Sørheim (Fedje gnr 172 bnr 95)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørheim
S510.172.95.CD 08 035.jpg
Edith Herøy i butikken på Stormark (bnr 95).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 95
Adresse: Stormarkvegen 353

Sørheim er ein bustadeigedom, tidlegare med forretningslokale og no bruk som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Oswald Berg f. 1912 d. 2001, sjå Steinborg gnr 168 bnr 29-2, fekk i 1935 skøyte på tomt frådelt gnr 172 bnr 11 same året. Han sette opp eit hus her, og starta landhandel.

2. Sigvald Stormark f. 1914 (gnr 172 bnr 8-lb) d. 1996 g.l.g. 1944 m. Borghild Hove f. 1913 Feios, Vik i Sogn d. 1975. Skøyte her i 1940. Dei dreiv handelen vidare. Frå 1943 til 1947 dreiv dei forretningen til Alfred Børhaug (gnr 168 bnr 60-1). Dei flytta til Lindås i 1947, der Sigvald arb. som møbelsnikkar, seinare budde dei i Åsane i Bergen, der dei dreiv daglegvareforretning (jf Åsaneb. II s 338).

Born: a. Karin Stormark f. 1944 g. 1967 m. Svein Erik Fauske f. 1943 d. 2019, bustad Bergen. b. Ledvin Stormark f. 1946 g.m. Alvhild Marie Sværen f. 1950 d. 2017, bustad Fana i Bergen. c. Jenny Solfrid Stormark f. 1951 d. 2021, bustad Bergen.

Sigvald g.2.g. m. enkja Oddny Sigfrid Ulveseth f. 1916 Hjelmeland, Gaular i Sunnfjord d. 1999 (jf Gaularb. VIA s 368). Ho vart g.1.g. 1939 m. Nils Olai Ulveseth f. 1915 Fjell d. 1970, budde då der (sjå Fjellb. II s 201).

3. Elisabeth Nordby f. 1906 d. 1973, sjå Stormark gnr 172 bnr 97-1, fekk skøyte her i 1943 saman med broren Ludvik Herøy f. 1914 d. 1990, jf Stormark gnr 172 bnr 107-1. Det var ho som heldt fram med drifta av butikken.

4. Leif Herøy f. 1925 d. 1995, sjå Husa gnr 168 bnr 90-2, fekk skøyte her i 1949. Han dreiv butikken til 1962, då han vart poststyrar på Fedje. Sidan vart det slutt på butikkdrifta på Stormark.

5. Herborg Koppen f. 1920 (gnr 168 bnr 4-5j) d. 2009 g. 1954 m. Knut Løvaas f. 1916 Konnerud i Skoger, Drammen d. 1992, busette der, fekk skøyte her i 1964, og brukte huset som feriebustad.

Born: a. Kari Dorthea Løvaas f. 1956 g. 1980 m. Trond Haaland f. 1956 Trondheim, bustad Drammen. b. Terje Koppen Løvaas f. 1957 g.m. Kathrine Kirkevaag f. 1965 Kristiansund, bustad Drammen.

6. Tommy Bentzen f. 1940 Bergen (sjå Stormark gnr 172 bnr 33-1la) d. 2021 g. 1959 m. Else Knudsen f. 1938 d. 2018, bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst. Han fekk skøyte her i 1987. Skøyte 1988 på tilleggsareal bnr 159 frådelt gnr 172 bnr 27 i 1982. Huset vart brukt som feriebustad.

Born: a. Trond Bentsen f. 1959, bustad Åsane i Bergen. b. Richard Bentzen f. 1961, neste eigar (7). c. David Bentzen f. 1965 d. 2021, bustad Bergen.

7. Richard Bentzen f. 1961 Bergen (jf 6b) g. 1987 m. Marianne Sivertsen f. 1958 Bergen, busette der. Skøyte i 2020. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Martin Bentzen f. 1988, bustad Bergen. b. Tine Bentzen f. 1991, bustad Bergen. c. Hanne Bentzen f. 1994, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Sørheim (Fedje gnr 172 bnr 95) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stormark-parsellane (Fedje gnr 172 bnr 40–92) • Neste bolk: Knatten (Fedje gnr 172 bnr 96)