Hustad (Fedje gnr 172 bnr 33)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hustad
S506.172.33.CD 07 043.jpg
Huset til bnr 33. Her voks det opp femten born.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 33

Hustad er eit tidlegare bruk i Fedje kommune.

1. Andrea Olsd Storemark f. 1874 (gnr 172 bnr 12-lb) d. 1960 g. 1893 m. Martin Monsen f. 1869 Husa (gnr 168 bnr 9-8f) d. 1951. Bygsel på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 2 i 1927. Dei sette opp huset då dei gifta seg. Det vart flytta hit frå Masfjorden. Rundt 1900 vart det påbygd. Dei hadde husdyr og dyrka litt potet. Martin var fiskar. I ungdommen var han sjømann, han var i Liverpool ved folketeljinga 1891.

Born: a. Mons Bertin Storemark f. 1894 d. 1969 g. 1917 m. Gusta Gjertsd Oddekalv f. 1891 Solund d. 1958, budde på Husa (gnr 168 bnr 10-8). b. Dortea Marie Storemark f. 1896 d. 1981 g. 1914 m. Olaf Gjertin Nilsen Tvedt f. 1889 Askøy d. 1977, bustad Bergen, flytta til Askøy som pensjonistar. c. Olina Bessina Alvilda Storemark f. 1897 d. 1986 g. 1919 m. Mons Ingvald Ananiassen Vågenes f. 1897 Radøy d. 1964 (jf Radøyb. II s 153), arb. kinoen, bustad Bergen, seinare Åsane (sjå Åsaneb. V s 571). d. Alma Katrina Storemark f. 1900 d. 1980 g. 1929 Bergen m. Kjerulf Leonard Dyrlie f. 1897 Bergen d. 1975, tømrar/snikkarmeister, budde der. e. Monrad Andreas Stormark f. 1902 d. 1995, sjømann og anleggsarb., g. 1929 m. Alma Natalie Dalstrøm f. Nilsen 1887 Asker d. 1973, bustad Bergen. f. Leonora Mathilde Storemark f. 1904 d. 1933 g.m. hovmeister Jacob (Jack) Emanuel Chramer f. 1900 Oslo d. 1971, budde der. g. Jakob Oliver Storemark f. 1905 d. 1959 g. 1932 m. Magda Rasmussen f. 1905 Bergen d. 1985, bygde på Stormark (gnr 172 bnr 96-1). h. Aslaug Pauline Storemark f. 1907 d. 1995 g. 1931 m. Arnold Jesper Hagerup Jensen f. 1902 Dverberg, Andøy i Nordland d. 1952, sjømann, kokk, bustad Bergen. i. Margit Johanna Storemark f. 1908 d. 2011 g. 1937 m. Harald Martin Engelsen f. 1908 Bergen d. 1979, transportarb., busette der. j. Dagny Alette Storemark f. 1909 d. 1995 g. 1931 m. Elling Johan Svanevik f. 1910 Bergen d. 1990, transportarb., budde der. k. Ågot Amanda Storemark f. 1911 d. 1999 g. 1931 m. Bernt Martin Andreassen Skår f. 1908 Åstveit i Åsane, Bergen d. 1976 (jf Åsaneb. V s 105), sjåfør, bustad Bergen. l. Petra Lorentze Storemark f. 1914 d. 1987 g. 1939 m. Alf August Bentsen f. 1914 Bergen d. 1991, drosjesjåfør, busette der, son la. Tommy Bentzen f. 1940 d. 2021, sjå Stormark gnr 172 bnr 95-6. m. Arne Martin Stormark f. 1915 d. 1999, drosjesjåfør, g. 1935 m. Gunhild Andrea Sylta f. 1909 Radøy d. 1993 (jf Radøyb. I s 391), bustad Bergen. n. Arthur Johan Storemark f. 1918 d. 2010, mekanikar, g. 1949 m. Dagny Walstad f. 1913 Holm, Ullensaker d. 2001, bustad Bærum. Ho vart g.1.g. 1939 m. Odd Walstad f. 1913 Nes på Romerike d. 1947, bustad Jessheim i Ullensaker. o. Astrid Magnhild Storemark f. 1921 g.m. Arthur Lewerenz f. 1919 Neumünster, Tyskland, bustad Hamburg.

Margit (li) fekk skøyte på dette bruket i 1935. Arthur (1n) fekk skøyte på huset i 1950 og jorda i 1952. Sjå òg gnr 172 bnr 12-4.

2. Bernhard Stormark f. 1924 (gnr 172 bnr 22-1 f) d. 2001, fiskar og elektrikar, g. 1950 m. Berta Fjeldheim f. 1922 Stormark (gnr 172 bnr 3-2d) d. 1991, arb. Bjelland. Dei budde først på Dale i Vaksdal. Skøyte her i 1956.

Barn: a. Rita Stormark f. 1950 g. 1971 m. Kjell Moldøen f. 1950 Svena (gnr 170 bnr 15-lb), bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 140). Ho fekk skøyte på bnr 33 i 2001. Tomta med huset vart frådelt i 2003, sjå gnr 172 bnr 210.


Fedje komm.svg Hustad (Fedje gnr 172 bnr 33) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solstrand (Fedje gnr 172 bnr 32) • Neste bolk: Strand (Fedje gnr 172 bnr 34)