Husa (Fedje gnr 168 bnr 9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
S118.168.9.CD 07 038.jpg
Husavågen med Smineset framme til venstre Uthaugen bak til venstre. Skulehuset på Kopper til høgre. Båtane «Hjorten» og «Bruvågen» til høgre. Frå 1930-talet.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 9
Adresse: Mulevegen 50

Husa er eit tidlegare gardbruk i Fedje kommune. Det som er att av eigedomen, vert nytta som fritidseigedom.

1. Marta Rasmusd f. Husa (gnr 168 bnr 11-1a) d. 1781? g. 1746 m. Bård Thomassen f. 1726 Krossøyna, Austrheim d. 1781 (son av Thomas Nilsen f. 1695 d. 1774, jf Austrheimb. III s 597). Bård var bror til Mari Husa gnr 168 bnr 5-9. Han var los ifølgje militære ruller. Marta er nemnd som nyleg avdød ved skiftet etter halvsøstera Magdeli i 1781, men er likevel oppført som enkje ved mannens skifte frå same dato. Dødsfallet hennar er ikkje ført i kyrkjeboka. Bård fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1746 på 1 pund 3 merker smør, eller ein firepart av Husa. Den vart frådelt gnr 168 bnr 7 (6). Dei delte garden vidare i 1778, då dottera Brita og mannen Jon fekk bygsla halvparten, som vart gnr 168 bnr 10.

Born: a. Mikkel Bårdsen f. 1747 d. ¾ år gl. b. Mari Bårdsd f. 1748 d. 1769. c. Marta Bårdsd f. 1751 d. 1801 g. 1783 m. Ola Jensen f. 1759 Stuberg (gnr 168 bnr 19-9h) d. 1837, budde der (11). d. Brita Bårdsd f. 1754 d. 1816 g. 1779 m. Jon Jakobsen f. 1753 Byrknes, Gulen d. 1824, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 10-1). e. Kari Bårdsd f. og d. 1757. f. Mikkel Bårdsen f. 1759 d. 3 veker gl. g. Magdeli Bårdsd f. 1761 d. 1764. h. Thomas Bårdsen f. 1762 d. 6 veker gl. i. Nils Bårdsen f. 1766 d. 1801, neste brukar (2).

Ved skiftet etter Bård i 1781 er enkja Marta og dei tre gjenlevande borna nemnde som arvingar. Buet sin formue var på vel 22 rdl, men då gjelda var 37 rdl, vart det ingenting i arv. Jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg kravde m.a. 19 rdl. I buet fanst m.a. fire kyr, ein liten seksæringsbåt, eit torskegarn, to sildegarn, tre vårsildgarn og eit småsildgarn. Av innbu var det elles ei øks, ein skjerding, to kister med lås, ei øltønne, to levertønner, ei eiketønne, to ambrar, ein ljå, ei stor gryte, ei mindre gryte, ein navar, tre ølkagger, eit spann, ti mjølkekoller og ein spade.

2. Nils Bårdsen f. 1766 på dette bruket (1i) d. 1801 g. 1787 m. Johanna Hansd f. 1758 Brotet (gnr 168 bnr 16-8a) d. 1833.

Born: a. Thomas Nilsen f. 1788 d. 1789, 5 dg gl. b. Nils Nilsen f. 1790 d. 1848 g. 1825 m. Mari Olsd f. 1794 Kolstad, Radøy d. 1848, budde på Dragøyna i Lygra, Lindås (jf Radøyb. III s 518 og Lygrab. s 230). c. Marta Nilsd f. 1793 d. 1839 g. 1823 m. Jon Johannessen f. 1784 Nordgulen d. 1833, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 1-17). d. Ingeborg Nilsd f. 1796 d. 1879 g. 1821 m. Lasse Jensen f. 1797 Sulo (6c) d. 1831, budde der (8).

Nils og Ingeborg fekk bygsel på 18 merker fisk og 3 kanner malt (⅛ av Husa) frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1787. Nils hadde truleg drive garden sidan foreldra døydde i 1781. Det vart nok vanskelege tider for dei, for då Nils døydde i 1801 måtte Johanna gje frå seg garden. Ved folketeljinga same året budde ho som fattig enkje på Ertsholmen (9). Året etter var ho tenar på Kremmarholmen. Ho døydde som legdslem på Grenda. Borna Nils og Marta vart oppfostra hjå morsøstera Sygni Hansd på Kopper (gnr 168 bnr 1-15), og Ingeborg hjå mora si halvsøster Abelona Jonsd på Husa (gnr 168 bnr 5-11).

3. Rasmus Jonsen f. 1779 Husa (gnr 168 bnr 10-1a) d. 1818 g.1.g. 1801 m. Anna Marie Mathiasd f. 1781 Krossøyna, Austrheim (sjå Grenda gnr 168 bnr 17-9c) d. 1815. Rasmus var søsterson til den førre brukarmannen Nils. Rasmus og Anna Marie fekk bygsel frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs i 1801 på 18 merker fisk og 3 kanner malt, tilsvarande ⅛ av Husa. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 kan ein sjå at garden hadde eit utsåd på 1 tn korn og kunne avla 2,3 tn, og nokre år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 rdl.

Born: a. Marta Rasmusd f. 1802 d. 16 veker gl. b. Judith Rasmusd f. 1804 d. 1882, fekk sonen ba. Ola Persen f. 1828 d. 3 md gl. med Per Fredriksen f. 1794 Krossøyna Austrheim d. 1870 (son av Fredrik Klementsen f. 1749 d. 1808 og Kristiana Persd f. 1758 d. 1834, sjå Holmen 12b og Austrheimb. III s 476 og 644). Per busette seg på Rongeværet i Austrheim og vart g.m. Kari Hansd f. 1811 Sævrøyna (sjå Stuberg gnr 168 bnr 19-17) d. 1885. Judith vart g. 1842 m. enkjemannen Erik Mikkelsen f. 1802 Børilden, Austrheim d. 1849 (kolera), budde der (jf Austrheimb. III s 529). Dei hadde dottera bb. Kristiana Eriksd Kopper gnr 168 bnr 1-22, og sonen bc. Mikkel Eriksen Krossøyna f. 1844, sjå Svena gnr 168 bnr 115. c. Ragnhild Rasmusd f. 1807 d. 1875, hadde sonen ca. Rasmus Larsen f. 1835 d. 1914 (g. 1868 m. enkja Anna Jørgine Jørgensd Hopland f. 1837 Bergen d. 1911, dei budde i 1900 som plassfolk på Hopland i Austrheim, sjå Austrheimb. II s 646) med Lars Askildsen f. 1815 Totland i Seim, Lindås d. 1876 (sjå Alenfitb. I s 665). Ragnhild vart g. 1848 i Bergen m. enkjemann og dikselmann (tønnemakar) Nils Svendsen f. 1791 Bergen d. 1857, budde der. Lars budde i 1865 som husmann på Spjutøyholmen i Lygra, Lindås (sjå Lygrab. s 265). d. Johanna Rasmusd f. 1809 d. 1852 som legdslem på Husa.

Det var skifte etter Anna Marie (kalla Mari) i 1815. Arvingane var enkjemannen Rasmus og dei tre døtrene. Buet si bruttoinntekt var på nesten 82 rdl. Den einaste gjelda var eit krav frå jordeigaren Kristoffer Kahrs på 66½ rdl. Etter at skiftekostnadene på nesten 15 rdl var trekte frå, vart det berre 1 ort 14 skilling igjen til arv. Dei hadde m.a. ei kiste med lås, tre sildetønner, ei gryte, halvparten i ein seksæringsbåt med segl, eit fiskesnøre, ein snørevad med anglar, eit småsildegarn, eit vårsildegarn, to kyr, tre sauer med lam og to vêrar.

Flyfoto 1988 med Husa i framgrunnen, Kopper i midten. Større bygningar frå venstre: kyrkja, bedehuset, butikken (svart tak), sjukeheimen (flatt tak), vasstårnet (rundt).
Foto: Aeronor

4. Enkjemannen Rasmus Jonsen (3) g.2.g. 1815 m. Rakel Mikkelsd f. 1789 Bergen d. 1849 (kolera). Rakel var dotter av Mikkel Monsen f. 1738 og Ingeborg Villumsd f. 1755, som budde i Bergen der begge døydde i 1795. Rakel vart så oppfostra på Bratshaug i Meland hjå Johannes Olsen f. 1761 og Brita Jakobsd f. 1738 (sjå Melandb. I s 139-140).

Born: a. Ananias Rasmussen f. 1816 d. som liten, då han ikkje er med i farens skifte 1818. b. Anna Marie Rasmusd f. 1817 d. 1842.

Rasmus sitt skifte vart halde i 1818. Arvingane var enkja Rakel, tre døtre av første ekteskap og ei av andre ekteskap. I buet var det ei gryte, ein spade, tre kister med lås, ei kiste utan lås, ei korntønne, ei kvige, fem sauer, eit lam, ein linevad med anglar, eit vårsildgarn, eit sildegarn og eit fiskesnøre med jernstein. Det vart ikkje meir enn vel 11 rdl i formue, medan gjeld og skiftekostnader kom opp i 26 rdl, slik at det vart eit underskotsbu.

5. Enkja Rakel Mikkelsd (4) g.2.g. 1819 m. Bertel Ingemårsen f. 1793 Byrknes d. 1836 (son av Ingemår Hansen f. 1767 d. 1800 og Brita Hansd f. 1770 d. 1813, jf Gulenb. III s 256). Bertel var bror til Ingemår Moldøyna (gnr 170 bnr 6-9).

Born: a. Brita Bertelsd f. 1820 d. 1856 g. 1854 Manger m. Rasmus Larsen f. 1830 Risnes, Radøy d. 1880 (jf Radøyb. I s 339), budde på Blom i Øygarden, han budde sidan der i Dåvøyna. b. Ingeborg Bertelsd f. 1823 d. 1909 g. 1850 m. Engel Hansen f. 1825 Muren (gnr 168 bnr 18-13b) d. 1901, brukarar der (14). c. Johannes Bertelsen f. 1826, matros, reiste til sjøs frå han var 16 år gl, kom til Buksnes, Vestvågøy i Lofoten i 1848, og melde flytting dit til Balstad i 1851, g. 1851 der m. Bergitte Johanna Jentoft Isaksd f. 1828 Vik i Buksnes d. 1896, budde der og på Skotnes i Buksnes. Ifølgje ei forklaring i 1861 i samband med at ho søkte fattigstønad, opplyste Bergitte at familien flytta til Bergen i 1856. I folketeljinga 1865 vart det skrive at «Manden har været fraværende paa Reise til Søe». Ho er oppført som daglønnarenkje i teljinga 1870, men truleg var Johannes reist bort, uvisst kvar. Ekteskapet oppløyst ved dom i 1883. Bergitte g.2.g. 1889 Bergen m. em. Johan Stefanus Kristiansen f. 1826 Bergen d. 1895, bøkkersvein, busette der. d. Rasmus Bertelsen f. 1829, utflytta til Bergen i 1849, fekk der dottera da. Anne Marie Rasmusd f. 1850 med Karen Gurine Olsd Ølnes f. 1817 Bergen, han er då nemnd som sjøfarande f.t. buande i Bergen – seinare lagnad ukjend.

Skiftet etter Bertel i 1837 (han drukna på fjorden rett før jul året før) syner at det var dårlege tilstandar. Gjelda kom opp i heile 62 spd, m.a. 22 spd til jordeigaren Kristoffer Kahrs. Formuen var berre vel 4 spd. Så det vart ingen arv på dei etterlatne, som var enkja Rakel og dei fire borna. Dei hadde m.a. to gryter, ein skjerding, ein høvel, ei kiste, eit skap, ei måltønne, ei halvtønne, ein stamp, ei sildetønne, ei trantønne, ein fjerding, tre ambrar, seks mjølkeringar, tre vassbøtter og ein spinnerokk. Av husdyr var det berre ein sau. Dei hadde ei halv tønne med havre og det same med potet i såkorn. Av sjøreiskapar var det ein båt, ein linevad og eit sildegarn.

Rakel må likevel ha drive garden saman med borna etter mannens død og til 1848, då ho fekk kår av neste brukar. I 1845 hadde ho 3 storfe og 4 sauer, og sådde ⅜ tn havre og ¼ tn potet. Av matrikkelen 1838 går det fram at ny skyld var 2 ort og 4 skilling (⅛ av Husa).

6. Mons Jørgensen f. 1824 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-16b) d. 1894 g.1.g. 1848 m. Anna Hansd f. 1824 Langedalen (gnr 169 bnr 5-4b) d. 1849 (kolera). Ingen born. Bygselbrev 1848 frå Kristoffer og Arnold Kahrs på 2 ort 4 skilling, eller ⅛ av Husa. Både Anna og den førre brukarkona, Rakel, døydde altså i koleraepidemien vinteren 1849. Ved skiftet etter Anna i 1849 var det eige for 25 spd. Gjelda var på 31 spd, så det vart underbalanse i buet. Dei hadde m.a. ei sølje, tre ringar, ein spinnerokk, eit åkle, to kister med beslag, ein spade, tre fjerdingar, tre sildetønner, to halvtønner og to garnkagger. Husdyra var ei ku og ein sau med lam. Av sjøreiskapar var det ein seksåra båt med segl, eit gammalt vårsildegarn, ein linevad, to bolkar i ein mortevad og eit fiskesnøre.

7. Enkjemannen Mons Jørgensen (6) g.2.g. 1849 m. Agata Olsd f. 1820 Kopper (gnr 168 bnr 2-10b) d. 1856. Dei hadde i 1855 5 storfe og 8 sauer, og sådde 1 tn havre og 1 tn potet. Mons var med i formannskapet i Lindås herad frå 1852 til 1855.

Born: a. Anna Monsd f. 1850 d. 1916 g. 1876 m. Bendik Rognaldsen f. 1846 Masfjorden d. 1886, budde på Molland (sjå Masfjordb. I s 415). b. Jørgina Monsd f. 1851 d. 1941 g. 1888 m. em. Johannes Johannessen f. 1842 Vallersneset på Radøy d. 1898, budde på Fonnebost i Lindås (sjå Radøyb. I s 105, og Lindåsb. III s 454). c. Olsina Monsd f. 1853 d. 1935 g. 1884 Fitjar m. skreddarsvein Lars Elias Olaussen Larsen f. 1863 Bukkøy i Fitjar d. 1929 (jf Fitjarb. I s 319), budde i Bergen. Han reiste til USA i 1906, bustad Helena i Montana, var heime på besøk i 1910, og kom heim for godt eit par år etterpå. Han døydde i Møvika i Fjell. d. dødfødd son f. 1855.

Ingebrigt Olai (8g), seinare kalla Ole Monsen.

8. Enkjemannen Mons Jørgensen (6, 7) g.3.g. 1858 m. Dortea Persd f. 1830 Langedalen (gnr 169 bnr 5-5a) d. 1904. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 16/10 kyrlag og utsådet ¾ tn havre og ½ tn potet. Avlinga var på 2½ tn havre, 2¼ tn potet og 96 våger høy. Det var 1,5 mål dyrka åker og eng, og 9,8 mål naturleg eng som kunne gje 87 våger høy og 7 våger halm. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka og gjødsla. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 43 øre, altså mindre enn dei andre bruka på Husa. Dyretalet ifølgje folketeljinga 1865 var 7 storfe og 5 sauer, og i 1875 1 okse, 1 ku, 1 kalv og 4 sauer. I 1865 var utsådet 1 tn havre og 1 tn potet, og i 1875 1 tn havre og 1¼ tn potet. Talet på storfe var altså gått mykje ned. I tillegg til jordbruk dreiv dei med fiske. Dei må ha gjeve frå seg bygsla omkring 1888. I 1891 var dei kårfolk her.

Born: a. Anna Maria Monsd f. 1858 d. 1876. b. Katrina Monsd f. 1860 d. 1884. c. Arne Monsen f. 1862 d. 1887. d. Petrikka Martina Monsd f. 1864 d. 1888. e. udøypt barn f. 1867 d. 5 veker gl. f. Martinus Monsen f. 1869 d. 1951 g. 1893 m. Andrea Olsd f. 1874 Stormark (gnr 172 bnr 12-1b) d. 1960, budde der (gnr 172 bnr 33-1). g. Ingebrigt Olai Monsen f. 1872 d. 1961 g. 1894 m. Anna Olsd f. 1861 Byrknes, Gulen d. 1938, budde på Husa (gnr 168 bnr 63-1). h. Ananias Martin Monsen f. 1876 d. 1898. Dei fire borna a., b., d. og h. døydde alle av den spedalske sjuka. Arne (c.) omkom på sjøen, sjå Kopper gnr 168 bnr 4-4.

Frå venstre Lovise (10e), Elisabeth (9b) og Jørgine (9a), søstrer frå Husa.

9. Marie Larsd f. 1861 Langedalen (gnr 169 bnr 5-6a) d. 1934 g.1.g. 1883 m. Ludvik Mathiassen f. 1857 Store Kvernøy, Gulen d. 1889. Ludvik var bror til Ingeborg Grenda (gnr 168 bnr 17-14) og Nils i Sulo (gnr 169 bnr 56-1), sjå der. Marie og Ludvik må ha komme her på Husa i 1888, utan at bygselbrev vart tinglyst. Først budde dei i Langedalen, der alle borna er fødde.

Born: a. Jørgine Severine Ludviksd f. 1883 g. 1903 m. Johannes Olai Kristoffersen f. 1879 Tjeldstø, Øygarden d. 1904 lungebet. (son av Kristoffer Kristoffersen f. 1847 og Ragnhild Karina Olsd f. 1852), born: aa. Karstein Kristoffer Johannessen f. 1903 d. 1970, vaks opp her hjå mormora, reiste til mora i USA i 1920, budde i Brooklyn, New York, g.m. Elsie Franklin f. 1908 New Jersey d. 1995, busette der. ab. Emma Augusta Johannesd f. 1904 d. 1906. Jørgine reiste til USA i 1906, budde i Brooklyn, g.2.g. m. Georg Hedberg f. Uppsala i Sverige, sjåfør, ho var heime på besøk i 1923. b. Malena Elisabeth Ludviksd f. 1885 d. 1975 g. 1912 m. Martin Gudmundsen f. 1885 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-3j) d. 1955, budde der (gnr 167 bnr 4-1). c. Arne Bertin Ludviksen f. 1887, reiste til Brooklyn, USA, døydde i ulykke rundt 1920, ugift.

10. Enkja Marie Larsd (9) g.2.g. 1890 m. Erik Andreassen f. 1862 Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1c) d. 1944. Tinglyst skøyte 1897 frå Fedje Torvkompagni for 900 kr, men Erik er nemnd som sjølveigar alt i 1891. Næringa var fiske og jordbruk. Dessutan dreiv Marie med skreddarsøm for andre ifølgje folketeljinga 1891.

Born: a. Karen Ragnhild Eriksd f. 1891 d. 1892. b. Peder Andreas Eriksen f. 1893 d. 1963, neste brukar (11). c. Lars Kristoffer Eriksen f. 1896 d. 1897 (meslingar). d. Lars Severin Eriksen f. 1898 d. 1963 g. 1929 m. Gudrun Ivarsd Husa f. 1903 (gnr 168 bnr 12-7g) d. 1960, bygde på frådelt jord (gnr 168 bnr 50-1). e. Regina Lovise Eriksd f. 1901 d. 1949, utvandra 1923 til Brooklyn i New York, g. 1924 m. Bjarne Koppen f. 1900 (gnr 168 bnr 30-1i) d. 1992. f. Edvin Martin Eriksen f. 1905 d. 1907 (fall i ein brønn og drukna).

Sina (11) var ein flink «dyredoktor». Til venstre Kasberg Husa (bnr 7-17g). Huset til Karl Gudmundsen Husa bak (s 135).

11. Andreas Eriksen f. 1893 på dette bruket (10b) d. 1963 g. 1918 m. Jensine Amalie Jensd Grov f. 1898 Askvoll i Sunnfjord d. 1995 (dotter av Jens Villumsen f. 1868 d. 1897 og Anne Marie Knutsd f. 1861 d. 1938, sjå Askvollb. IIB s 508). Andreas fekk skøyte i 1929 for 2300 kr og kår til foreldra. Samstundes vart halvparten av jorda skøytt til broren Lars, sjå gnr 168 bnr 50. Andreas var fiskar, medeigar i M/B «Rapp».

Born: a. Astrid Valborg Eriksen f. 1918 d. 2004 g. 1946 m. fiskar Albert Johan Olsen Hindøy f. 1912 Askvoll d. 1995, busette der (sjå Askvollb. IIB s 678). b. Edvard Magnus Eriksen f. 1920 d. 2011 g. 1947 m. Minny Aud Krog f. 1918 Lenvik, oppvaksen Målselv i Troms d. 1983, han var fiskar på Fedje der dei to eldste borna er fødde, så tollbetjent i Florø ei tid, seinare lagerarb. i Bergen. Born: ba. Evy Grethe Krog f. 1947, bustad Stavanger, seinare Florø. bb. Helge Edmund Eriksen f. 1949 d. 1989, bustad Florø. bc. Arild Krogh Eriksen f. 1953, bustad Vestnes, sidan Florø. bd. Eirik Krog Eriksen f. 1957, bustad Florø. c. Arnfrid Eriksen f. 1923 d. 2012, neste eigar (12). d. Jon Husa f. 1926 d. 2016 g. 1952 m. Gerd Uthaug f. 1929 (gnr 168 bnr 66-1a), bygde på Svena (gnr 168 bnr 120). e. Selma Eriksen f. 1929 g. 1952 m. Karstein Johannes Grønås f. 1929 Austrheim d. 2016, budde der, seinare i Bergen (jf Austrheimb. III s 159). f. Sigmund Georg Eriksen f. 1935, elektrikar, g. 1955 m. Torborg Uthaug f. 1935 (gnr 168 bnr 67-2b), budde først i Bergen, så til Seattle, Washington i USA 1965, dreiv Lunde Electronics. g. Arne Johan Husa f. 1939 g. 1969 m. Bjørg Hestad f. 1940 Bergen, bustad Ostereidet i Lindås, Alver kommune. Sjå òg Husa gnr 168 bnr 398.

12. Arnfrid Eriksen f. 1923 på dette bruket (11c) d. 2012, sjukepleiar, g. 1952 m.Johannes Reigstad f. 1924 Runnhovda, Osterøy, busette der (sjå Hamreb. II s 384). Skøyte her i 1976. Huset vart brukt som feriebustad.

Born: a. Hallvard Martin Reigstad f. 1952, bustad Runnhovda, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 442). b. Jens Andreas Reigstad f. 1953, neste eigar (13). c. Kari Reigstad f. 1955 d. 2022, bustad Hjelmås i Lindås, Alver kommune, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 453), ligg på Svena. d. Åshild Reigstad f. 1960, bustad Åsane i Bergen, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 452), ligg på Svena. e. Johanna Reigstad f. 1964, bustad Runnhovda, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 449), ligg på Svena.

13. Jens Reigstad f. 1953 (jf 12b) g. 1990 m. Margareth Drønen f. 1958 Austevoll (sjå Austevollb. II s 473), bustad Runnhovda. Han fekk skøyte i 2009 på bnr 9, som vert brukt som fritidseigedom.

           Barn: a. Rakel Drønen Reigstad f. 1990 samb.m. Christer Mjelstad f. 1988 Åsane i Bergen (jf Muren gnr 168 bnr 360-4b), bustad Åsane.


Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 9) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 8) • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 10)