Fedje og folket/Forord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

FORFATTAREN SITT FORORD

«Fedje og folket» er ei bok om dei som har budd på Fedje opp gjennom tidene. Fedje er eit øysamfunn som ligg for seg sjølv ytst ved kysten heilt nord i Hordaland, med hav eller breie fjordar på alle sider, sjå kart. Arealet er lite, berre 9,5 km2 . Eit anna særteikn for Fedje er den tette busetnaden her, mest som ein landsby. Her var det at folk klorte seg fast, langt frå anna busetnad. Denne boka vil freista på beste måte å skildra lagnaden deira, på godt og vondt.

Boka startar med det første me har av skriftlege kjelder på 1400-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå slutten av 1500-talet og framover. Frå slutten av 1600-talet er det mogleg å firma ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går attende til denne tida. Opplysningane i boka er førte heilt fram til september 1997 så langt det har vore mogleg.

Arbeidet med boka tok til for fullt sommaren 1994. Prosjektet har derfor hatt eit relativt kort «svangerskap», samanlikna med tilsvarande bøker for andre kommunar. Det eigentlege arbeidet starta hausten 1991, då eg byrja på historie hovudfag ved Universitetet i Bergen. Eg tok eksamen hausten 1994, og hovudoppgåva mi var om Fedje frå 1800 til 1940. Eg gjekk i samband med denne gjennom kyrkjebøker, folketeljingar og panteregister mv. for denne perioden. Februar 1994 var det eit møte i regi av kulturkontoret, og ein vart då samde om at ein skulle prøva å førebu ei gards- og ættesoge for Fedje. Kulturstyret valde ei nemnd for dette arbeidet, og eg vart engasjert som forfattar. Seinare vart det bestemt at utgjevinga skulle skje i år, som ei markering av Fedje sitt 50-årsjubileum som eigen kommune. Frå sommaren 1994 har det gått med 2 1/3 årsverk i arbeidet med boka.

Eg har sjølv gått igjennom alle primærkjelder som kyrkjebøker, skifteprotokollar, folketeljingar, panteregister, tingbøker mv. (sjå oversyn over kjeldene bak i boka). Andre har òg samla inn stoff om slekter på Fedje, og desse opplysningane har eg brukt som korrektur og supplement til mine data. Eg vil nemna arbeidet til Andreas Gudmundsen, Fredrik Rognsvåg og Martinus Ones (Lindås). Det siste er lagt inn på EDB av Roald Synnevåg. Ikkje minst når det gjeld opplysningar om nabokommunen Austrheim, har samarbeidet med han vore til god hjelp. Heldigvis er mange av kjeldene som kyrkjebøker og skifteprotokollar mikrofilma, slik at eg har kunna sitja heime og skriva av desse. Av panteregister og folketeljingar har eg fatt kopiar frå arkivverket, og dette har òg letta arbeidet mykje. Folketeljingane for 1801 og 1900 er databehandla, som òg har vore til god hjelp. Det meste av dette materialet vil inngå som ein del av ei lokalhistorisk samling ved biblioteket på Fedje. Likevel har det vore naudsynt med mange besøk på Statsarkivet i Bergen for å leita fram opplysningar. Der har det vore til stor hjelp at dei har dataregistrert mange av kjeldene, t.d. folketeljingar og kyrkjebøker for Bergen fram til 1912. Også i Riksarkivet i Oslo har eg vore for å samla inn opplysningar.

Bildematerialet er ein viktig del av boka. Det er om lag 530 bilde, som skulle gje eit variert inntrykk av ulike sider ved Fedjesamfunnet. Hovudvekta er lagt på eldre bilde. Bilda kan vera litt ujamt fordelt på dei ulike familiane, men det har samanheng med det tilfanget det har vore høve til å få fatt i. Dessverre har det ikkje vore mogleg å firma ut kven som har teke alle bilda, men dei fleste har vorte utlånte frå private eigarar. Alle bilda er lagde inn på foto-CD, som vert lagra på biblioteket.

Det har vorte lagt stor vekt på å unngå feil i boka. Det er gjort m.a. ved korrekturlesing, gjennom besøk og munnleg og skriftleg kontakt med folk både på og utanfor Fedje. Likevel er det vanskeleg heilt å vera feilfri i eit slikt prosjekt, med så mange namn og årstal. Eg vil beklaga dei feila som måtte vera, det har som sagt vore arbeidd mykje for å luka dei vekk. Eventuelle feilopplysningar kan meldast (helst skriftleg) til kulturkontoret.

Det er mange å takka ved arbeidet med boka. Eg vil først og fremst retta ein stor takk til alle, både på Fedje og andre stader, som eg har vore i kontakt med og fått opplysningar frå. Dette gjeld òg utlån av bilde. Utan denne hjelpa hadde det ikkje vore mogleg å laga denne boka. Vidare har det vore god støtte å få frå redaksjonsnemnda med Egil Nysæter, Olav Kongestøl, Karl Storhaug og Frank Johnsen. Når det gjeld bilde, har Oddvar Gullaksen vore ein god støttespelar, ikkje minst for bilde av fiskebåtar og tilhørande opplysningar. Dei tilsette på kommunehuset har vore til god hjelp under arbeidet. Lisbeth Storhaug har vore språkkonsulent, og har komme med nyttige innspel. Samarbeidet med Time Foto om avfotograferinga av alle bilda har gått greitt. Også ein takk til Sverre Mo for fine teikningar av kart og anetavle. Eg vil òg takka for samarbeidet med Grafisk Idé & Produksjon ved Terje Dale og Per-Arne Krokås, som har stått for den grafiske utforminga av boka. Trykkeri og bokbindar har òg gjort eit godt arbeid.

Til slutt vonar eg at boka vil verta til glede og nytte for alle som er interesserte i historie og slekt. Det har vore gjevande å arbeida med dette stoffet, sjølv om eg sjølv ikkje har slektsband til Fedje.

Fedje, september 1997

Arvid Skogseth

PS. Bak i boka er diverse tillegg med lesarrettleiing og register m.m. Det kan vera lurt å setja seg inn i desse før ein byrjar å lesa boka. DS.

FORORD TIL DEN DIGITALE UTGÅVA 2022

Fedje og Folket vart trykt i 1100 eksemplar i 1997. Boka vart utseld i løpet av fem år, og i 2003 vart det trykt nye 1000 eksemplar. Det er framleis bøker på lager, så papirboka er til sals.

Dei siste åra har det vore spørsmål om ikkje boka skal oppdaterast med nye opplysningar. Eg har brukt å seia at det bør minst gå ein generasjon før dette bør skje. No har det gått 25 år, altså om lag ein generasjon.

Det er nærast skjedd det ein kan kalla ein digital revolusjon på desse åra. No kan det meste finnast på internett ved hjelp av datamaskin, nettbrett eller telefon. Her kan òg bøker lesast. Sjølv om eg i utgangspunktet var skeptisk, har eg komme til at ei ny, oppdatert utgåve av Fedje og Folket bør lagast digitalt, slik at boka kan lesast på internett. Eg lanserte dette prosjektet for Fedje kommune hausten 2021, og det vart vedteke av formannskapet og kommunestyret, slik at arbeidet kunne byrja tidleg i januar 2022.

Ein viktig samarbeidspartnar er Norsk Lokalhistorisk Institutt (NLI) i Oslo ved Chris Nyborg. NLI er no ein del av Nasjonalbiblioteket, og har sagt seg villig til å gjera publiseringsarbeidet av den digitale boka i regi av Lokalhistoriewiki. Her ligg òg andre digitale bygdebøker og anna lokalhistorisk stoff. Av NLI fekk eg i januar ein tekstfil av papirboka som eg har arbeidd vidare med.

Av teknisk sjef Øyvind Tolleshaug fekk eg ei liste over alle eigedommane og eigarar pr 1. januar 2022. Eg har gått igjennom alle eigedomsoverdragingane sidan 1997. No har alle eigedommane fått vegadresser, og dei er føydde til.

I februar vart det sendt ut skjema for person- og eigedomsopplysningar til alle huseigarar/leigetakarar. Dette skjemaet vart i tillegg lagt ut på kommunen si heimesida, slik at det kunne fyllast ut digitalt. Det har vore gode tilbakemeldingar på skjemaet, og desse opplysningane er førte inn i boka.

Etter at Fedje og Folket kom ut i 1997, har det som nemnt ovanfor skjedd mykje i den digitale verda. Digitalarkivet til Arkivverket vart lansert alt året etter, i 1998, og har sidan vorte utbygd med utallige kjelder, både skanna og søkbare arkiv. Dei fleste av kjeldene nemnde bak i boka kan såleis lesast digitalt. Gravminneregister og skanna aviser kan ein no lesa på internett. Slik har eg kunna funne mange nye opplysningar, også frå eldre tid. I tillegg har eg hatt god hjelp av Kenneth Bratland ved Statsarkivet i Bergen.

I juni var arbeidet komme så langt at manusutkast kunne sendast ut til familiane, i alt rundt 500 skriv. Nye opplysningar har deretter vorte førte inn, slik at boka er oppdatert fram til juli 2022 så langt det har vore mogleg. Mange har òg nytta høve til å senda inn bilde. Elles har Karsten Madsen og Arne Wiken bidrege med mange nye bilde. I papirboka var det om lag 530 bilde, i tillegg kjem 130 nye, altså i alt rundt 660 bilde i den digitale utgåva.

Eg vil takka for stor velvilje frå Fedje kommune med ordførar Stian Herøy i spissen. Dagrun Gunnarson var med og drog i gang det praktiske arbeidet, og Andrea Waage har vore min kontaktperson og har hjelpt med formidlingsarbeidet, stor takk til begge. Også takk til fungerande kommunedirektør Olav Mongstad for godt samarbeid, og til Kristine Rossnes og Jon Harald Leknes som har komme med verdifulle innspel til boka. Og ikkje minst stor takk til bygdefolket for den interessa dei har synt ved denne oppdateringa av Fedje og Folket. Eg har brukt eit timetal tilsvarande 5 månader på dette arbeidet i 2022. For meg har det vore gjevande og interessant å få arbeida vidare med stoffet, og no presentera ei ny og digital utgåve av boka.

Fedje, august 2022

Arvid Skogseth


Fedje komm.svg Fedje og folket/Forord er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur