Husa (Fedje gnr 168 bnr 12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 12
Adresse: Stormarkvegen 112

Husa er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune.

1. Lars Rasmussen f. 1743 Husa (gnr 168 bnr 11-1e) d. 1801 g. 1772 m. Anna Askildsd f. 1747 på garden Austrheim d. 1803 (jf Austrheimb. III s 79, dotter av Askild Olsen og Kari Gudmundsd f. 1708 d. 1777, søster til Brita Brotet gnr 168 bnr 16-7). Dette bruket vart utskilt frå gnr 168 bnr 11 omkring 1769, då Lars vert nemnd som brukar i ei militær rulle. I folketeljinga 1801 budde Lars og Anna her med sonen Rasmus.

Barn: a. Rasmus Larsen f. 1781 d. 1815, neste brukar (2).

2. Rasmus Larsen f. 1781 på dette bruket (1a) d. 1815 g. 1804 m. Erika Olsd f. 1773 Øksneset, Austrheim d. 1814 (dotter av Ola Eriksen f. 1733 d. 1781 og Synneva Guttormsd f. 1734 d. 1795, sjå Austrheimb. III s 462). Bygselbrev frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs i 1801 på 18 merker fisk og 3 kanner malt (⅛ av Husa). Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på 1 tn korn og kunne avla 2,3 tn, og nokre år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 rdl.

Born: a. Lars Rasmussen f. 1804 d. 1862, seinare brukar (4). b. Ola Rasmussen f. 1811 d. 1894 g.1.g. 1835 m. Massi Gudmundsd f. 1811 Husa (gnr 168 bnr 6-1a) d. 1849, brukarar på Husa gnr 168 bnr 5-12.

Det var felles skifte etter Rasmus og Erika i 1815. Dei etterlét seg dei to sønene. Brutto formue i buet var på vel 117 rdl. Etter at skiftekostnadene på 24 rdl var trekte ifrå, var det igjen 93 rdl til arv. Det var om lag 7½ rdl i kontante pengar, sølvvarer for 24 rdl og koparvarer for 36 rdl, så det må ha stått bra til med dei. Av husdyr var det to kyr, fem sauer og fire lam. Innbuet elles talde m.a. ein skjerding, to gryter, ein spade, ein navar, seks ljåar, to kister med lås og jern, tre kister med lås, fire sildetønner, eit ølanker, tre vassbøtter, ei smørkinne, to eiketønner, ei sag, ein høvel og ei bakstehelle. Derimot er det ikkje nemnt korkje båt eller sjøreiskapar, kor det kan ha seg. Kanskje dei hadde vorte selde og salssummen utgjorde dei kontante pengane.

3. Olea Steffensd f. 1787 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-11a) d. 1849 g. 1815 m. Johannes Larsen f. 1779 Straume, Gulen d. 1863 (son av Lars Rasmussen f. 1755 d. 1831 og Magdeli Johannesd f. 1745 d. 1803, sjå Gulenb. III s 480). Dei fekk einast ei dødfødd dotter i 1816. Bygsel i 1816 frå Kristoffer Kahrs på 18 merker fisk og 3 kanner malt. Dei vart kårfolk i 1833, då sonen til dei førre brukarane tok over.

4. Lars Rasmussen f. 1804 på dette bruket (2a) d. 1862 g. 1833 m. Inga Rasmusd f. 1802 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-3a) d. 1863. Bygselbrev 1833 frå Kristoffer Kahrs. Matrikkelen i 1838 syner at Lars var brukarmann her med ny skyld 2 ort og 4 skilling (⅛ av Husa). I 1845 hadde Lars og Inga 3 storfe og 4 sauer, og sådde ⅜ tn havre og ¼ tn potet. I 1855 var dyretalet auka til 5 storfe og 5 sauer, medan utsådet var 1 tn havre og ¼ tn potet. Lars var med i det første formannskapet for Lindås herad frå 1837, og sat til 1839.

Born: a. Rasmus Larsen f. 1834 d. 1897, neste brukar (5). b. Mari Larsd f. 1837 d. 1916 g.1.g. 1865 m. Henrik Jonsen Opdal f. 1830 Balestrand d. 1879, brukarar i Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-17). c. Olina Larsd f. 1841 d. 1843. d. Ola Larsen f. 1844 d. 9 veker gl.

5. Rasmus Larsen f. 1834 på dette bruket (4a) d. 1897 g. 1862 m. Gjertrud Hansd f. 1822 Store Sleire, Masfjorden d. 1900 (dotter av Hans Eriksen f. 1787 d. 1853 og Dordi Hansd f. 1794 d. 1835, sjå Masfjordb. I s 215 ).

Born: a. Lars Rasmussen f. 1864 d. 5 dg gl. b. dødfødd dotter f. 1867.

Dei var brukarar her frå dei vart gifte, og fekk bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1865. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1½ kyrlag og utsådet ½ tn havre og ⅝ tn potet. Avlinga var på 2 tn havre, 3 tn potet og 140 våger høy. Det var 1,4 mål dyrka åker og eng, og 8,1 mål naturleg eng som kunne gje 130 våger høy og 5 våger halm. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka og gjødsla. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 54 øre. Rasmus og Gjertrud hadde i 1865 6 storfe og sådde ⅞ tn havre og 1 tn potet. Dei hadde tenaren Massi Olsd 26 år (Opphaugen gnr 168 bnr 13-18c). I 1875 var dyretalet 3 kyr, 2 kalvar og 13 sauar og utsådet 1 tn havre og 1¼ tn potet. Då budde Rasmus si søsterdotter Sofia Henriksd Midt-Tangen f. 1866 her. Næringa var fiske og jordbruk. Rasmus og Gjertrud må ha gjeve frå seg bygsla i 1887, i 1891 var dei kårfolk.

Det var skifte etter Rasmus og Gjertrud i 1900. Netto bu var på heile 3300 kr, m.a. 2400 kr i bankinnskot. På mannen si side var søstera Mari Larsd g.m. Hans Hansen Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-18) einaste arving, medan kona hadde fleire søsken i Austrheim og Masfjorden.

6. Ivar Martinussen f. 1864 Sulo (10a) d. 1930 g.1.g. 1886 m. Martina Larsd f. 1861 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-4b) d. 1887 (barselseng). Brukarar her frå 1887.

Barn: a. Ludvik Martin Ivarsen f. 1887 d. 1888.

7. Enkjemannen Ivar Martinussen (6) g.2.g. 1888 m. Gidske Olsd f. 1863 Husa (gnr 168 bnr 5-14a) d. 1907. Ivar fekk tinglyst skøyte på bruket i 1900 for 1000 kr frå Fedje Torvkompagni, men er nemnd som sjølveigar alt ved folketeljinga 1891. Han var fiskar og gardbrukar, medan ho ved sidan av å driva med hus- og dyrestell var skredderske.

Born: a. Malene Marie Ivarsd f. 1889 d. 1969 g. 1915 m. Ludvig Karlsen Berg f. 1892 (gnr 168 bnr 21-10h) d. 1966, budde på Berge gnr 168 bnr 49-1. b. Olai Ivarsen f. 1891 d. 5½ md gl. c. Ingeborg Magdalena Ivarsd f. 1893 d. 1966, flytta til Bergen 1911, g. der 1923 m. Erling Arthur Berntsen Borge f. 1896 Bergen d. 1967, sjømann, dei hadde m.a. sonen ca. Erling Borge f. 1923 d. 1972, busett på Stormark (gnr 172 gnr 5-4). d. Edvard Olai Ivarsen Husa f. 1895 d. 1972, neste brukar (8). e. Marta Maria Ivarsd f. 1897 d. 1898, 9 md gl. f. Abelona Maria Ivarsd f. 1899 d. 1968 g. 1925 m. Ragnvald Martinussen f. 1899 Husa (gnr 168 bnr 104-1a) d. 1974, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 54-1). g. Gudrun Imanda Ivarsd f. 1903 d. 1960 g. 1929 m. Lars Eriksen f. 1898 Husa (gnr 168 bnr 9-10d) d. 1963, budde på Husa (gnr 168 bnr 50-1).

Brurebilde Ragnhild og Edvard Husa (8) i 1928.
Familiebilde, frå venstre: Ingvar, Gerd, Ragnhild, Edvard og Erna Husa (8).

8. Edvard Husa f. 1895 på dette bruket (7d) d. 1972 g. 1928 m. Ragnhild Berntine Paulsd Kleppestø f. 1905 Askøy d. 1975. Ragnhild var søster til Johanna Husa (gnr 168 bnr 48-1) og Sanna Smines (gnr 169 bnr 19-3), sjå der. Skøyte til Edvard frå foreldra i 1931 for 3000 kr. Fiske og litt jordbruk var framleis næringsgrunnlaget, Edvard var m.a. medeigar i M/S «Lykken».

Born: a. Ingvar German Husa f. 1930 d. 1994, neste eigar (9). b. Paul Johan Husa f. 1931 d. 1942. c. Erna Ranveig Husa f. 1939 g. 1968 m. Nils Finne f. 1939 Bømlo, busette Flateby, Enebakk i Akershus, sjå òg Husa gnr 168 bnr 283. d. Gerd Anny Husa f. 1943 d. 1999 g. 1967 m. Bjørn Norstrand f. 1941 Kinn, Flora d. 2014, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 215).

9. Ingvar Husa f. 1930 på dette bruket (8a) d. 1994 g. 1955 m. Borghild Uthaug f. 1933 (gnr 168 bnr 67-2a) d. 2012. Skøyte her i 1975. Huset vart då skilt frå, sjå gnr 168 bnr 283, slik at det no berre er jorda igjen av bnr 12. Sjå elles Husa gnr 168 bnr 145-1, og Uthaugen gnr 168 bnr 67-4, der familien er ført. Borna Britt f. 1955, Einar f. 1957, Roald f. 1960, Paul f. 1965, Merete f. 1968 og Terje André f. 1978 er eigarar frå 2014. Vegadressa gjeld eit uthus på parsellen ved Sildevågen.


Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 12) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 11) • Neste bolk: Husmenn på Husa