Fedje og folket/Kjelder

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kyrkjebøker

Kyrkjebøkene er ei sentral kjelde i arbeidet med slektssoga. Fedje hører til Lindås prestegjeld, og her byrjar kyrkjebøkene i 1699. Fram til 1740 er det berre dåp som er innført. Frå 1740 vert bøkene fullstendige, med både dåp, truloving/vigsel og gravferd. På 1700-talet er dåpsinnførsla oftast knapp, namnet på barnet er sjølvsagt med, samt fornamnet til faren og bustaden (garden). Namnet til mora manglar som regel, og også farsnamnet til faren. Dette gjer at det har ikkje alltid vore like lett å setja saman familiane, spesielt før vigselsprotokollen startar. Derimot har presten vore nøye med å føra opp alle fadrane. Desse innførslane kan gje viktig informasjon når andre kjelder er mangelfulle. Det er ein del dødsinnførslar som manglar fram mot 1800. Når det gjeld alder ved dødsfalla til eldre personar, vert den særs ofte oppgjeven ein 10 til 15 år for høg. Dette heng truleg saman med at det var «status» å ha ein høg alder, og derfor tok ein i litt ekstra. Den avdøde kunne jo heilar ikkje spørjast, dersom det var tvil om alderen. I perioden frå 1740 til 1792 har presten delt inn kyrkjebøkene i eigne avsnitt for kvart sokn, slik at t.d. Fedje har fått eigne bolkar. Frå 1792 til 1815 er bøkene førte kronologisk med heile prestegjeldet samla. Gardsnamnet er heile tida oppgjeve, så det har vore greitt å firma dei personane som hører til Fedje. Frå 1816 og framover er bøkene førte i faste skjema, med eigne rubrikkar for dåp, konfirmasjon, vigsel, død mv. Men bøkene er framleis felles for heile prestegjeldet. Først frå 1886 får sokna sine eigne kyrkjebøker. Frå då av har Fedje sin eigen serie med kyrkje- og klokkarbøker. For å fanga opp mest mogleg opplysningar om dei som flytta til og frå Fedje, har det vore naudsynt å gå igjennom kyrkjebøkene også for dei andre sokna i Lindås prestegjeld. Det same gjeld for kyrkjebøkene til dei næraste prestegjelda, Gulen og Manger. Det siste omfatta tidlegare det meste av Øygarden i tillegg til Radøy. Også frå kyrkjebøkene for Bergen er det henta mange opplysningar. Dei er dataregistrerte fram til 1911, og ein har frå Statsarkivet fått utskrifter over gifte og døde personar med fødestad Fedje eller Lindås. Vigselsprotokollane for prestegjelda i Bergen etter 1912 er gjennomgåtte så langt dei har vore tilgjengelege. Også andre kyrkjebøker er brukte for å firma nøyaktige fødselsdata mv. for innflyttarane til Fedje. Dei fleste kyrkjebøker fram til om lag 1920 er mikrofilma.

Skifteprotokollar

Skifteprotokollane er ein annan sentral kjeldeserie. Fedje hører til sorenskrivaren i Nordhordland. Dei første skifteprotokollane her er frå 1702 til 1716. Så er det mange år der protokollane er komne vekk, då dei neste byrjar i 1756 og går fram til 1763. Deretter er det eit hol igjen, men frå 1776 er dei samanhengande. Statsarkivet har skifteprotokollar fram til 1972, som alle er gjennomgått. Ein var tidlegare pliktig til å halda offentleg skifte dersom det var umyndige arvingar, så det var ikkje skifte ved alle dødsfall. I skiftet er namnet på arvingane oppgjeve, og det er eit fint supplement til kyrkjebøkene. Alle eigedelane i buet vart registrerte i skifta fram til midten på 1800-talet, og det gir eit oversyn over kva folk hadde. Det meste av desse opplysningane er tekne med i teksten. Det er ikkje berre skifta etter folk på Fedje som er interessante, ein kan finne viktige slektsopplysningar om dei som flytta til Fedje i skifte frå andre stader i Nordhordland. Derfor er alle skifta i protokollane for Nordhordland gjennomgåtte fram til 1830. Statsarkivet har laga register sortert på fornamn og gardsnamn for alle skifte frå 1702 til 1857. For dei periodane der skifteprotokollane er komne vekk, finst det såkalla skiftedesignasjonar for nokre år i arkivet til stiftsamtmannen. Det gjeld for perioden 1731-1748 og 1764-1770. Dette er berre samandrag av skifta, med dei umyndige arvingane nemnde, men har likevel gitt nyttige opplysningar. Skifteprotokollane fram til 1869 er mikrofilma.

Manntal og folketeljingar

Manntal og folketeljingar er lister over personar til eit bestemt tidspunkt. Dei første manntala omfatta berre mannspersonar, og er frå 1666 og 1701. Den første norske fullstendige folketeljinga var i 1769, men her er ikkje namn oppgjeve, så den har mindre interesse. Folketeljinga i 1801 gir både bustad, namn, alder og næring, og har vore ei viktig kjelde. Den er dataregistrert for heile landet. Dei neste folketeljingane er utan namn, men nokre har jordbruksopplysningar som er refererte i teksten. Frå og med 1865 er alle folketeljingane med namn. Teljinga i 1865 er dataregisterert for m.a. Lindås og Manger prestegjeld, og det har vore ei god hjelp. Det same gjeld teljinga for 1900, som er dataregistrert for omtrent heile landet. Såleis har det vore mogleg å søkja etter personar på landsbasis, og dette har gjeve mange nyttige opplysningar. Elles var det teljingar i 1875 og 1891 (på Riksarkivet). For Bergen er teljingane i 1815, 1865, 1875, 1891 og 1912 også dataregistrerte, og for 1891 og 1912 har ein fått lister over personer fødde i Fedje og Lindås. Folketeljingane i 1910, 1920 osv. har ein sperrefrist på 100 år, så det har ikkje vore mogleg å nytta dei.

Panteregister

Panteregisteret for Nordhordland startar i 1770. Hjå Statsarkivet er det avlevert fram til 1955, medan ein for seinare opplysningar må gå til grunnbøkene hjå sorenskrivaren. Panteregisteret omfattar alle opplysningar om bygselavtalar, skøyte og frådelingar mv. av fast eigedom. Pantebøkene startar i 1741, og her er det avskrift av dei dokumenta som er tinglyste.

Tingbøker

Tingbøkene for Nordhordland byrjar i 1642. Alle bøkene fram til 1790 er gjennomgått. Dei er dataregistrerte fram til om lag 1720, slik at dei er lettare tilgjengeleg. Utanom reine straffesaker og sivile saker, finn ein og i dei eldste tingbøkene opplysningar om bygselavtalar og skøyte på fast eigedom. Det meste av dei opplysningane som gjeld Fedje, er refererte i teksten.

Andre kjelder som er på Statsarkivet i Bergen:

Mannskapsruller

I arkivet etter Innrulleringssjefen i Bergen er det mannskapsruller frå 1749 til 1800 som gir nyttige opplysningar om kven som var på bruka. Her er ført inn ein del dødsfall som ikkje står i kyrkjebøkene. Elles finst det lister over innrullerte matrosar, soldatar mv.

Dødsmeldingar

Lensmannsarkivet for Lindås har dødsfallsprotokollar for tida 1871-1914, samt lister over ut- og innflytta personar. Også i arkivet til sorenskrivaren er det dødsmeldingar, dei for perioden 1915-1935 er gjennomgåtte.

Losarkiv

Arkivet til Vestenfjelske overlosdistrikt gir interessante opplysningar om losane frå rundt 1800 til andre verdskrigen. Bergen bispestol har ein del kyrkjerekneskap som kan gje nyttige tilleggsopplysningar.

Jordskifteprotokollar

Jordskifteverket har avlevert jordskifteprotokollar som syner gangen i utskiftingane av jorda.

Utvandrarregister

Det er eit register over utvandrarar i tida 1874-1924. Det er dataregistrert, og derfor lett å firma fram i.

Skuleprotokollar

Interkommunalt arkiv i Hordaland (1. etasje i Statsarkivet) tek vare på skuleprotokollane for Fedje frå 1868 og framover. Her finn ein lærartilsetjingar og andre interessante saker om skulen.

I Riksarkivet i Oslo er desse arkivseriane gjennomgåtte:

Fyrarkiv

Fyrdirektoratet, journalar frå 1853 til 1912, fyrmapper for Hellisøy og Holmengrå fyr frå 1910 og framover. Her finn ein opplysningar om kven som var tilsett på fyrstasjonane, og elles om drifta der.

Lensrekneskap

Lensrekneskapa for Bergenhus len 1590-1660 ligg i Riksarkivet, men dei er ikkje lenger tilgjengelege. Det er fordi dei er mikrofilma. Opplysningane for Nordhordland er gjennomgåtte, og det er teke avskrift av alt som gjeld Fedje. Desse rekneskapane inneheldt skattelister og jordebøker mv. som syner kven som budde på dei einskilde bruka. Koppskattelista frå 1645 er t.d. her. Ein finn òg opplysningar frå bøteregisteret.

Amtrekneskap

Amtrekneskapen held fram der lensrekneskapen sluttar i 1661, og varer til 1690. Fram til 1668 er det skattelister som syner namn på brukar, men seinare manglar brukarnamn.

Futerekneskap

Når futerekneskapane startar i 1691, er brukarnamnet stort sett med igjen fram til 1736. Skoskattelista frå 1711 er her, det same er ekstraskattelistene frå 1762 til 1772 med namn på bruk og brukarar.

Matriklar

Jordeboka for 1661, matriklane for 1665, 1723, 1819-45 og 1863 samt jordavgifta 1802 er òg i Riksarkivet. Dei er kopierte, og opplysningane om utsåd og husdyrhald mv. er brukte i boka.

Kjeldeseriar

Det er utgitt ein del kjeldeseriar med avskrift av gamle skriv og rekneskap mv., sjå litteraturlista. Dei (få) skriftstykka som gjeld Fedje er refererte i teksten.

Munnlege kjelder

Ein må heller ikkje gløyma dei munnlege kjeldene, dvs dei som har gjeve opplysningar om si næraste slekt. Dette har skjedd både ved besøk, gjennom telefon og pr brev.

Fedje komm.svg Fedje og folket/Kjelder er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur