Fedje og folket

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Omslaget på utgåva frå 1997.
Baksidan på boka frå 1997.

Fedje og folket er ei gards- og ættesoge for Fedje kommune. Forfattaren er Arvid Skogseth, og boka kom ut i 1997 med kommunen som utgjevar. Skogseth har seinare oppdatert boka fram til 2022 med tanke på digital publisering. Manus vart levert til Norsk lokalhistorisk instituttNasjonalbiblioteket i august 2022.

Fedje kommune fekk si første bygdebok i 1984, då Oskar Tangen gav ut Bygdebok for Fedje. Dette var ei kultursoge, og nemnda fann ikkje at dei hadde kapasitet til å gje ut ei gards- og ættesoge. I 1994 vart det så beslutta å starte opp arbeidet med ei gards- og ættesoge. Det ble nedsett ei redaksjonsnemnd: Arvid Skogseth, Olav Kongestøl, Karl Storhaug, Gro Tallis og Frank Johnsen. Egil Nysæter frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart konsulent for boka.

Det første opplaget var på 1000 eksemplar, og boka var utsolgt etter fem år. I 2003 vart det trykt opp 1000 nye eksemplar. 25 år seinare var det mange som lurte på om ein ikkje kunne oppdatere boka, og i 2021 vedtok kommunestyret at Skogseth kunne byrje med arbeidet. I tillegg til at tida etter 1997 er dekka, er det òg mykje nytt frå tida før det. Digitalarkivet vart lansert i 1998, og ein har òg fått Nettbiblioteket og andre digitale ressursar som gjer det mogleg å finne fram nye fakta. Antalet bilete vart auka frå king 550 til 660, og det vil òg vere høve til å legge til fleire bilete i den digitale utgåva på Lokalhistoriewiki.

Den digitale utgåva vart lansert på Fedje den 6. desember 2022. Ordfører Stian Herøy stilte opp og trykka på knappen for å setje i gang framsyninga for dei frammøtte.

Sjå óg

Litteratur og kjelder