Husa (Fedje gnr 168 bnr 11)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
S130.168.11.CD 02 020.jpg
Frå Husa rundt 1900 før husa vart flytta pga utskiftinga. Det næraste kvite huset er bnr 62, huset til venstre bakom det er det gamle huset (kårhuset) på bnr 11, det nye står litt til høgre (delvis gøymt). Huset til venstre igjen er bnr 8, her står det på Nøstebakken, som det har fått namn etter. Huset til høgre er bnr 10. Skulehuset på Muren bak til venstre, deretter huset i Uthaugen, kyrkja, Kopper bnr 2, bnr l og bnr 3.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 11
Adresse: Mulevegen 74

Husa er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune.


1. Magdeli Mikkelsd f. 1703 Husa (gnr 168 bnr 5-6c) d. 1761 g.m. Rasmus Larsen f. 1702 truleg Solend, Austrheim d. 1777 (kan vera son av Lars Jakobsen Solend, sjå Austrheimb. I s 608). Som nemnt under gnr 168 bnr 5-6 vart dette bruket frådelt omkring 1723. Magdeli og Rasmus brukte då ¼ av Husa. Bruket går under namnet Purko. Ifølgje O. Rygh kan dette namnet komma av holmen i Husavågen som no heiter Smiholmen. Det var ikkje uvanleg at slike skjer fekk eit slikt namn. Rasmus var los ifølgje militære ruller. Han hadde i 1730 drengen Mikkel Larsen 26 år. Det går fram av ei sak på vårtinget i Lindås i 1730, der Rasmus vart stemna for å ha teke ei kiste som kom flytande som vrakgods, utan å varsla lensmann eller fut. Men Mathias, drengen til Gjertrud Dankertsen (Kremmarholmen 4), fortalde at Rasmus og drengen Mikkel hadde komme til dei på Holmen med kista. Av ei anna sak i tingboka går det fram at Rasmus hadde tenaren Ingebrigt Mikkelsen i 1754.

Born: a. Marta Rasmusd g. 1746 m. Bård Thomassen f. 1726 Krossøyna, Austrheim d. 1781, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-1). b. Brita Rasmusd f. 1739 d. 1800 g. 1770 m. enkjemannen Mikkel Olsen f. 1731 Bø i Radøy d. 1801, budde der (sjå Radøyb. I s 596). c. Jon Rasmussen f. 1742 d. før 1761 då han ikkje er nemnd i mora sitt skifte det året. d. Magdeli Rasmusd f. 1742 (tvilling med c.) d. 1757. e. Lars Rasmussen f. 1743 d. 1801 g. 1772 m. Anna Askildsd f. 1747 på Austrheim d. 1803, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 12-1).

Det var skifte etter kona Magdeli i 1761, med arvingane mannen Rasmus og tre born. Skiftet var usedvanleg rikt, iallfall til å vera på Fedje. Brutto formue var på vel 646 rdl, m.a. med partar i jordegods i Mongstad i Lindås og Øksneset i Austrheim (Rasmus fekk skøyte på ein del av Mongstad i 1741 og av Øksneset i 1726, jf Lindåsb. IV s 536, og Austrheimb. III s 435). Gjelda var berre 16 rdl. Det var sølvvarer for 152 rdl (m.a. ei sølvkrone til 75 rdl) og kopar for 46 rdl. Jordeigaren Joakim Dankertsen skyldte dei 160 rdl. Ein kan undrast kvar all denne rikdomen kom frå. Det kan ha vore arv etter foreldra, sjå merknad under Husa gnr 168 bnr 5-6. Utanom store mengder innbu, var det av husdyr fire kyr, ein okse, fire sauer og tre vêrar. Av utstyr for fiske hadde dei ein stor båt med segl, ein seksæringsbåt, to færingsbåtar, fire torskegarn, fire sildegarn, to tauvadar og eit snøre. Elles var det ei kvern på garden.

2. Enkjemannen Rasmus Larsen (1) g.2.g. 1762 m. Anna Persd f. 1732 Ones, Lindås d. 1813 (dotter av Per Mikkelsen f. 1699 og Dordi Halsteinsd f. 1697 Litloksa, Seim i Lindås, sjå Lygrab. s 218 og Alenfitb. I s 367). I 1769 delte dei garden og lét Rasmus sin son Lars overta halvparten, som vart til nytt gnr 168 bnr 12.

Born: a. dødfødd dotter f. 1765. b. Mikkel Rasmussen f. 1769 d. 1845 g. 1792 m. enkja Abelona Jonsd f. 1748 Brotet (gnr 168 bnr 16-7c) d. 1832, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 5-11). c. Magdeli Rasmusd f. 1774 d. 1780. Det var ikkje så ofte det vart skifta etter born, men det skjedde med Magdeli. Det hadde si årsak i at ho hadde fått ein etter måten stor arv etter faren. Det var 52 rdl i buet etter henne, og arven gjekk til mora Anna, fullbroren Mikkel og halvsøskena Lars, Marta og Brita. Om Marta vert det sagt at ho er avliden etter søstera, men likefullt er ho nemnd som enkje i skiftet av same dato etter mannen, sjå Husa gnr 168 bnr 9-1.

Ved skiftet etter Rasmus i 1777 var arvingane enkja Anna og dei fem borna frå to ekteskap. Liksom skiftet etter den første kona Magdeli var dette også eit særs rikt skifte. Utanom dei tidlegare nemnde gardpartane i Mongstad og Øksneset, eigde buet òg i garden Tvibergneset i Lindås (jf Lindåsb. IV s 283). Gjennom den andre kona Anna var buet eigande ein part i garden Litloksa i Seim, og i Grimstad i Lygra. Buet hadde ein brutto formue på 557 rdl. Av fiskeutstyr var det ein slagkeipingsbåt utan segl, ein seksæringsbåt utan segl, ein færingsbåt utan segl, ein stor båt med segl, to krabbeteiner, tre vårsildgarn, tre småsildgarn, eit fiskesnøre med stein, eit utan stein, to torskegarn og to linevadar. Dei hadde fem kyr, ei kvige med kalv, heile seks vêrar, fire sauer, to lam og noko så sjeldsynt som to geiter med kje og ein fjorgammal bukk. Det var ikkje vanleg med geiter på Fedje. Det var mykje av sølv, kopar, messing og tinn og elles vanleg innbu og klede, forutan kontante pengar. Så her var stor velstand, ikkje minst samanlikna med dei andre gardane på Fedje.

3. Enkja Anna Persd (2) g.2.g. 1778 m. Ola Olsen f. 1754 Solend, Austrheim d. 1824 (son av Ola Johannessen f. 1707 d. 1772 og Ingeborg Magnesd f. 1727, jf Alenfitb. I s 381 og Austrheimb. I s 591). Ola var bror til Jonas Uthaugen (gnr 168 bnr 20-1) og Johanna Vika (gnr 168 bnr 28-10). Ingen born. Bygsel 1778 på 18 merker fisk 3 kanner malt (⅛ av Husa) frå Dankert Dankertsen Heiberg. I 1801 budde Anna og Ola her med tenarane Ola Jonasen 15 år (brorson til Ola) og Johanna Kristensd 15 år (sjå Grenda gnr 168 bnr 17-12). Ola var los, tilsett som fastlos frå 1792 ifølgje losprotokoll for Bergen. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på 1 tn korn og kunne avla 2,3 tn, og nokre år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 rdl. Anna og Ola vart kårfolk i 1811.

Etter at Anna var død, vart Ola g.2.g. 1813 m. enkja Elsa Eriksd i Vika, og flytta dit (gnr 168 bnr 28-12).

4. Anna Amundsd f. 1774 Halland, Radøy d. 1849 (jf Radøyb. III s 756, dotter av Amund Larsen f. 1736 og Alet Palmersd f. 1737) g.1.g. 1801 Manger m. Kristen Hansen f. 1779 Hopland, Austrheim d. 1815 (son av Hans Rasmussen f. 1753 (jf Børo husmenn 2da) og Anna Kristensd f. 1749, sjå Alenfitb. I s 155 og Austrheimb. II s 585). Bygsel 1811 frå Kristoffer Kahrs på 18 merker fisk og 3 kanner malt (⅛ av Husa). Dei budde først på Radøy, der den eldste dottera er fødd, og så på Hopland, der borna b. - e. er fødde.

Born: a. Brita Kristensd f. 1802 d. 1871 ugift i Rognsvågen, der ho var tenar hjå søstera Anna. b. Alis Kristensd f. 1803, oppfostra hjå farsøstera Siri Hansd f. 1782 og mannen Klaus Magnesen f. 1778 Lerøyna, Austrheim d. 1835 (jf Austrheimb. III s 381), dei budde i Bergen ifølgje folketeljinga der i 1815. c. Hans Kristensen f. 1805 d. 1884, budde i Bergen der han var daglønnar/sjauar, g.1.g. 1836 m. Berta Marie Andersd f. 1804 Bergen d. 1866, g.2.g. 1869 m. Kari Andersd Dale f. 1830 Systad i Hyllestad d. 1893. d. Anna Kristensd f. 1807 d. 1885 g. 1832 m. Per Olsen f. 1805 Kopper (gnr 168 bnr 2-9b) d. 1877, busette i Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-2). e. Pernilla Kristensd f. 1809 d. 1811. f. Pernilla Kristensd f. 1812 d. 1833 (omkom på sjøen, attfunnen same dag). g. Kristen Kristensen f. 1815 d. 10 md gl.

Kristen sitt dødsfall er ikkje ført i kyrkjeboka, kan han vera kommen bort på sjøen saman med Rasmus Larsen Husa (gnr 168 bnr 12-2)? Det var skifte etter Kristen i 1815. Arvingane var enkja Anna og fem born. Buet hadde ein formue på 76 rdl, og det vart 59 rdl på dei etterlatne. Dei hadde fire kyr, ei kvige, tre sauer og to lam. Elles var det i buet m.a. ein tinnkumme, ein tinnstake, to gryter, ei kiste, ei kiste med lås, to par vassbøtter, ei sildetønne, ei trantønne, ei eikhalvtønne, eit skap i stova, ei smørkinne, ein spade, ei sag, ein navar, to høvlar, fem høyljåar og ein kniv. Merkeleg nok er ingen sjøreiskapar nemnde. Kanskje gjekk dei tapt då Kristen drukna.

5. Enkja Anna Amundsd (4) g.2.g. 1815 m. Lars Larsen f. 1787 Sævrøyna, Austrheim d. 1853 (jf Austrheimb. III s 690, son av Lars Halvorsen f. 1754 og Johanna Persd f. 1762, sjå Midt-Tangen gnr 168 bnr 26-7). Lars var bror til Mons Børo (husmenn 3) og Per Langedalen (gnr 169 bnr 5-5). Bygselbrev 1816 på 18 merker fisk 3 kanner malt (⅛ av Husa) frå Kristoffer Kahrs. Dei vart kårfolk i 1836.

Barn: a. Helga Larsd f. 1816 d. 1898, neste brukar (6).

6. Helga Larsd f. 1816 på dette bruket (5a) d. 1898 g. 1834 m. Anders Gudmundsen f. 1814 Kopper (gnr 168 bnr 3-3f) d. 1880. Bygsel 1836 frå Kristoffer Kahrs på 18 merker fisk og 3 kanner malt. Matrikkelen i 1838 syner at Anders var brukar her med ny skyld 2 ort og 4 skilling (⅛ av Husa). Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 23/10 kyrlag og utsådet ¾ tn havre og ¾ tn potet. Avlinga var på 3½ tn havre, 3½ tn potet og 141 våger høy. Det var 1,8 mål dyrka åker og eng, og 10,4 mål naturleg eng som kunne gje 130 våger høy og 9 våger halm. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka og gjødsla. I 1845 hadde Helga og Anders 3 storfe og 4 sauer, i 1855 5 storfe og 8 sauer og i 1865 7 storfe og 8 sauer, altså ein jamn auke. Dei sådde i 1845 ⅜ tn havre og ¼ tn potet, i 1855 1 tn havre og ½ tn potet og i 1865 1 tn havre og 1 tn potet. Poteta vart stendig viktigare. Dei gav frå seg bygsla i 1870 mot kår. I 1875 hadde dei 2 kyr og 4 sauer på kåret. Dei budde i kårstova, som Anders sette opp. Fosterdottera Helena Karlsd f. 1866 Træsneset budde her da, ho var dotterdottera deira.

Born: a. Brita Andersd f. 1835 d. 1915 g. 1858 m. Karl Olsen f. 1831 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-13a) d. 1912, budde i Træsneset (gnr 171 bnr 1-1). b. Kristen Andersen f. 1836 d. 1904, neste brukar (7). c. Gudmund Andersen f. 1838 d. 1901 g. 1865 m. Agata Persd f. 1847 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-2d) d. 1891, budde der (3). d. Andreas Andersen f. 1841 d. 1924 g. 1869 m. Anna Simonsd f. 1844 Marøyna, Radøy d. 1924, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 3-5). e. Lars Andersen f. 1843 d. 1920, utflytta 1869 til Villa fyr i Flatanger, Nord-Trøndelag, g. 1872 der m. Mathilde Martinsd Enersen f. 1854 Horten d. 1922 (dotter til fyrassistent Martin Enersen på Villa), budde i Skavika, Kvernøya i Flatanger (jf Flatangerb. I s 292). f. Petrikka Andersd f. 1848 d. 1937 g. 1879 m. em. Ole Mikkelsen f. 1853 Moldøyna (gnr 170 bnr 3-19a) d. 1934, brukarar der (21). g. Petter Andersen f. 1851 d. 1906 (omkom på fiske) g. 1878 Flatanger m. Nikolina Johansd Strøm f. 1857 Flatanger d. 1947, budde der på Hylland (sjå Flatangerb. II s 429).

7. Kristen Andersen f. 1836 på dette bruket (6b) d. 1904 g. 1869 m. Johanna Olsd f. 1843 Husa (gnr 168 bnr 5-12d) d. 1910. Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1870. Kristen bygde då nytt våningshus her. I 1875 hadde han og Johanna 3 kyr, 1 kalv og 5 sauer. Utsådet var 1½ tn havre og 1 tn potet. Dei dreiv med fiske og jordbruk. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 57 øre. I 1900 var dei kårfolk.

Born: a. dødfødd son f. 1869. b. Helena Martina Kristensd Husa f. 1871 d. 1955, fekk med Jon Larsen Husa (gnr 168 bnr 10-7) f. 1864 d. 1931 dottera ba. Hilda Maria Jonsd Husa f. 1907 d. 1991 g. 1940 m. Leif Thornquist f. 1899 Bergen d. 1981, sjå òg Husa gnr 168 bnr 51-2. Helena og dottera flytta til Bergen i 1907 og budde der, ho dreiv med flatbrødbaking ifølgje folketeljinga 1912. c. Olai Kristensen Husa f. 1872 d. 1955, neste brukar (8). d. Andrea Kristensd f. 1875 d. 1907 g. 1902 Bergen m. Bernt Kornelius Guttormsen f. 1872 Kversøy, Gulen d. 1935, budde der (sjå Gulenb. III s 313). e. Kristen Johan Kristensen f. 1878 d. 1960 g. 1902 m. Marie Andersd f. 1877 Byrknes, Gulen d. 1934, busette i Kongestølen (gnr 169 bnr 8-1). f. Anna Petrine Kristensd f. 1881 d. 1952 g. 1909 m. Adolf Kristoffer Hansen f. 1877 Aker, Oslo d. 1967, møbeltapetsermeister, budde der på Nordstrand. g. Gina Maria Kristensd Husa f. 1884 d. 1961, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 51-1), sjå der.

8. Ole Kristensen Husa f. 1872 på dette bruket (7c) d. 1955 g. 1900 m. Josefine Rasmusd f. 1879 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-16a) d. 1965. Brukarar her frå dei var gifte. Skøyte tinglyst 1907 frå Fedje Torvkompagni for 1090 kr, men Ole nemnd som sjølveigar alt i 1900. Dei sette opp det noverande huset der gnr 168 bnr 132 er no, seinare flytta dei det dit det står i dag. Fiske og jordbruk var næringa. Ho vart kalla «Fina i Purko».

Born: a. Anders Olsen Husa f. 1900 d. 1965, neste brukar (9). b. Kristen Johan Olsen Husa f. 1902 d. 1998 g. 1923 m. Johanna Paulsd f. 1903 Kleppestø, Askøy d. 1979, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 48. c. Marie Olsd Husa f. 1904 d. 1941, emigrerte til USA i 1930, bustad Brooklyn, New York, g.m. Moriss av russisk slekt, kanskje frå Estland. d. Robert Olsen Husa f. 1906 d. 1988, ugift, fiskar, utvandra til USA i 1928, busett New Bedford, Massachusetts. e. Arthur Olsen Husa f. 1908 d. 1996 g. 1946 m. Bergith Rognsvåg f. 1925 (gnr 168 bnr 6-1b) d. 2013, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 111. f. Ingrid Oliva Olsd Husa f. 1910 d. 1982 g. 1937 m. Kristoffer Hestenes f. 1902 (gnr 169 bnr 4-2f) d. 1969, bustad Laksevåg, Bergen. g. Emma Marta Olsd Husa f. 1912 d. 2007 g. 1934 m. Albert Karlsen Husa f. 1903 (husmenn 4c) d. 1996, busette på Nygård (gnr 172 bnr 37-2). h. Helga Edith Olsd Husa f. 1916 d. 1978 g.m. Walter Harris, postmann, bustad Brooklyn i New York, USA. i. Grethe Olsd Husa f. 1920 d. 2021 g. 1950 m. Hjalmar Karl Johannes Sjåvik f. 1914 Karlsøy i Troms d. 1998, tømrar, bustad Langhus, Ski i Akershus. j. Olai Johannes Olsen Husa f. 1925 d. 2015, ingeniør, ugift, busett Florø.

9. Anders Olsen Husa f. 1900 på dette bruket (8a) d. 1965 g. 1933 m. Helene Petrine Hansd Netteland f. 1907 Solund d. 1993 (sjå Solundb. I s 311 og 392, og Gulenb. III s 422). Anders var fiskar, bygnings- og motormann. Skøyte i 1953 for 1000 kr og kår til foreldra. Han delte jorda med broren Johan same året, sjå gnr 168 bnr 48.

Born: a. Ingeborg Helena Husa f. 1934 g. 1959 m. Andreas Kjeilen f. 1927 Nygård (gnr 172 bnr 100-1f) d. 2001, budde først der (2), flytta til Sveio. b. Olav Johan Husa f. 1936, neste eigar (10). c. Marta Josefine Husa f. 1940 g. 1967 m. Anders Litlere f. 1939 Voss d. 2018, gardbrukarar der. d. Inga Nelly Husa f. 1942 g.m. Kjartan Jønsson, sjømann, frå Olafsvik, Nord-Island, busette der.

10. Olav Husa f. 1936 på dette bruket (9b) g. 1968 m. Kirsten Ulveseth f. 1940 Fjell, busette der på Midtre Fjell (jf Fjellb. II s 205 og V s 614), no Øygarden kommune. Olav fekk skøyte etter foreldra i 1968. Huset vert brukt som feriebustad.

Born: a. Vibeke Husa f. 1970, bustad Solsvika i Fjell, Øygarden kommune. b. Beate Husa f. 1971, bustad Glesnesholmen og så Skoge i Sund, Øygarden kommune (jf Sundb. IV s 105 og V s 613). c. Therese Husa f. 1974, bustad Glesnesholmen (sjå Sundb. IV s 105). d. Arnt-Ove Husa f. 1977, bustad Fjell, seinare Kåravika i Sund, Øygarden kommune.

11. Vivian Mongstad f. 1956 g. 1983 m. Richard Charles Osborn f. 1961, bustad New Jersey i USA, fekk skøyte i 2023. Ho er dotter til Marie (Lillemor) og Ditlef Mongstad, sjå Husa (gnr 168 bnr 10-8e) og Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3b).

Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 11) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 10) • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 12)