Berglund (Fedje gnr 172 bnr 107)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berglund
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 107
Adresse: Fyrsundvegen 34

Berglund er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Ludvik Herøy f. 1914 Stormark (gnr 172 bnr 14-1f) d. 1990 g. 1941 m. Solveig Børnes f. 1919 Hyllestad i Sogn d. 2006 (dotter av Sivert Karlsen Skorpen f. 1887 d. 1974 og Oline Olsd f. 1877 d. 1957, søster til Bernt Olsen Stormark gnr 172 bnr 5-3). Foreldra til Solveig budde her frå 1950, sjå òg Hyllestadb. I s 384. Skøyte på tomt frådelt gnr 172 bnr 14 i 1946. Huset vart bygd same året. Ludvik var fiskar. Solveig arb. Bjelland i vel 6 år, og som intervjuar for Statistisk Sentralbyrå i 8 år.

Born: a. Olav Johan Herøy f. 1942 d. 2018, neste eigar (2). b. Sigleiv Hærøy f. 1944 d. 2007 g. 1966 m. Ada Tine Lie f. 1946 Bergen, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 138-1). c. Olaug Sonja Herøy f. 1951, sosionom, bustad Trondheim, var g.1.g. 1969 m. Erling Jenssen f. 1950 Trondheim, leiar av kjøttbedrift, g.2.g. 1991 m. Rolf Otto Hansen f. 1948 Mo i Rana, skipper. d. Marion Herøy f. 1953 d. 2016, hjelpepleiar, bustad Bergen.

Fiskarfagskulen 1938/1939. Bak frå venstre: Johannes Koppen, Asbjørn Mongstad, Ingvald Sulen, Odd Rongevær, Olai Mongstad, Karl Moldøy, Petter Moldøy, Sigurd Sulen. Framme frå venstre: Gudmund Bergtun, Einar Ingvaldsen, Karl Tangen, lærar, Alf Robert Husa, Alfred Storemark, Olav Kongestøl, Ludvik Herøy.

2. Olav Herøy f. 1942 på dette bruket (la) d. 2018, stuert, g. 1966 m. Elsa Jørgine Petrine Andersen f. 1944 Voie i Buksnes,Vestvågøy i Lofoten, arb. Posten. Skøyte her i 1968. Dei bygde på huset same året, slik at det vart to husvære. Skøyte 1969 på jorda til gnr 172 bnr 14. Dei har drive med sauer.

Born: a. Ove Herøy f. 1966, bustad Haugesund, seinare Karmøy, g.m. Elise Medhaug f. 1979 Karmøy. Ekteskapet oppløyst. b. Leif Arild Herøy f. 1967, maskinist, var g.m. Marte Ravn Einarsson f. 1970 Stavanger, bustad Åsane i Bergen, g. 2022 m. Gry Anette Øvstegård, Alvermarka, Lindås, f. 1972. c. Stian Herøy f. 1971 g. 1995 m. Sandra Probst f. 1972 Dortmund i Tyskland, busette i Bergen, seinare Stormark gnr 172 bnr 127.


Fedje komm.svg Berglund (Fedje gnr 172 bnr 107) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nordby (Fedje gnr 172 bnr 97) • Neste bolk: Hagetun (Fedje gnr 172 bnr 114)