Fjærdal (Fedje gnr 172 bnr 14)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjærdal
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 14

Fjærdal er ein eigedom i Fedje kommune.

Johan og Lovise Herøy (bnr 14-1).

1. Lovise Katinka Knutsd f. 1885 Hernar, Øygarden d. 1965 g. 1904 m. Ole Johan Martinussen Herøy f. 1883 Masfjorden d. 1958 (son av Martinus Einarsen f. 1849 d. 1923 og Olina Larsd f. 1846 d. 1908, sjå Masfjordb. I s 292 og Mykingb. s 298). Lovise var søster til Mariane Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-16), sjå der, og halvsøster til Ragna Olsd Stormark (gnr 172 bnr 7-2). Lovise og Johan budde først i Masfjorden, der dei to eldste borna er fødde. Dei sette opp hus, og fekk skøyte i 1916 på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 2 same året. Johan hadde posten (frå 1928) og telefonen på Stormark, ved sida av fisket. Dei hadde òg eit par kyr og nokre sauer.

Born: a. Klara Oliva Elisabeth Herøy f. 1905 d. 1994 g. 1934 Bergen m. Svein Boge f. 1897 Fusa d. 1985, sjømann, budde der. b. Elisabeth Herøy f. 1906 d. 1973, neste eigar (2). c. Margit Kristina Herøy f. 1908 d. 1999 g. 1947 Bergen m. Ludvig Martin Simonsen f. 1898 Bergen d. 1967, busette der, han arb. skiferlager, ho flytta til Frekhaug, Meland i 1989 (sjå Melandb. II s 518). d. Olav Johan Herøy f. 1910 d. 2001, seinare eigar (3). e. Gunhild Lovise Herøy f. 1911 d. 1996 g. 1936 m. Mikal Fjeldheim f. 1911 Stormark (gnr 172 bnr 3-2a) d. 1998, busette der (gnr 172 bnr 21-2). f. Ludvik Andreas Herøy f. 1914 d. 1990 g. 1941 m. Solveig Børnes f. 1919 Hyllestad i Sogn d. 2006, busette på gnr 172 bnr 107-1. g. Solveig Regina Herøy f. 1916 d. 2007 g. 1939 m. Arthur Wikum f. 1914 Kristiansund d. 1977, brannformann, bustad Bergen. h. Olga Katinka Herøy f. 1918 d. 1972 g. 1942 m. Magnus Berg f. 1910 (gnr 168 bnr 21-11f) d. 1968, budde der (13). i. Ingrid Marianne Herøy f. 1920 d. 2011 g. 1941 m. Einar Eckholm f. 1920 Austrheim d. 1998, bygde på Svena (gnr 168 bnr 115). j. Leif Johan Herøy f. 1922 d. 1925. k. Leif Johan Herøy f. 1925 d. 1995 g. 1954 m. Edith Husa f. 1926 (gnr 168 bnr 90-1d) d. 2004, busette der (2). l. Gerd Lillian Herøy f. 1927 g. 1948 m. Ole Kristoffer Krogsrud f. 1927 Vaksdal d. 1992, busette der, begge møllearb. (jf Vaksdalb. I s 579).

2. Elisabeth Herøy f. 1906 på dette bruket (lb) d. 1973 g. 1926 m. Marinius Nordby f. 1903 Balsfjord i Troms d. 1981 fekk skøyte her i 1927 for 2000 kr. Dei budde først i Bergen, og flytta hit i 1931. Dei skøytte bruket til bror hennar Olav i 1936, og kjøpte seinare Stormark gnr 172 bnr 13, sjå der (2). Dei bygde huset på frådelt tomt gnr 172 bnr 97-1, der familien er ført.

3. Olav Herøy f. 1910 på dette bruket (1d) d. 2001, sjømann, g.l.g. 1934 m. Kristine Boge f. 1905 Fusa d. 1976 (søster til Svein g.m. la ovanfor).

Adoptivbarn: a. Eva Herøy f. 1944 Bergen g. 1965 m. Nils Johan Andreassen f. 1937 Bergen d. 2020, sjåfør, busette der. Eva fekk i 1969 skøyte på tomta med huset frådelt dette bruket med nytt gnr 172 bnr 127 Fjærhaug, sjå der.

Enkjemannen Olav Herøy g.2.g. m. enkja Karen Valderhaug f. 1916 Riksfjord, Aukra i Romsdal d. 1997, busette der (sjå Aukrab. II s 322).

4. Etter at tomta med huset var frådelt i 1969, fekk brorsonen til nr 3 Olav Herøy f. 1942 Stormark (gnr 172 bnr 107-la) d. 2018 skøyte på jorda med uthus og naust til dette bruket. Sjå elles gnr 172 bnr 107-2.


Fedje komm.svg Fjærdal (Fedje gnr 172 bnr 14) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bakke (Fedje gnr 172 bnr 13) • Neste bolk: Fjørøen (Fedje gnr 172 bnr 15)