Fedje og folket/Lesarrettleiing

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Under arbeid: Vi arbeider med publisering av Fedje og folket. Tilvisinger til sidetal på denne sida vert erstatta med lenkjer til artiklar etter kvart som dei er klare.

Denne boka er det ein kan kalla ei gards- og ættesoge for alle som har budd på Fedje. Hovudvekta er lagt på slekta, då gardsbruka var heller små her, sjå lengre ned samt eige kapittel om jordbruket. Bustaden er likevel sentral, og boka er bygd opp omkring dei einskilde bruka, der familiane hadde tilhaldet sitt.

Gards- og bruksnummer

I 1886 vart det vedteke at alle bruk skulle ha eit gards- og bruksnummer, og dette vart sett i kraft i vårt distrikt ved matrikkelen frå 1890. På Fedje er det berre sju gardsnummer, frå gnr 167 til 173. Dei høge nummera skuldest at Fedje før hørte til Lindås herad. Kapitla i boka er ordna etter desse nummera, slik at gnr 167 Rognsvågen kjem først. Gnr 168 omfattar det gamle Fedje, med Kopper, Husa og Nedrelandet. Vestkanten (Kremmarholmen) har gnr 169, og Skotholmen/Moldøyna gnr 170. Træsneset fekk sitt eige gnr, 171, medan Stormark med Vågane og Nygård har gnr 172. Det siste gnr, 173, er reservert for Hellisøy fyr. Desse gnr/bnr (som dei vert forkorta til) er brukte som nemning på bruka også for tida før 1890. Dette er gjort for å få ei heilskapleg ramme rundt dei einskilde bustadene. Det same er gjort for dei bruka som i byrjinga var husmannsplassar. Her er det frå byrjinga brukt det gnr/bnr som dei seinare fekk, då bruket vart frådelt. I boka er det eit register over alle gnr/bnr som er brukte.

Brukarar

På kvart bruk er brukarane nummererte frå nr 1 og oppover, så langt ein har kjennskap til dei. På dei eldste bruka har det sjølvsagt vore mange brukarar som me ikkje veit namnet på, då det ikkje finst skriftlege kjelder frå denne tida. Det er først på 1500- og 1600-talet at me får greie på namnet til dei som budde på Fedje.

Familie, born, tilvising

Kvar familie får altså sitt eige nummer, og i den einskilde familien får kvart barn sin eigen bokstav, frå a. og utover. Borna sine namn er skrivne i kursiv. Av og til er borna sine born oppførte, og dei har då fått t.d. nr aa. og ab. Denne nummereringa er gjort m.a. for å kunna laga eit tilvisingssystem når ein skal prøva å nøsta opp slektslinene. Som døme kan ein sjå på Kopper bnr 1 på s 46. Nr 13 Ola Rasmussen er fødd i 1766 «på dette bruket (12e)». Det vil seia at han er son av tidlegare brukarar på nettopp Kopper bnr 1, nemleg nr 12 som barn nr e. Dersom me går inn i teksten lengre oppe på nr 12, finn me han her som e. Her vert det sagt at han er «neste brukar (13)». Derimot var ingen av foreldra hans frå Kopper bnr 1. Mora, Marta Eriksd er f. 1724 «Brotet (husmenn la)». For å firma meir om henne, må me slå opp i boka på Brotet. Under husmenn nr 1 er Marta oppført som barn nr a, med tilvising til Kopper bnr 1-12. På denne måten kan me gå vidare både bakover og framover i slektsrekkjene så lenge det handlar om folk busette på Fedje. Til hjelp i dette arbeidet er det bak i boka trykt anetavler som ein kan fylla ut. Men ofte vil slektslinene gå ut av Fedje, enten ved at det er folk som har flytta hit frå andre stader, eller det er folk som er fødde her, men som flytta her frå. Rasmus Salomonsen, mannen til nr 12 Marta, var innflyttar frå Kitilsvik i Gulen. I slike tilfelle er det såframt ein har funne det ut, teke med namn og fødsels/dødsdata for foreldra for innflyttarar fødde før om lag 1900.

Gards- og slektssoger

Dersom det finst gards- og slektssoger for den bygda dei kom frå, er det og prøvd i størst mogleg grad å visa til bind og sidenr. Det same er gjort for dei som flytta frå Fedje til ei bygd med gards- og slektssoge. For utflyttarar er det elles så langt råd er, teke med bustad og namn på ektefelle, og i mange tilfelle borna deira. Når det står at ein person er fødd på eit namngjeve bruk, er det ikkje alltid det må oppfattast bokstaveleg. Tal og bokstav som ein person får, er som nemnt brukt for å laga eit tilvisingssystem, og ein vil då firma fleire opplysningar der personen er oppført som barn. Her syner det seg kanskje at ho eller han vart fødd før t.d. familien busette seg på Fedje, men likevel er det mest praktisk at det vert synt til bustaden her. Tilvisingane til andre slektsbøker er laga for å letta arbeidet med å firma slektssamanhengane vidare. Det er i boka ei liste over dei aktuelle gards- og slektssogene.

Kommunenamn og register

Kommunane har skifta namn og grenser dei siste hundre åra. Dette er det viktig å vera merksam på i dei tilfella det har skjedd samanslåingar eller grensejusteringar. I boka er det register over alle kommunar (og land) nemnde i teksten. Der er òg eit namneregister (sortert på fornamn) over alle som er oppførte i nummerrekkjefølgja på bruka. Desse registra kan vera ei hjelp til å firma personar ein leitar etter.

Fleire ekteskap

Dersom ein ser meir på s 46, så vil ein sjå at nemnde Ola Rasmussen har fått tre ulike nr, 13, 14 og 15. Det er fordi han var gift tre gonger. Som hovudregel får kvart ekteskap nytt nr. Dette er gjort for å laga teksten så «ryddig» som mogleg. Det skal m.a. ikkje skal vera tvil om kva for ekteskap borna var frå. Den første gongen ein person er nemnd i brukarrekkjefølgja, er namnet skrive med utheva skrift, og fødestad og fødsels- og dødsdata er tekne med (når desse er kjende). Ved gjengifte vert ikkje desse opplysningane gjentekne, det vert t.d. berre sagt «14. Enkjemannen Ola Rasmussen (13)». Ein må då gå til tilvisingsnummeret (13) for å firma fleire opplysningar om han.

Likestilling

Det er lagt vekt på at mann og kone skal handsamast likt i framstillinga. Sjølv om arbeidsoppgåvene var ulike, var begge to like viktige på eit bruk. Det måtte full arbeidsinnsats frå to vaksne til for å klara dei daglege gjeremåla og fø ein familie. Dersom ein av ektemakane fall i frå i relativt ung alder, var som regel den gjenlevande parten snar om å gifta seg opp att. Den av ektemakane som har nærast tilknyting til bruket er derfor oppført først av dei to. Dersom t.d. kona er fødd på garden, og tek over etter foreldra, er ho nemnd først. På nemnde s 46 nr 12 er Marta oppført først, då ho er frå Fedje, medan mannen er frå Gulen. Bygselkontraktane vart skrivne i mannen sitt namn, men det var slik tilhøva reint praktisk var tidlegare. Utover på 1800-talet står det ofte «med hustru», så då er kona komme med også skriftleg. Dersom begge partar har lik tilknyting til bruket, er som hovudregel den eldste nemnd først.

Fritidsbustader, leigetakarar

Alle som er registrerte som bygslar eller eigar av bruk er tekne med. Dette gjeld også eigarar av fritidsbustader. Når det gjeld leigetakarar, er det sett som hovudregel at dei bør ha ei butid på minst eit par-tre år i kommunen for å komma med. Derfor vil t.d. ein del lærarar med berre kort opphald på Fedje ikkje vera nemnde. Ein del familiar kan ha ei lang tid som leigetakarar i t.d. dei kommunale bustadene i Husøyna utan å vera oppførte der. Dette gjeld i dei tilfella dei seinare har kjøpt eller bygd seg hus på Fedje. Av praktiske omsyn vert dei då berre nemnde på denne bustaden. Derfor vil det vera mange hol i brukarrekkjene for utleigebustadene.

Heile årstal

Det er berre brukt heile årstal i boka, dato (dag og månad) er ikkje teke med. Det er fleire grunner til dette. I kyrkjebøkene før 1816 er det ikkje skrive fødsels- eller dødsdato, berre dato for dei kyrkjelege handlingane (dåp og gravferd). Seinare syner det seg at det er ein del feil i datoopplysningane, det kan t.d. vera ulike fødselsdatoar ved dåp, konfirmasjon og giftarmål for den same personen. Ein har derfor valt berre å føra opp reine årstal, då dette vert mest korrekt, og elles skulle vera tilstrekkeleg. Fulle datoar vil komma med dersom ein er interessert i ulike utskrifter, sjå meir om det seinare.

Born som døydde små

Ein del born døydde som små, og dersom dei var under eitt år gamle, er som regel alderen oppgjeven. Det kan t.d. stå «Brita Hansd f. 1756 d. 2 md gl.» Då er ho død same året som ho vart fødd, dødsåret er derfor ikkje teke opp att. Dersom ho levde til året etter, er sjølvsagt 1757 oppført som dødsår, sjølv om ho t.d. berre vart nokre månader gammal.

Skilsmisse

Frå 1900-talet hender det at ekteskap vert oppløyste ved skilsmisse. Dette vert markert enten ved «es. oppløyst.», som tyder «ekteskapet oppløyst», eller ved at det er sagt «var gift med».

Skrivemåte fornamn

Skrivemåten av fornamn er eit område som har vore oppe til debatt i lokalhistoriske miljø den seinare tid. Ein har komme til at det for tida før det var vanleg at folk skreiv namna sine sjølve, må det leggjast avgjerande vekt på namneformene slik dei vart brukte munnleg av folk flest. Dette samsvarar ikkje alltid med den skrivemåten me finn i t.d. kyrkjebøker. Her vart ofte namna «fordanska» i tråd med skrivaren sine tradisjonar. Ikkje sjeldan vart namnet skrive på ulike måtar t.d. ved dåp, konfirmasjon og giftarmål. I denne boka har ein derfor valt den skrivemåten som best samsvarar med den lokale uttalen av namna. Det vert derfor skrive Per og ikkje Peder, Nils og ikkje Niels, Marta og ikkje Marthe/Marithe o.l, Brita og ikkje Brithe, Ivar og ikkje Iver, Knut og ikkje Knud, Jon og ikkje John/Joen, Kristian/Kristen/Kristi og ikkje Christian/Christen/Christie, for å nemna nokre eksempel. For dei som har levd det siste hundreåret, har ein sjølvsagt, så langt det har vore råd å firma ut, brukt den skrivemåten som folk sjølve har brukt. Her har det ikkje alltid vore mogleg å finna ut det korrekte, så det kan godt vera at det er brukt skrivemåtar som ikkje heilt samsvarer med dei rette.

Forkorta namn

Dersom ein har vorte gjort kjent med ulike forkorta daglegnamn, som Sina for Hansina o.L, er dette oppført i teksten. Men den fulle namneforma er brukt som hovudform.

Fleire fornamn

Frå 1870 og framover vart det særs vanleg på Fedje å gje borna to (av og til tre) fornamn i dåpen. I praksis vart som regel berre eitt av desse brukte om vedkommande person. I dei fleste høva var det det første namnet, men det hende òg ikkje sjeldan at det var det andre namnet som vart nytta i det daglege. Dette kan vera eit problem når ein seinare skal finna personen t.d. i dåpsregisteret e.l. I boka er begge (eller alle) namna oppgjevne der ein person er oppført som barn. Dersom det første namnet er daglegnamnet, er det ikkje gjort nokon merknad. Men dersom andrenamnet er det som vert brukt om personen, er det sett ein strek under dette namnet. For dei som har busett seg på Fedje, er berre daglegnamnet oppført der han eller ho er hovudperson (med utheva skrift), her vil det andre eller første namnet vera sløyfa. Som døme kan ein sjå på s 67, Kopper bnr 4. Der er oppført «4c. Thomas Johan Thomassen f. 1876». Han er neste brukar, og er da ført slik: «5. Johan Thomassen». Det vil seia at han var døypt Thomas Johan, men då det var Johan han brukte som daglegnamn, er det berre dette som er oppført i brukarrekkjefølgja.

Slektsnamn

Før namnelova av 1923 var det ikkje faste slektsnamn blant vanlege folk i Noreg. Dei brukte i staden eit «patronymikon», dvs namnet til faren samt endinga -son/sen eller -dotter/datter. I tillegg hadde dei gardsnamnet der dei budde som ein del av namnet, og det var ikkje alltid gardsnamnet der dei var fødde – det gjeld både menn og kvinner. Ola Jensen betyr då Ola, son til Jens. I denne boka har ein i samsvar med den lokale tradisjonen nytta skriftforma -sen for søner. For døtre er det forkorta til berre -d for dotter/datter (t.d. Marta Kristiansd = Marta, dotter til Kristian). Dersom nemnde Ola fekk ein son som han kalla Per, vart namnet hans Per Olsen, og ikkje Per Jensen, som det ville ha vorte i dag. Då namnelova kom, vart det slutt på dette, og folk måtte velja faste slektsnamn. Det kunne vera namnet på staden dei budde, eller farsnamnet. Me ser at begge metodane vart brukte på Fedje. Den staden folk budde på, kunne òg tidlegare som nemnt vera med i nemninga, men då meir som ein adresse. At det ikkje var eit fast slektsnamn, ser ein tydeleg når folk flytta. Då skifta dei adresse til den nye staden, medan farsnamnet (sjølvsagt) framleis vart brukt som etternamn. T.d. Ola Jensen Kopper tyder Ola, son av Jens, bustad Kopper. Dersom han flytta til Husa, vart namnet endra til Ola Jensen Husa. Før 1900 er det derfor sjeldsynt i teksten at folk er oppførte med bruksnamn som familienamn. Men då det er viktig å få fram kor folk er i frå, er fødestaden oppgjeve etter fødselsåret. T.d. på s 46 står det «Rasmus Salomonsen f. 1726 Kitilsvik». Det tyder at han var fødd og oppvaksen på garden Kitilsvik, men han brukte ikkje det som slektsnamn etter at han busette seg på Kopper. I over gangstida etter at namnelova kom i 1923, vil det vera nokre namn som kanskje ikkje er heilt rett oppførte, då ein for ein del har teke med farsnamnet som mellomnamn til gardsnamnet. Slektsnamn (etternamn) er sjølvsagt skrivne slik som ein har fått oppgjeve frå familiane.

Skrivemåte bruksnamn

Det er ikkje alltid at skrivemåten av slektsnamn er i samsvar med skrivemåten til bruket der namnet kjem frå. Her er det dei munnlege tradisjonane som regel gjennom fleire hundre år som skal vera retningsgjevande, normert til gjeldande rettskrivingsreglar. Saka med skrivemåten av bruksnamna vart teke opp for å få korrekte skriftsformer i gards- og ættesoga. Endeleg vedtak vart gjort av Statens Kartverk i 1997, og det er desse skriftformene som er brukte. Når det er nemnd noko om tydinga av stadnamna, er det ofte oppført «O. Rygh» som kjelde. Det er bokverket til Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne», som vart utgjeve rundt hundreårsskiftet, basert på studiar av gardnamn i heile Noreg.

Ukjend lagnad

Til ein del personar fødde på Fedje, spesielt på 1700-talet, er det knytt merknaden «ukjend lagnad». For desse har ikkje kjeldene gjeve noko svar på kva som skjedde med dei som vaksne. Mange kan vera døde som born, då ikkje alle dødsfall kom med i kyrkjebøkene. Andre kan ha flytta vekk utan å ha etterlate seg spor om kor hen. Det er lagt ned ein del arbeid, m.a. ved gjennomgang av kjelder for naboprestegjelda og Bergen for å firma kor det vart av folk, og mange er fanga opp på denne måten. På 1800- og 1900-talet har ein klart å firma lagnaden til dei aller fleste.

Yrke og næring

Ein har funne det nyttig kort å nemna yrke og næring til folk. Dette er teke med så langt ein har hatt kunnskap om det, både for dei som har vore busette på Fedje, og dei som har flytta ut. Det er ikkje alltid like lett å firma treffande yrkestitlar, og mange skiftar og yrke, men det vil likevel gje eit inntrykk av kva folk har livnært seg av. Elles er det teke med opplysningar frå skifteprotokollar og tingbøker frå eldre tid, for å gje litt meir opplysningar utover reine persondata.

Jordbruksopplysningar

Som nemnt er det lagt hovudvekt på slektsdelen i framstillinga. Bruka var små, så ein kan ikkje tala om noko større gardsdrift, utover varer til eige bruk. Det er skrive eit eige kapittel om jordbruket som klart skulle syna dette. Opp gjennom tida har det vore matriklar og jordbruksteljingar, og opplysningane frå desse er lagde inn i teksten til dei brukarane som sat med bruket på dei aktuelle tidspunkta. Her vil ein finna oppgåve m.a. over talet på husdyr, kor mykje ein sådde mv. Også skifteregistreringane kan gje oversyn over husdyrhaldet, og desse opplysningane er tekne med i teksten. Gardane vart frå tid til annan verdsette, for å firma ut kor mykje skatt kvar enkelt kunne klara å betala. Listene over gardane og skattane deira vert kalla matrikkel. Skatten vart kalla landskyld. For kvart av dei eldre bruka på Fedje er det oppgjeve kva for landskyld det hadde, og seinare matrikkelskyld. Slik kan ein samanlikna verdien av dei ulike bruka. Den gamle landskylda hadde måleeeingar m.a. i fisk, smør eller korn. For Fedje var det vanleg å nytta fisk (1 våg fisk = 3 pund = 4 spann = 72 merker), eller av og til smør (1 laup smør = 3 pund = 4 spann = 72 merker) eller korn (1 tønne korn eller malt = 4 mæler = 48 kanner). Frå 1838 vart skylda oppgjeven i myntrekning (1 skylddalar = 5 ort =120 skilling). Frå 1890 var eininga 1 skyldmark =100 øre.

Parentesar

Det er brukt ein del parentesar i teksten, med m.a. utfyllande slektsopplysningar. Det er viktig å halda opplysningane inne i parentesane for seg sjølve, slik at ein ikkje trur dei direkte gjeld personane i hovudteksten. Elles vert det ein del «telegrafstil» for å spara plass, så ein må av og til leggja til ord for å få full meining i teksten.

Slektsutskrifter

I samband med arbeidet med slektssoga, er alle slektsopplysningane lagde inn på eit slektsprogram, «Gård & Slekt», seinare overført til slektsprogrammet «Brother’s Keeper». Dette har vore naudsynt for å kunna setja alle personane inn i dei rette familiane. Dei har sidan vorte overførte til sine respektive bustader i teksten. Føremonen ved å bruka EDB, er at når opplysningane først er lagde inn, er det relativt lettvint å få dei ut igjen på ymse måtar. Det er derfor høve til å få kjøpa utskrifter til ein rimeleg penge av t.d. anerekkjer bakover, eller alle etterkommarane til ein bestemt person. Her vil også dag og månad komma med, ikkje berre årstal. Ein gjer merksam på at dette registeret berre har vore eit hjelpemiddel, så t.d. skrivemåte av namn mv. vil ikkje alltid stemma med det som står i boka. Dersom nokon ønskjer slike utskrifter, kan dei ta kontakt med forfattaren.


Fedje komm.svg Fedje og folket/Lesarrettleiing er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur