Træsneset (Fedje gnr 171 bnr 1)
Træsneset | |
---|---|
Træsneset med den nye brua. Bnr 2 til venstre, bnr 1 til høgre. | |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 171 |
Bnr: | 1 |
Adresse: | Træsnesvegen 9 |
Træsneset er eit tidlegare bruk i Fedje kommune. Våningshuset vert no brukt som fritidsbustad.
1. Karl Olsen f. 1831 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-13a) d. 1912 g. 1858 m. Brita Andersd f. 1835 Husa (gnr 168 bnr 11-6a) d. 1915. Dei budde først som innerstar hjå Brita sine foreldre på Husa. Tinglyst festesetel 1861 på halve Træsneset frå Arnold Kahrs. Årleg avgift til jordeigaren var 1 spd samt 1 fjerding (¼ tn) fisk. Dei hadde alt sett opp hus her. I 1865 hadde dei 3 storfe og 4 sauer, og sette 1½ tn potet. I 1875 var dyretalet 2 kyr, 2 kalvar og 6 sauer, og utsådet ½ tn potet. Karl var fiskar.
Born: a. Olsina Karlsd f. 1858 d. 1869 (døvstum). b. Magdeli Karlsd f. 1860 d. 1948 g. 1884 m. Bård Eliassen f. 1863 Austrheim d. 1932, budde i Sulo (gnr 169 bnr 44-1). c. Andreas Karlsen f. 1862 d. 1959 g. 1889 m. enkja Johanna Serina Karlsd f. 1851 Austevoll d. 1932, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 6-4). d. Kristen Karlsen f. 1864 d. 1921 g.1.g. 1890 m. Katrina Larsd f. 1865 Sulo (gnr 169 bnr 34-1f) d. 1910, budde i Træsneset (gnr 172 bnr 18-1). e. Helene Karlsd f. 1866 d. 1961 g.1.g. 1887 m. Ingemår Rasmussen f. 1864 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15e) d. 1888, sjå der. Helene g.2.g. 1891 med Gudmund Gudmundsen f. 1863 Stuberg (gnr 168 bnr 19-16f) d. 1950, budde på Kopper (gnr 168 bnr 37-1). f. Karl Bertin Karlsen f. 1869 d. 1958, neste brukar (2). g. Ole Karlsen f. 1872 d. 1963 g. 1896 m. Brita Rasmusd f. 1869 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15g) d. 1940, budde i Kongestølen (gnr 169 bnr 10-1). h. Gurine Karlsd f. 1872 (tvilling med g.) d. 1950 g. 1898 m. Karl Gudmundsen f. 1873 Husa (gnr 168 bnr 6-3b) d. 1948, sjå Husa husmenn 4 og Nygård gnr 172 bnr 37-1. i. dødfødd son f. 1875. j. Per Martin Karlsen f. 1876 d. 1877. k. Petter Karlsen f. 1878 d. 1923 g. 1903 m. enkja Sofia Henriksd f. 1866 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-17a) d. 1935, brukarar der (20).
2. Karl Karlsen Tresnes f. 1869 på dette bruket (1f) d. 1958 g. 1894 m. Jørgine Petrine Trulsd Ytrøy f. 1874 Solund i Sogn d. 1957 (dotter av Truls Persen f. 1850 og Johanna Andreasd f. 1848 d. 1949, sjå Solundb. I s 406 og Svena gnr 168 bnr 144-2). Dei sette opp nytt hus her. Karl fekk skøyte frå Fedje Torvbruk for 1000 kr i 1909. Næringa var fiske og jordbruk.
Born: a. Kaspar Severin Karlsen f. 1894 d. 1896. b. Kaspar Bertin Karlsen f. 1896 d. 1931 (tub.), ugift. c. Petra Sofie Karlsd f. 1899 d. ½ år gl. d. Thomas Johan Karlsen Tresnes f. 1900 d. 1984, neste eigar (4). e. Petra Sofie Karlsd f. 1903 d. 1905. f. Peder Kristoffer Karlsen Tresnes f. 1905 d. 1970 var g.1.g. 1949 m. Herborg Bårdsen f. 1930 Sulo (gnr 169 bnr 45-1e) d. 2000, sjå der. Peder g.2.g. 1955 m. Inger Myhre f. 1920 d. 2003, bygde i Træsneset gnr 169 bnr 93. g. Petra Sylenna Karlsd f. 1908 d. 1921. h. Emma Lovise Karlsd f. 1910 d. 1993 g. 1934 m. Johannes Olsen Sætre f. 1908 Dale i Vaksdal d. 1977 (jf Vaksdalb. II s 64), anleggsarb., bustad Voss. i. Hans Karlsen f. 1912 d. 4 dg gl. j. Karen Bergljot Karlsd Tresnes f. 1914 d. 1971, ugift, budde i Bergen, reinhaldar. k. Helga Karlsd f. 1916 d. 1939 (tub.).
3. Henrik Andersen Færøy f. 1872 Solund i Sogn g.1.g. 1900 m. Andrina Hansine Henriksd f. 1868 Holstad, Askvoll i Sunnfjord d. 1909, barsel (jf Askvollb. IIB s 490). Dei budde på Grønnevik i Solund, sjå Solundb. II s 326. Familien brukte då Grønnevik som slektsnamn. Seinare tok Henrik fødenamnet Færøy som slektsnamn.
Born: a. Andreas Grønnevik f. 1902 d. 1987 g. 1932 m. Lydia Gåsland f. 1906 Bremnes på Bømlo d. 2003 (jf Bømlob. I s 380), overtok bruket på Sætre i Austrheim. b. Hilda Johanna Grønnevik f. 1904 d. 1992 g. 1934 m. Emil Wiken f. 1902 (gnr 168 bnr 28-15c) d. 1940, sjå der (16). c. Olga Elisabeth Grønnevik f. 1907 d. 1910. d. Anton Heimdal f. 1909 d. 2001, fiskar, voks opp hjå tanta på Dumba i Solund, busett der.
Enkjemannen Henrik Andersen Færøy g.2.g. 1912 m. Bertina Bårdsd f. 1886 Sulo (gnr 169 bnr 44-1b). Dei budde først i Solund. Dei var leigebuarar her frå om lag 1915 i huset som nr 1 hadde brukt (dei var morforeldra til Bertina). I 1917 fekk Henrik saman med John Næverdal skøyte frå Fedje Torvbruk på eit jordstykke bnr 17 frådelt Stormark gnr 172 bnr 2 same året. Det vart selt i 1920 til Olaf Mongstad (Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-3), Ole Bertelsen Koppen (gnr 168 bnr 2-15) og Nils Josefson Vikene (Austrheimb. I s 702). I 1920 flytta Henrik og Bertina med familien til Sætre i Austrheim (jf Austrheimb. II s 77).
Born: e. Bjarne Martin Færøy f. 1912 d. 1916. f. Johan Martin Færøy f. 1914 d. 1988 g. 1938 m. Kristine Marie Fosse f. 1916 Nordre Festo i Lindås d. 1996 (jf Lygrab. s 445), bustad Vikane i Austrheim (jf Austrheimb. I s 718). g. Bjarne Martin Færøy f. 1916 d. 1922. h. Gjert Emil Færøy f. 1918 d. 2011 g. 1941 m. Petra Kristine Leikvoll f. 1919 Austrheim d. 2017, budde der på Sætre (jf Austrheimb. I s 665 og II s 94). i. Helga Bergitta f. 1921 d. 2017 g. 1944 m. Karl Bergsvik f. 1918 Austrheim d. 1998, busette der. Som enkje flytta ho til Fonnes (sjå Austrheimb. I s 311 og III s 223). j. Betsy Margot Færøy f. 1924 d. 1988, heimehjelp, bustad Bergen.
4. Thomas Tresnes f. 1900 på dette bruket (2d) d. 1984 g. 1929 m. Torbjørg Jonsd Stamnes f. 1904 Vaksdal d. 1981 (sjå Vaksdalb. III s 278). Skøyte her i 1929 for 3200 kr og kår til nr 2. Thomas og Bjørg (som ho vart kalla) budde først saman med foreldra hans. Huset her vart bygd i 1948. Thomas var sjømann og fiskar.
Born: a. Betsy Jorunn Tresnes f. 1929 d. 2022, busett Langedalen gnr 169 bnr 31-2. b. Karl Petter Tresnes f. 1932, sjøkaptein, g.m. Astrid Thorsen f. 1938 Haugesund, bustad Karmøy. c. Jenny Beate Tresnes f. 1933, hjelpepleiar, g. 1966 m. Arvid Stormark f. 1937 (gnr 172 bnr 11-3b), bustad Bergen. d. Karsten Johan Tresnes f. 1935 d. 1999, styrmann, g. 1966 m. Berit Brügger f. 1941 Austrheim (jf Hesteneset gnr 169 bnr 26-2d), busette der på Solend (jf Austrheimb. I s 645). Sjå òg nr 5 her. e. Arvid Malvin Tresnes f. 1937 d. 1993 g. 1962 m. Kari Olsen f. 1940 Kristiansund, fekk i 1978 frådelt huset sett opp av nr 2, sjå gnr 171 bnr 2. f. Solveig Tresnes f. 1939 g. 1961 m. Magne Rusås f. 1937 Fusa, gardbrukar/snikkar, busette der (jf Fusab. IV s 237 og 258). g. Hermund Tresnes f. 1941 d. 1973 (omkom på sjøen ved Afrikakysten), industriarb., fiskar, g.m. Oddny Varlid f. 1945 Hyllestad i Sogn d. 1998 (sjå Hyllestadb. I s 26), bustad Husnes i Kvinnherad. Oddny g.2.g. 1977 m. Vermund Magne Holstad f. 1933 Askvoll i Sunnfjord d. 2018 (jf Askvollb. IIB s 491), busette der. h. Laila Berny Tresnes f. 1943, bustad Bergen, var g. 1966 m. Hans Anders Helander f. 1937 Polmak, Tana i Finnmark d. 2017, busett der. i. Turid Tresnes f. 1946, neste eigar (5).
5. Turid Tresnes f. 1946 på dette bruket (4i), kontormedarbeidar, g. 1969 m. Svein Harald Nybø f. 1946 Solund i Sogn (jf Solundb. II s 459), skadesjef forsikring, bustad Bergen. Ho var eigar saman med broren Karsten frå 1977, og vart eineeigar i 1997. Huset vert brukt som feriebustad.
Træsneset (Fedje gnr 171 bnr 1) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Træsneset • Neste bolk: Husmenn i Træsneset |