Steinborg (Fedje gnr 168 bnr 29)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinborg
S304.168.29.CD 06 029.jpg
Ved Steinborg, Mikal Langedal sin båt leverer kveite. Fiskarane frå Langedalen spesialiserte seg på kveitefisket med line. Liv Thorsen til venstre. Til høgre for henne i bakgrunnen Håkon Sjøvold og Ragnvald Kristiansen.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 29

Steinborg ligg sentralt i hovudhamna i Kyrkjevågen i Fedje kommune. Det vart utskilt frå Vika gnr 168 bnr 28, som hadde dette området før utskiftinga. Tomta vart frådelt i 1889 i samband med at det starta opp handel her. Det var Elias Knutsen Furubotten f. 1857 Masfjorden d. 1896 (jf Masfjordb. II s 881 og Gulenb. I s 645) g. 1878 m. Aletta Katrina Gudmundsd f. 1858 d. 1930 (søster til nr 1) som fekk heimelen til tomta, og som sette opp forretning her. Ein del av materialane var frå gamlekyrkja, som vart riven då ny kyrkje vart bygd i 1888. Furubotten var handelsmann først på Glosvik i Gulen, og frå 1886 i Kilstraumen i Austrheim (jf Austrheimb. II s 159). Han dreiv ikkje sjølv handelen på Steinborg, men leigde den ut til svigerinna, sjå nr 1.

1. Odina Marie Gudmundsd f. 1862 Kilstraumen, Austrheim d. 1932 (dotter av handelsmann Gudmund Gudmundsen f. 1835 og Anna Marie Andreasd f. 1840, sjå Austrheimb. II s 157) g. 1897 m. Jakob Nilsen Wikene f. 1866 Austrheim d. 1938 (son av Nils Jakobsen f. 1831 d. 1883 og Kari Ivarsd f. 1824 d. 1896, jf Austrheimb. I s 718). Dina Stenborg, som ho vart kalla, leigde handelsstaden her av svogeren Elias Knutsen Furubotten. Leigeavtalen frå 1888 syner at den årlege leiga var 400 kr. Eigaren skulle ha rett til å ha ein dreng her til å ta seg av fiskehandelen. Folketeljinga 1891 syner at Dina var «landhandlerske», medan den seinare ektemannen Jakob var handelsbetjent. Tenestejente var Bertina Kristina Andreasd f. 1846 Toftegård, Austrheim (sjå Brotet gnr 168 bnr 16-15). Dampbåtekspedisjonen var òg her, og posten då den kom i 1892. I 1910 kom det telefon og telegraf til Fedje, og dei vart òg lagde hit. Det vart også drive bakeri, i folketeljinga 1900 var det bror til Jakob, Ivar Nilsen f. 1870, som var bakar. I 1892 vart det opna konkurs i buet til Elias Knutsen Furubotten i Kilstraumen. Handelsstaden på Steinborg vart då seld på auksjon for 5000 kr til Dina, som fekk tinglyst skøyte i 1895. I 1921 fekk Jakob skøyte på tilleggsareal bnr 38 frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 året før. Jakob var med i det første heradsstyret då Austrheim og Fedje vart eige herad i 1910.

Born: a. Imanda Odina Emanuelsd f. 1886 Bergen d. 1960 (Dinas dotter med Emanuel Johan Sjursen f. 1863 Bergen d. 1925, han budde der). Imanda g. 1912 m. Johan Karlsen Berg f. 1883 (gnr 168 bnr 21-10e) d. 1968, bygde på Muren gnr 168 bnr 36-1 (Steinborg). b. Nordvald Kjartan Jakobsen Wikene f. 1897 d. 1933, lege, g. 1924 i Sund m. Gudrun Mikalsd Aksdal f. 1897 Bergen d. 1987, han vikarierte som distriktslege i Sund då dei gifta seg (jf Sundb. I s 317), seinare bustad Bergen.

2. Oswald Berg f. 1912 Steinborg, Muren (gnr 168 bnr 36-la) d. 2001 g. 1935 m. Marie Eide f. 1911 (gnr 168 bnr 15-19b) d. 2007. Skøyte her og på bnr 38 i 1935. Oswald er dotterson til nr 1. Han dreiv handelen, posten og telefonen vidare. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 95-1. I 1955 selde han eigedomen på Steinborg (bnr 29 og 38) til Feie Fiskarlag, og bygde hus på Muren gnr 168 bnr 135-1, sjå der.

Born: a. Otto Jacob Berg f. 1935, advokat, g. 1963 m. Mona Sylow Rynning f. 1942 Oslo, sekretær, busette der. b. Irene Margrete Berg f. 1939 g. 1962 m. Harald Rød, Birkeland i Åsane, Bergen f. 1940 (jf Åsaneb. III s 105), begge lærarar, bustad Foldnes i Fjell, Øygarden kommune. c. Marit Jenny Berg f. 1947 d. 2011, lærar, g.m. Fred Lyder Klungland f. 1945 Snartemo i Hægebostad, sokneprest, bustad Moi i Lund, Rogaland. Han flytta til Egersund d. Henry Ove Berg f. 1954, politistasjonssjef i Stavanger, g. 1977 m. Marit Oddbjørg Rage f. 1955 Sandnes, hjelpepleiar, busette der.

Erling og Agnes Olsen (3) i 1962.

3. Erling Sigurd Olsen f. 1914 d. 1965 g. 1939 m. Agnes Rovik f. 1917 d. 2005, begge frå Kristiansund, budde her frå 1961 til 1964, da Olsen var styrar på fryseriet, sjå pkt 4 nedanfor. Dei flytta så til Bergen, der han døydde. Agnes flytta same året tilbake til Kristiansund, og seinare til Surnadal.

Barn: a. Kari Olsen f. 1940 g. 1962 m. Arvid Tresnes f. 1937 (gnr 171 bnr 1-4e) d. 1993, busette Bergen. Sjå òg Træsneset gnr 171 bnr 2.

4. Feie Fiskarlag fekk skøyte her og på bnr 38 i 1955. I 1959 vart dei to bruka samanføydde til eit felles bnr 29. Eit industribygg vart reist på eigedomen og stod ferdig i 1961, eigd av Fedje Fryseri AS. Her vart det drive fiskemottak og fiskeforedling. Etter at selskapet gjekk konkurs i 1984, fekk Fedje kommune skøyte på dette bnr same året. Det omfattar no kommunekai og lagerbygg som har vore nytta som bensinstasjon, leigd og driven av Idar Tangen (jf Husøyna gnr 168 bnr 247-8) frå 1989. Industribygget har fått gnr 168 bnr 47 under Muren, sjå der (3). Dei gamle forretnings- og bakeribygga vart rivne på 1970-talet.


Fedje komm.svg Steinborg (Fedje gnr 168 bnr 29) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sylvartun (Fedje gnr 168 bnr 152) • Neste bolk: Vestkanten