Karl Eide (18c).

18. Gudmund Martinussen Eide f. 1854 på dette bruket (17a) d. 1920 g. 1880 m. Brita Gudmundsd f. 1852 Stuberg (gnr 168 bnr 19-16b) d. 1924. Dei var søskenborn med felles besteforeldre Kari Olsd og Lars Olsen Nord-Tangen. Gudmund og Brita var brukarar her frå dei vart gifte, og dreiv med fiske og jordbruk. Skøyte 1881 frå Fedje Torvkompagni for 560 kr. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 25 øre. Dei sette opp det noverande huset i 1911.

Born: a. Gina Marie Gudmundsd Eide f. 1881 d. 1952 g. 1901 m. Mikal Kristiansen Tangen f. 1871 Nord-Tangen (17i) d. 1963, bygde på Grendaberget (gnr 168 bnr 32). b. Mikal Gudmundsen Eide f. 1885 d. 1975, neste brukar (19). c. Karl Severin Gudmundsen Eide f. 1889 d. 1978, los, g. 1912 Oslo m. Anna Johanna Toresen f. 1890 Larvik d. 1971, budde i Bergen.

19. Mikal Eide f. 1885 på dette bruket (18b) d. 1975 g. 1907 m. Ida Ophaug f. 1887 (gnr 168 bnr 13-21b) d. 1926. Mikal fekk skøyte i 1925. Etter at Ida døydde, budde søstera Margit Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-19) og dottera Marta her. Margit hadde strikkemaskin og livnærte seg m.a. av den. Mikal hadde svenskeskøyta «Populær» (ein av dei første motorbåtane på Fedje) frå 1911 til inn på 1920-talet saman med svograne Mikal Tangen og Elias Ophaug. I 1919 kjøpte dei svenskeskøyta «Eiden». Dei dreiv med fiske. I 1922 kjøpte dei same tre M/K «Finn» saman med Olai og Oluf Ophaug, og begynte som fiskehandlarar og førte fisk til Bergen. I 1919 sette Mikal opp ei bu på Eide (jf gnr 168 bnr 165). Den vart utleigt til firmaet Konow i Bergen, som ei tid dreiv med sildesalting her.

Born: a. Bernhard Gustav Eide f. 1908 d. 2000, bibelskulelærar, sokneprest St. Markus, g. 1934 m. Solveig Olufina Langøy f. 1912 Austrheim d. 1997 (far Edvard Eriksen Langøen f. 1882, jf Sulo gnr 169 bnr 34-2e og Austrheimb. III s 561), bustad Bergen. b. Henriette Marie Eide f. 1911 d. 2007 g. 1935 m. Oswald Berg f. 1912 Steinborg, Muren (gnr 168 bnr 36-1a) d. 2001, sjå Steinborg gnr 168 bnr 29-2. c. Mally Katrine Eide f. 1914 d. 1976, ho overtok huset etter faren og fekk skøyte på det i 1959, sjå nr 20. d. Olav Andreas Eide f. 1919 d. 1996, var med på forsvaret av Oscarsborg 9. april 1940, var seinare i krigen i den norske marinen, g.m. Doris Nicoll f. 1921 Dundee, Skottland d. 1999, bustad Bergen etter krigen, han var snikkar på jernbaneverkstaden. e. Gudmund Imandus Eide f. 1921 d. 1922, 6 md gl. f. Ingrid Malene Eide f. 1922 g. 1953 m. Alf Martin Knapskog f. 1922 Espeland, Seim i Lindås d. 1994 (sjå Alenfitb. IIA s 146 og 147), flytta dit som pensjonistar etter å ha budd i Bergen. Seinare flytta ho til Bergen igjen.

I 1973 fekk dei fem søskena skøyte på jorda på dette bruket, etter at våningshuset tidlegare var skøytt til Mally (20). Det vart påbygd med entre og bad i første etasje.

20. Mally Eide f. 1914 på dette bruket (19c) d. 1976, arb. Bjelland, g. 1938 m. Olaf Gullaksen f. 1913 Muren (gnr 168 bnr 82-1h) d. 2009, fiskar. Tomta med huset fekk bnr 451 i 2006.

Born: a. Oddny Margrete Gullaksen f. 1940, jordmor/helsesøster, g. 1968 m. Alf Ragnar Kallestein f. 1943 Skudeneshavn, Karmøy, adjunkt/rådgivar, bustad Osterøy, seinare Åsane i Bergen. b. Gunnar Mikal Gullaksen f. 1946, lektor, g. 1970 m. Målfrid Johanne Tønnessen f. 1945 Hidra, Flekkefjord, assistent, bustad Bergen.


21. Elisabeth Gullaksen f. 1968 Grenda (gnr 168 bnr 17-18a), lærar, g. 1998 m. Roy Asle Tungland f. 1971 Finnøy i Rogaland (jf Finnøyb. II s 287), tømrar, lærar, budde først der. Dei fekk i 2010 skøyte på huset (bnr 451). Skøyte i 2011 på bnr 15 med jorda og naust. Garasje er sett opp. Sjå òg Eide gnr 168 bnr 165.

Barn: a. Johanne Gullaksen Tungland f. 2000. b. Dorthea Gullaksen Tungland f. 2002. c. Maren Gullaksen Tungland f. 2005.


Fedje komm.svg Eide (Fedje gnr 168 bnr 15) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Eide (Fedje) • Neste bolk: Fjæreide (Fedje gnr 168 bnr 65)